Nyheter
Svein Hatløy for Arkitektnytt:

Framtid og arkitektundervisning

Arkitektnytt gav meg i oppdrag å referera frå konferansen med utgangspunkt i innlegget til Per Olaf Fjeld som president i EAAE, det europeiske sambandet for arkitektundervising. Eg visste ikkje kor enkelt det skulle verta, nettopp med det utgangspunktet. Han visste kva han ville seia, og han sa det tydeleg.


Deltakarane med Per Olaf Fjeld på fyrste rad i midten, og Svein Hatløy til høgre i same rad. Foto: CAFA.
Open Form
Programmet til EAAE/Per Olaf, likeverd mellom skulane, sto fram som ei demokratisk målsetjing, og eit viktig skulepolitisk program internasjonalt, knyta til sjølvstende og identitet. Men, dette kan like godt underbyggja konservering som utvikling. Me fekk ikkje høyra om nye konsept for bygging i vår tid, med folkeauken og den omfattande folkeflyttinga, ikkje utover allereie forelda praksis og blind tru på meir teknologi.

Ein konferanse om framtida og arkitektutdanning er svært viktig. Som ein start var det viktig å halda han i Midt-riket, i midten av globaliseringa, med kollegar som trur at arkitektskular er viktige for ein arkitektur som skal rå med miljøet vårt, og vil sikta inn det problemet me står oppe i.
Kva arkitekthøgskulen BAS sjølv gjer med dette, fekk eg presentera i mitt innlegg: Fyrst gjeld det «personen (arkitekten og klienten) og språket (kva ho og han uttrykker)». Så gjeld det «subjektet før objektet»: å utdanna arkitektar som, på ny og sjølvstendig, kan formulera oppgåvestillinga i si framtid og praksis, ikkje måtta læra dei gamle løysingane som har vist seg å ikkje duga på sikt. Arkitektane frå i går og i dag har korkje hatt løysingane eller visjonane. Ein kritisk arkitektskule kan. BAS har reist til India, Japan, Taiwan og Kina for å læra om «det store talet», og har der vore bedt om å halda kurs og førelesingar om BAS sine tilnærmingsmåtar, på seks arkitektskular, den sjuande har invitert. Open Form er den arkitekturen som kan rå med Det Store Talet.
SH
Per Olaf Fjeld og underteikna var dei einaste frå Noreg og Norden, i ei forsamling på 359 registrerte delegatar, pluss eit utal mange uregistrerte, alle oppvarta og guida av eit stort T-skjorte-uniformert korps av studentar og lærarar frå vertskapet, arkitektavdelinga ved det kinesiske sentrale kunstakademiet (Beijing) (CAFA). CAFA sto for konferansen saman med det tekniske universitetet i Delft, eit kjempeopplegg realisert på CAFA sin nokså nye campus – framifrå og imponerande gjennomført.

Gåvedryss
105 føredrag var utvalde gjennom kvalifiseringsrundar (BAS hadde det einaste frå Norden). Per Olaf Fjeld, EAAE, var ein av dei 11 særskilt innbedne til hovudførelesing (key note lecture). Føredraga vart delt ut i bokform på opningsdagen.

Alle deltakarane vart overdryssa med gåver slik det berre i Kina kan oppvisast, fagpublikasjonar i mengder, T-skjorter, og minnesteinar i tegl, eigenhendig signerte og nybrende i bål under opningsseremonien. (Keramikkavdelinga gav oss litt ekstra bagasjevekt.) Dertil lunsjar og bankettar, og turar til Den forbodne byen, Den store muren, og til Olympiaparken, under bygging - det heile iscenesett under kosmisk lys frå kinesisk historie og kultur, og den nære føreståande olympiaden.

Utveksling
Politisk: Kina har eit offentleg sentralvedtak på utveksling.
Innlegget til Per Olaf, innbeden som president i EAAE:
• Det er staden som gjev identiteten, den einskilde arkitektskulen får sin identitet rotfesta til staden og klimaet. Dette kan inspirera den skapande kapasiteten i ein arkitektskule.
• Det er ikkje noko mål at alle arkitektskulane i Europa skal verta like. Bologna-erklæringa må ikkje mistydast på dette. For universiteta og høgskulane i Europa er målet jamstelling på eit høgt nivå, at dei skal verta likeverdige, at ein skal kunna vita kva den einskilde skulen står for, og at fri flyt skal vera mogeleg. Siktemålet er mangfald.
• 100 europeiske arkitektskular er innmelde i EAAE. Det er nesten halvparten av dei registrerte skulane i Europa. Alle dei tre norske er med, AHO, NTNU og BAS.

Identitet
Programutsegna til EAAE-president Per Olaf Fjeld står sentralt i denne prosessen. Kvar arkitektskule må ha sin identitet. Arbeidet i samanslutninga er å føra skulane saman under dette programmet.

Her i Beijing, då han tala til arkitektskulane frå heile verda, var dette hovudpunktet. Arkitektutdanninga, som arkitekturen, må ha identiteten gjennom eit romleg utgangspunkt, det kan ikkje vera uavhengig av staden.

– Stedsidentitet, ikke Genius Loci, presiserar han.

– Jeg vil ikke bruke ordet Genius Loci, men stedet som utgangspunkt. Interessant er at det økologiske ligger i dette, stedet du bygger på. Slik har det egentlig alltid vært. Dersom en ikke forstår dette på en ordentlig måte, kommer en ikke lenger.

For meg frå BAS var dette eit ikkje ukjent standpunkt, eller som programutsegn. BAS byggjer på dette synet. Ikkje mindre, eg må tilstå at det var overraskande å høyra vårt eige program opplese på denne internasjonale talarstolen som «key note lecture», som helsinga frå EAAE til verdskonferansen om framtida si arkitektundervising.

– For det andre, held Per Olaf fram, – det kompletterende: arkitekturens space og situasjonens space kompletterer hverandre. En må ikke gå etter løsningskriterier, men det gjelder å forstå.

EU og USA, Kina og Taiwan
Per Olaf var ein av dei fire hovudførelesarane frå EAAE, av dei i alt 11 som framførte i hovudsesjonane. Deretter kom EAAE-skular med 18 av dei 69 innlegga som var utvalde til framføring i seks parallelle sesjonar over to dagar, herunder mitt frå BAS.

Etter Kina hadde Polen den største delegasjonen med sju av i alt 27 delegatar frå Europa.
USA var representert med to, Sør-Amerika med to (Brasil), ein frå Tyrkia, ein frå Israel og to frå det amerikanske universitetet i Dei sameinte emirata. Dette universitetet har studentar frå alle dei arabiske landa, og frå nokre av grannelanda. Elles var det ingen frå arabiske eller afrikanske land, eller frå Australia. Frå Japan var det berre ein representant, frå ei lita arkitektavdeling på Tokyo University of Art. Han, derimot, hadde etter mitt syn det mest interessante innlegget om undervising, i nære slektskap til BAS.

Elles var delegatane frå Sør-Aust-Asia, der dei 250 arkitektskulane i Kina var godt representerte. Du kjende deg høfleg og varmt velkomen over alt, som du berre kan oppleva i Kina. Du vert slik oppvarta at du kjenner deg svært godt til rette. Dei er gjennomført imøtekomande, høflege og venlege, frå fyrst til sist.

Dette hjelper godt for å gjennomleva og overleva i eit hav av folk og teori.

Mismot
Mykje gamalt tankegods om kubisme og modernisme var forvandla til teoretisk geometri og teoretisk formanalyse. Konteksten for dette europeiske utvik­lingstrinnet er 100 år gamalt, og no avløyst av ein heilt annan situasjon både i Europa og globalt. Innlegga var dertil farga av å ha teknologikunnskap som utgangspunkt, slik dei tekniske høgskulane fekk for 150 år sidan, då industrialismen skapte dei tilhøyrande arkitektavdelingane.

Rett skal vera rett, eg fekk ikkje høyra alle. Mestedelen av innlegga gjekk i parallellsesjonar, og dei kinesiske innlegga var ikkje omskrivne til engelsk. Ikkje mindre, det vart sett fram mykje teorikonstruksjon både om undervising og program, både frå Europa og Asia. Ein skulle tru at den internasjonale framføringa talde som sanningsprov. Dette fylte meg med mismot. Det verka som desse kollegane trong dette sanningsprovet for sjølv å tru på sine teoriar om pedagogikk. Innlegga var langt frå den visdom som finst i både europeisk og kinesisk filosofi.

Eg meinar å undervisa ikkje er teori, men praksis. I denne praksisen gjeld dei overordna spørsmåla før dei underordna. Målsetjinga fyrst, så ein didaktisk praksis.

Påtrengjande eksport
– Det var ein moralsk tale, Per Olaf, men ikkje moraliserande, innleiar eg samtalen med han. Konferansen er slutt, og me fekk tid til litt utdjuping.

– Ja, dette er alvor, svarar han.
Eg spurte om rolla hans i denne samanhengen.

– Skal arkitektskulane i Europa læra resten av verda kva dei skal gjera?

Han svara ikkje direkte på spørsmålet, men svaret «nei, sjølvsagt ikkje» låg bak den sentrale utsegna om kvar stad sin eigenarta arkitektskule, og deira grunnleggjande identitet.

– Ikkje mindre, eksporten frå Europa til Kina, ganske omfattande i arkitektur og teknologi, er i dag alvorleg stor, påtrengjande og diskutabel, hevdar eg utan å leggja det ut meir.
Per Olaf Fjeld svarar:

– Teknologien? I denne samanhengen er det prinsipielt to vegar å gå: 1) arkitektur gjennom avansert teknologi, og 2) å forstå den enkle teknologien, til dømes: å lufta gjennom vindauga. Dersom ein forstår arkitektur gjennom denne teknologien, treng det korkje vera primitivt eller påtrengjande.
 
Han trur at arkitektur har noko ekte å tilføra med dette resonnementet. Programmet for EAAE gjev òg svar, og han held fram:
– EAAE kan vera med å skapa diskusjon om dei viktige sakene, og skapa samspel mellom ulike skular, i heile verda.
– EAAE fører ulike diskusjonar, gjennom verkstadar (work shops), konferansar, EAAE sine New Sheets, og alle bøkene dei produserar. Verkstadane tek opp arkitekturundervisinga innan dei ulike fagområda, konstruksjon, konservering, teori, byforming osv. EAAE skal vera aktiv på denne måten.
– EAAE er ikkje ein pedagogisk organisasjon. Skal ikkje blanda seg inn i programma til skulane, men kan setja opp verkstadar.
– EAAE er ikkje ekspertise, men er med å organisera godt samarbeid mellom alle arkitektskulane.
Her viser han til dei vedtekne artiklane frå oppstartinga av EAAE i 2001.

Ramme for sjølvstende
Innlegget til Per Olaf Fjeld var på sin plass. Det handlar om den moralske arkitektskulen med visjonar. Bologna-prosessen gjeld å få alle arkitektskulane opp på høgt nivå, det finst så mange middelmådige, slo han fast. Fri flyt skal kunna realiserast på samsvarande nivå, innan eit samordna system, eit sams kvalitetssystem. Men dette skal berre vera ei ramma. Målet for kvar skule er å vera sjølvstendige, ulike, med ulike program, og som underviser ulikt, – om hus, byform, planlegging, landskap osv (flott å høyra, – som tonefylgje til BAS sitt alternativ).

Fem års master er kort tid, og difor eit krevjande studium, seier han vidare i førelesinga.

Doktorstudiet, phd, er såleis naturleg i profesjonaliseringa. Slik lyder i alle fall skjemaet, så og så mange nye kandidatar. Teori og teoretikarar, «smale ting», kven gagnar dette i praksis? Den er frå før så øydeleggjande for omgjevnaden. Dette er frå førelesinga, men eg fekk ikkje spurt han ut om dette.

Det var mange spørsmål eg ikkje fekk høve å stilla. Det var ein hektisk konferanse.

Kritiske sluttmerknadar
Det viktigaste vart ikkje teke opp, jau, klimaendringa, med stort alvor og med dei velkjende forpliktande erklæringane. Men ingen framlegg til nyskapande tilnærming, ingen framsyning av arkitektur med nye retningar i problemstillinga. Tvert om, berre terping på kjende teknologiske kalkulasjonar og teknokratisk politikk. Arkitektur med si formidlingskraft kan få oss til å sjå problemstillinga på ny og forløysande måte, men vart ikkje vist her. Ingen legg skjul på at energibruken er eit kritisk problem, men heller ingen nemner at me har ulike klima verda over. Det er lokalklimaet som skulle vera utgangspunktet for energibruk og konkrete problemstillingar.
I staden vert allmenne og objektive teknologiske løysingar postulert for alle, og den vestlege teknologien får ein større eksport. Her hadde ein verdas arkitektskular samla, og objektive problem kunne seljast like snøgt som simultanomsetjinga. Korkje geografi, kultur eller samfunn vart nemnde som ulike mottakarar, med ulike føresetnadar. Dette fortel mykje om kvar arkitektutdanninga står i dag. Berre programutsegna til Per Olaf Fjeld knytte økologi til staden og kulturell identitet.

Konferansen var samla i verdas største rike, Midt-riket, som det ein gong såg seg og kalla seg, i midten med resten av verda ikring seg. Me hadde eit vertskap på 1,3 milliardar innbyggarar og møtte i ei global forsamling. Likevel, problemstillinga «det store talet» var korkje nemnt eller omhandla. Demokratiske rettar har vore hovudoppgåva i arkitekturen i over 100 år, men å omtala denne som dagens problemstilling verka ukjent for denne forsamlinga.