Nyheter

Fire visjonar for Brøset

Deltakarane i parallelle oppdrag for den komande miljøvennlege bydelen i Trondheim har no levert framlegga sine til evaluering.


SLAs forslag til overordnet plan for Brøset. Illustrasjon: SLA + Adept Arc. + Atkins + Life + Susturb

Fire team med vid kompetanse innanfor greiner som arkitektur og planlegging, landskapsarkitektur, trafikkplanlegging og klima- og miljøplanlegging har utvikla løysingar for infrastruktur og transport, bygningstopologi og byform, til ein ny bydel i miljøvennlege material med eit utslepp på mindre enn tre tonn karbondioksid per person i året, tredjeparten av det vanlege i dag.

 

Treng sosialt samvirke

 

Dei fire laga er samde om at sosialt samvirke må til for å nå målsettinga, informerer Trondheim kommune. Det held ikkje med berre smarte oppfinningar. Folk må bu tett og dele ulike ting, til dømes el-bilar. Vidare må butikkar og tenestetilbod liggje innanfor bydelen. Det gir mindre transportbehov. I tillegg må ein prøve ut ny teknologi for å skaffe fram og spare energi.

 

Ut over dette varierer løysingane. Til dømes vil Team Code ha 1200 bustader i bydelen, medan Team Cowi vil ha heile 2780, meldar oppdragsgjevaren.

 

Vegen mot målet

 

Brøset-prosjektet starta våren 2007 etter initiativ frå ei gruppe forskere og planleggjarar. I 2008 vart det eit pilotprosjekt i det da nyoppretta Framtidens byer-programmet, og i 2010 tevla tredve team om å få vere med i  idéutviklinga gjennom dei opne parallelloppdraga.

 

Dei fire som fekk sjansen, delte erfaringar på vegen med midtvegsseminar i november. Første innlevering med drøftingar var 12. januar, og endeleg innlevering var 21. januar. No er evalueringskomiteen i sving med sitt arbeid, og snart blir ein områdeplan for Brøset lagt fram og sendt ut på høyring, truleg for vedtak i slutten av året.

 

Berre vinnarar

 

Ved parallelle oppdrag kårar ein ikkje ein vinnar, særskilt. Vona er at alle vinn noko på vegen fram til gode miljøløysingar. Trondheim kommune kan bruke framlegga fritt vidare, det beste frå kvart og eitt, utan at deltakarane har rett til medverknad eller ytterlegare kompensasjon.

 

Deltakarlaga var 1) Asplan Viak, Entasis AS, Dahl & Uhre arkitekter AS og Vigdis Haugtrø, 2) Code Arkitektur AS, Fremtiden i våre hender, KanEnergi AS og Aurora Landskap, 3) COWI AS, Arkitekt Kimmo AS og Norsas AS, 4) SLA (København), Adept Arc., Atkins, Life og Susturb, ifølgje heimesida til Ecobox, som òg byr på meir om prosjektet.

 

Link til bildegalleri for Brøset-forslagene.