Nyheter

Filter & Gullik Gulliksen best i Nittedal

Filter arkitekter AS og Gullik Gulliksen AS vann den avgrensa plan- og designkonkurransen om korleis ein kan byggje ut Sørli skole.

Sørli skole med eksisterande fløy til venstre og ny fløy til høgre. Perspektiv: Arkitektane

Sørli skole i Nittedal kommune, nordaust for Oslo, vart bygd i 1978 og utvida i 1998. No skal skulen nok ein gong byggjast på. Difor tevlinga, som Filter og Gullik Gulliksen vann einstemmig med framlegget «78.98.12».

Nest høgast nådde eit lag med Gasa AS og Gullik Gulliksen, som slik vart dobbeltvinnar. Dei andre deltakarane var Skjeseth og Solvang arkitekter & In situ AS, Vis-à-vis & Agraff AS og Ola Roald AS & Østengen og Bergo.

Det beste mediateket

Vinnarane har lagt nybygget som eit kompakt volum sør for det gamle anlegget. Det byr på åtte klasserom, ti tilhøyrande grupperom og eit sentralt plassert mediatek, ved ei brei og ope fellestrapp. Mediateket var det beste i tevlinga, ifølgje juryen.

Det nye bygget er bunde saman med 98-bygget, men berre i andre etasje. Dette gjer at den lange fasaden mot aust blir brote opp på eit vellukka vis. Åtkomsten er samla og god, meiner juryen. Nybygget er tenkt med skrått tak, da kommunen har best erfaringar med det.

Tre fingre

Skulen får ein tydeleg hovudstruktur etter utvidinga. Tre skulefløyer strekk seg mot marka i vest som tre fingre, og heile anlegget blir bunde saman av ein nord-sørgåande akse.

Bygga frå 1978 og 1998 er ulike, og vinnarane vil innføre nokre nye element også i den eksisterande bygningsmassen for ei meir heilskapleg utvikling av skulen.

Juryen konkluderer med at «78.98.12» gir eit heilskapleg skuleanlegg, og er framlegget «som best knytter eksisterende og ny bebyggelse sammen funksjonelt og arkitektonisk».

Arkitektane på laget var Per Olav Pedersen, Thomas Lærdal, Margit Kristine Solibakke Klev og Knut Brandsberg-Dahl, medan landskapsarkitektane var Gullik Gulliksen og Johanna Göranson.

I gruppa med seks jurymedlemmar sat arkitektane MNAL Nils Magnus Øverby og Astrid Reikvam. Den siste var òg jurysekretær.

 

Skulen i landskapet. Utomhusplan: Arkitektane
Skulen i landskapet. Utomhusplan: Arkitektane