Nyheter

Feide i Farsund

Kunnskapslause politikarar utan respekt for demokratiske planprosessar! 


Fra venstre Jan Gunnar Skjeldsøy og Anders Eik Pilskog fra arkitektkontoret Stiv kuling. Foto: Lars Jakob Rudjord

Arkitektkontoret Stiv kuling blæs til kamp mot forhasta sprengingsvedtak. Det dreier seg om den såkalla Varbak-tomta. Ho høyrer til sjukehuset i Farsund, som har stått tomt 2007 medan ulike alternativ for ny bruk har vorte utreda. Like før jul trefte så kommunestyret vedtak om å sprenge og klargjere den tilhøyrande tomta for bygging, og at helsestasjon, barnevern og legevakt skal flyttast til det tomme sjukehusbygget.

 

Frå det blå

Heilt greitt? Mange meiner at det er det ikkje. I alle høve ikkje utan vidare. Vedtaket i kommunestyret har vakt sterk debatt i byen.

 

Farsund kommune blir styrt av Høgre og Framstegspartiet, og det har vore Høgres standpunkt at sjukehuset skulle seljast om ein ikkje fekk til nokon aktivitet der i løpet av 2012. Det har ein heller ikkje klart, men på kommunestyremøtet 18. desember snudde Høgre på hælen og slo lag med Framstegspartiet om å realisere andre planar.

 

Vedtaket om å sprengje Varbak-tomta er ikkje blitt utreda på fagleg forsvarleg vis, seier kritikarane. Vedtaket er treft altfor brått, og vidare vil sprenginga koste 5,5 millionar kroner utan at ein har budsjettdekning for dette.

 

– Avgjersla kom ut av det blå, hevdar arkitekt Anders Eik Pilskog i Farsund-kontoret Stiv kuling. Han opplyser at det er utarbeidd eit par skisseprosjekt til diskusjon i helsekomiteen, men som arkitekt saknar han ein planprosess der brukarmedverknad, tomteanalysar, analysar av behov i helsesektoren og anna er med som naturlege element, ein prosess med helse- og plankompetanse i alle ledd.

 

Folkeleg mobilisering

Mange meiner at politikarane her ikkje har vist respekt for fagkunne og demokratiske prosessar. Ei aksjonsgruppe mot sprenging av Varberg-tomta er oppretta, og det vart halde folkemøte om saka laurdag 19. januar.

 

Ei underskriftskampanje starta opp alt 5. januar. Kommuneloven § 39a seier at kommunestyret pliktar å ta stilling til framlegg som gjeld kommunal verksemd om to prosent av innbyggjarane, alternativt 300 personar i kommunen, står bak framlegget, og aksjonsgruppa har alt no meir enn dobbelt så mange namn på listene.

 

Innsamlinga av underskriftar held fram til torsdag formiddag, med overlevering fredag. Da skal framlegget kome opp i kommunestyremøtet tysdag 29. januar.

 

Alternativ modell

Stiv kuling søkjer «ein arkitektur som vidareutviklar gamle handverktradisjonar og byggjer rom som framhevar naturgjevne kvalitetar og stadeigne fenomen», ifølgje heimesida, og dei ser store moglegheiter for anna bruk av Varbak-tomta utan utsprenging. Farsund er ein bratt by der ein må vere på lag med naturen, meiner arkitektane på kontoret, som på eige initiativ utarbeidd ein alternativ modell som tek meir omsyn til terrenget slik det er gjeve.

 

– Eg er ikkje imot utvikling av området som ein heilskap, men vi treng ein plan før vi sprengjer tomta, slår Anders Eik Pilskog fast. – Området er regulert til helse, men det ligg ikkje føre konkrete planar for kva som skal utviklast på tomta, eller korleis, og denne avgjersla til politikarane tyder mykje for folk i Farsund.