Nyheter

Fagpressen til klagemål mot Posten

– Posten Norge AS sender rekningar til fagblada for tenester dei ikkje treng, og ikkje brukar.


Arkitektnytt og Arkitektur er to av 230 medlemsblad i Fagpressen, som no aksjonerer mot portoprisane til Posten.

Det meiner Fagpressen og legg fram tung dokumentasjon.

 

Arkitektnytt og Arkitektur N er medlem i Den norske Fagpresses Forening (Fagpressen) og har difor stor interesse av saka som no kjem opp: Posten har overfrankert fagblada for rundt 60 millionar kroner kvart år sidan 2006, hevdar Fagpressen.

 

Klage i fire punkt

Fagblada kjem til Posten på pall ferdig adresserte. Dei klarer seg utan sorteringssentralane til Posten, utan postkasser og lokale postkontor, og likevel må dei betale for tenester knytt til dette, påpeikar Fagpressen. Og dette er berre det første av fire klagepunkt, utarbeidd med eksperthjelp frå Robert G. Hansen, førstelektor ved Handelshøyskolen BI, og Christian Harlem, frittståande konsulent.

 

Punkt to: Fagpressen meiner at kostnadane ikkje følgjer objektive kriterium, slik dei skal i høve postdirektivet for EØS-landa. Fagblada blir råka av skeiv fordeling, og frå 1. januar 2012 har fordelings vorte enda skeivare. Dette tyder at fagblad, som har stabile og stigande opplagstall, må betale for det dramatiske brevfallet dei siste åra.

 

Punkt tre: Varslinga til Posten om auka porto frå nyttår er vidare villeiande. Ho gjer ikkje kundane merksame på dei økonomiske konsekvensane av produktendringane og prisauken. Det skjer ei «ulovlig kryssubsidiering» som går ut over fagblada.

 

Som eit siste punkt peikar Fagpressen på at fagblada alt i 2006, i høve dokumentasjon frå Posten, dekkjar kostnadane sine i tråd med konsesjonsreglane, og da verkar det urett at fagbladrekningane aukar relativt meir enn andre prissetjingar.

 

Posten har monopol

Fagpressen har ønska seg ein dialog med Posten Norge om prisar og vilkår for levering og distribusjon, men har blitt møtt med diktat. Det siste året har Posten bøtelagt fagblad som ikkje blir leverte til rett klokkeslett. «Vi har allerede sett groteske utslag av dette pålegget fra Posten. Det er aldri oppe til diskusjon servicenivået den andre veien,» står det i dokumentasjonen.

 

Posten har samstundes ikkje nokon reell konkurrent når det gjeld bladdistribusjon på den norske marknaden, sjølv om Mediapost har vore verksam i ti år, eit distribusjonsselskap eigd av Aftenposten, A-pressen og Edda Media. Mediapost opererer berre i einskilde større byar, til dømes ikkje i Bergen og Stavanger, og har ein marknadsdel på berre 2–3 prosent av bladdistribusjonen.

 

Framtida til 230 fagblad

«Fagpressen har stabile og stigende opplagstall. Det betyr at distribusjon av blader relativt sett vil styrke seg i perioden frem mot 2020,» skriv Fagpressen, som no kjempar for 230 blad med eit samla opplag på 52 millionar i året, i snitt ti eksemplar til kvar nordmann. Blada betaler 300 millionar kroner årleg i portokostnadar.

 

«Med en slik behandling av en stor og stabil kunde – begrunnet i fall i øvrige posttjenester – er det all grunn til å tro at stadig flere utgivere vil gå over til rene nett- og lesebrettpublikasjoner,»  heiter det i eit brev frå Fagpressen til Samferdselsdepartementet, sendt i november 2011 under høyringa i høve ny konsesjon til Posten Norge AS.

 

Fagpressen bad i høyringa til departementet om «at det åpnes for offentlig innsyn i Postens kostnadskalkyler, slik at også kundene kan vurdere om konsesjonsbestemmelsenes vilkår om kostandsbasert prising og fravær av kryssubsidiering etterleves».

 

Posten fekk forlenga konsesjonen sin ut 2012.

 

Mot rettsleg avgjerd?

Brevet som Fagpressen sendte Post- og teletilsynet fredag 20. januar 2012, med klaga i dei nemnde fire punkta, blir no handsama og vil truleg føre til dialog mellom tilsynet, Posten, Samferdselsdepartementet og Fagpressen. Om Post- og teletilsynet sluttar seg til vurderinga frå Fagpressen om at Posten har praktisert overfakturering, vil Fagpressen vurdere å reise søksmål mot Posten for å pengane til fagblada tilbake.

 

Posten har så langt ikkje godteke kritikken. I Dagens Næringsliv 23. januar seier konserndirektør Tore K. Nilsen at dei treng meir tid til å settje seg inn i saka, men at han kjenner seg trygg på at Posten ikkje har brote konsesjonen. Han avviser at Posten driv ulovleg kryssubsidiering og legg slutteleg til: «Posten har et ansvar for å levere et godt posttilbud til hele landet til tross for at brevvolumene  faller dramatisk. Vi har også et ansvar for å drive lønnsomt, og vi har negativ lønnsomhet på blader og magasiner i dag. Prisøkningen for Fagpressen har derfor vært helt nødvendig.»

 

Sjå framstillinga til Fagpressen på fagpressen.no