Nyheter

Europeisk arkitekturpris til Bjarke Ingels

– Arkitektur som noko meir enn keisame boksar for Bjarke Ingels. Berre 38 år gammal har han gjort slåande prosjekt og gitt arkitekturen ei ny retning, til inspirasjon for den unge generasjonen han sjølv er ein del av.


Den unge danske arkitekten Bjarke Ingels får prisen «The European Prize for Architecture». Foto: The Euopean Centre for Architecture Art Design and Urban Studies

The European Centre for Architecture Art Design and Urban Studies, som held til i Dublin, og partnaren, The Chicago Athenaeum: Museum of Architecture and Design, har mange godord om den første vinnaren av den nye prisen The European Prize for Architecture. Prisen blir overrakt i slutten av uka i tilknytning til symposiet «The City and The World» i Madrid, under ein gallamiddag fredag 5. november.

 

Christian K. Narkiewicz-Laine ved The Chicago Athenaeum seier om den unge danske prisvinnaren at han står for det uforferda, friske og progressive ein finn i Europa i dag. Han er i ferd med å etablere ei scene for nye idear og provoserande tilnærmingar, for ein komande filosofisk debatt. Han er ikkje berre ein teiknande arkitekt, men held førelesningar ved fleire universitet i USA.

 

Fra OMA via PLOT til BIG

 

Bjarke Ingels utdanna seg til arkitekt ved Det Kongelige Danske Kunstakademi i København og Escola Tecnica Superior d’Arquitectura i Barcelona, med diplom i 1998. Deretter arbeidde han for Office for Metropolitan Architeture (OMA) og Rem Koolhaas i Rotterdam, før han i 2001, i lag med OMA-kollegaen Julien de Smedt, oppretta arkitektkontoret PLOT. Etter at det vart løyst opp i 2006, danna Bjarke Ingels BIG, ei forkorting for Bjarke Ingels Group. Prisen han snart får i Madrid, er ikkje den første heidringa han opplever.

 

Prisvinnaren plasserer seg sjølv mellom avantgarden, som er full av ville idear som ikkje blir til noko, og dei velorganiserte konsulentfirmaene som byggjer firkanta og keisame boksar av høg teknisk kvalitet. Det gjeld å finne vegen mellom ekstremane, mellom det naivt utopiske og det forsteina pragmatiske, fram til den pragmatisk utopiske arkitekturen.

 

Det skal lagast ei Bjarke Ingels-utstilling til «Contemporary Space Athens» i april 2011. Fristen for å nominere kandidatar til neste heidring er elles 1. august 2011. Lista er lagt høgt.

 

Sjå http://www.europeanarch.eu for detaljar.

BIGs Mountain Dwellings i Ørestad, København (2008), har 80 bustader i terrassar over eit parkeringshus i fleire etasjar for 480 bilar. Foto: The Euopean Centre for Architecture Art Design and Urban Studies
BIGs Mountain Dwellings i Ørestad, København (2008), har 80 bustader i terrassar over eit parkeringshus i fleire etasjar for 480 bilar. Foto: The Euopean Centre for Architecture Art Design and Urban Studies