Nyheter

Ei innføring i arkitektrolla

Tarald Lundevall har skrive bok om profesjonskunnskap for arkitektstudentar.


Tarald Lundevall meiner at det er ei utfordring at kunnskap om arbeidslivet ikkje er prioritert på arkitektskulane.

– Arkitektstudiet dreier seg i stor grad om korleis ein handterer program og formgiving, og i berre liten grad om arkitektrolla i samfunnet, seier Lundevall i ei pressemeldinga frå AHO.

 

I mange land er ein praksisperiode ein del av utdanninga, men ikkje i Noreg. Dette er ei utfordring. Studentane treng kunnskap om arbeidslivet, og dei treng å få han alt på lærestaden, slår Lundevall fast.

 

Eit av dei første kapitla i boka handlar om kommunikasjon, før ein kjem til oppdrag og rammekår og avrundinga med arkitektrolla.

 

– Det er viktig å kunne kommunisere verbalt og grafisk, og å forstå dei du snakkar med. Dei som er med i byggeprosessane, har ulike bakgrunnar og talar ulikt, forklarer Lundevall, som sjølv er arkitekt med 40-årig fartstid, partnar i Snøhetta og professor II ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo med ansvar for nett profesjonskunnskap.

 

Boka kan kjøpast på AHO for ein hundrelapp. Les meir om boka på AHOs nettsider.