Nyheter

Ecobox-prosjekt på Husbanken.no

– Vi samarbeider med Husbanken om å publisere oppdatert og riktig informasjon om førebileteprosjekt. Målet er eit felles databibliotek, seier Per Anda i Ecobox.

Skjermdump frå Husbankens nye nettsider.
Prosjektleiar Per Anda i NAL/Ecobox.
Prosjektleiar Per Anda i NAL/Ecobox.

På nettsida til Husbanken kan ein no lese at Husbanken «bruker prosjektdatabasen til Norske Arkitekters Landsforbund (NAL) for å vise forbildeprosjekter», i tillegg til «andre interessante forbildeeksempler». Per Anda, prosjektleiar for databasen til Ecobox sidan hausten 2010, seier seg godt nøgd med samarbeidet med Husbanken. Det har enno ikkje  munna ut i ei formalisert avtale, men ho vil kome, opplyser han.

 

Gløymt kreditering

Rett nok har Husbanken publisert Ecobox-prosjekt utan å opplyse at Ecobox er kjelda, under kvar einskildpresentasjon, men det kallar Anda ein «web-teknisk glipp».

 

– Versjonen til Husbanken vil bli endra. Det er rimeleg å seie kven som er eigar av materialet, slår Per Anda fast og opplyser at utvekslinga går begge vegar. Snart vil Ecobox publisere prosjekt frå Husbanken, med kreditering.

Fagdirektør Øyvind Johnsen i Husbanken.
Fagdirektør Øyvind Johnsen i Husbanken.

Departementalt krav til Husbanken

– Det er nyttig for oss å vise fram førebileteprosjekt frå Ecobox-databasen på heimesida vår. Vi har felles interesse av ein database med felles bidrag, seier Øyvind Johnsen, fagdirektør i Husbanken, og sluttar seg til at samarbeidet er godt.

 

Husbanken er pålagt av Kommunal- og regionaldepartementet, gjennom tildelingsbrevet for 2011, å stimulere til bygging av fleire miljøvenlege bustader gjennom «mellom anna forsking, utviklingsprosjekt og førebileteprosjekt», å føre samarbeidet med NAL/Ecobox vidare «med sikte på å avklare eigarskapsmodell og juridiske problemstillingar slik at prosjektdatabasen kan kome over i ein ordinær driftsfase», og til å støtte prosjektdatabasen til NAL/Ecobox «med inntil kr 400 000».

 

Per Anda ser det som viktig at Ecobox, som ein ikkje-statleg instans, blir teke med i statlege dokument. At Husbanken disponerer økonomiske middel, gjer han til ein mykje viktig samarbeidspartnar for Ecobox, som treng pengar for å gjere prosjektbiblioteket sitt tilgjengeleg for flest mogleg.

 

Ecobox som nasjonal instans?

Prosjektleiaren ønskjer også å samarbeide med fleire aktørar enn Husbanken om å registrere og publisere førebileteprosjekt.

 

– Ecobox vil gjerne ha ei sentral rolle i bygginga av ein nasjonal instans, seier han og dreg fram at Ecobox har kompetansen og erfaringa som ein her treng, etter snart ti år med publisering av gode prosjekt i høve energi, miljø og stadsutvikling. NAL har elles dokumentert alle typer prosjekt i tidsskrifta sine frå tidleg på 1900-talet.

 

– Registreringar krev fagkunnskap og omfattande arbeidsinnsats. Det det kan vere mykje å vinne på meir samarbeid for ei heilskapleg formidling.