Drivandes designvinnar
El-bil for postbud fekk heidersprisen under Designdagen 2013 i Oslo 17. april.
Heile 49 fekk Merket for god design under arrangementet til Norsk Designråd på DogA, og fleire av desse fekk spesialprisar av ulike kategoriar.
Post driver
Sjølve heidersprisen gjekk til Loyds Paxter, eit elektrisk kjøretøy for levering av post, designa av Loyds Industri AS og Eker Design AS. Begge held til i Østfold.
Bilen er registrert som moped, tek ei nyttelast på opptil 200 kilo og har ei rekkevidde 40 kilometer, eller seks timar utan opplading. Modellen er ergonometrisk tilpassa kroppen, har tak og sadelsete og vert laga av resirkulerbare material.
I presentasjonen av Loyds Paxter blir han omtala som «Europas mest effektive og miljøvennlige totalløsning for distribusjon av post, aviser og småpakker».
Loyds Industri skal, etter å ha vunne ein anbodskonkurranse arrangert av Posten Norge, levere fleire hundre eksemplar av den miljøvennlege postbilen. Dei første kjem snart på ruter i Kristiansand, Stavanger, Mandal og Lillehammer.
Design for alle, for miljøet og ved dei unge
DEFA fekk Design for alle-prisen for det som blir kalla «verdens enkleste batterilader», kalla DEFA SmartCharge. Mange er livredde for gnistar, elektriske støytar, brann og eksplosjon.
Miljøprisen gjekk til Scandinavian Business Seating for stolen HÅG SoFi. Same SB Seating vann same pris i 2009 og lèt til å stå i ei miljøklasse for seg i Noreg.
Fem vann prisar som Unge talenter 2013, til glede for dei unge og framstormande. I kategorien Design for alle vart prisen delt mellom Maren Skyrudsmoen og Camilla Morad-Krohn for ein emballasje begge som skal hindre feilmedisinering, kalla Cinsona, og Nina Shahinian for ei stikkontakt som alle kan setje i, kalla Flow.
I kategorien ope klasse gjekk prisen til Manuela Aguirre og Jan Kristian Strømsnes for eit omfattande opplegg for å ta imot ofre for valdtekt på ein god måte, kalla Designing for Dignity in a Sexual Violence Response System. Jan Kristian Strømsnes fekk òg ein andreplass i ope klasse og Edvin Klasson og Ola Brandsnes ein tredjeplass.
Femten av prosjekta til dei unge står på utstilling i lokala til DogA fram til 26. mai.