Nyheter
Kampen mot vindmøller:

Don Quixote rir igjen

Kystriddaren Stein Malkenes slåst mot vindmøller som ikkje finst. Eller rettare; han slåst mot planane om vindturbinar langs norskekysten. Og han treng landskapsarkitektar som våpendragarar.


 Planane om 6000 vindturbinar er reelle nok. Om alle vert realiserte, vert det knapt ein stad langs kysten frå Lindesnes til Kirkenes utan eit rotorblad i synsranda.

Ut av kontora!
Han trivst godt med å vere ein moderne Don Quixote.

– Eg treng ein hær av Sancho Panzaer rundt om i kommunane, smiler mannen som i ein alder av 55 år er tildelt tittelen generalsekretær i Næringslivets Kystaksjon.

Han er imponert over Rainer Stange, professoren ved AHO som tek med studentane sine på Hurtigruta for å syne dei det triste landskapet; bakgardane som møter folk som kjem sjøvegen til byar og tettstader.

– Landskapsarkitektane må kome på bana. Vi treng at denne yrkesgruppa kjem ut av kontora sine og fortel folk langs kysten om verdien av kulturen dei bur og lever i. Landskapsarkitektane har kompetansen til å forklare oss dette. Men vi ser dei sjeldan. Eg vil utfordre dei til å formulere kvalitetane langs kysten, og det hastar! Så seier dei kanskje: «Det er ikkje vår jobb.» Men eg meiner at dei som nasjonal kunnskapsbase har ansvar for å formidle kunnskapen sin, vi treng han no!

Das Ding an sich
Malkenes siterer filosofen Emmanuel Kant og fortel at kystlandskapet er ein verdi i seg sjølv. Norskekysten er heilt særeigen i verdssamanheng, ikkje minst av di det bur folk der. Stader med liknande topografi har ikkje små og store samfunn spreidde utover, og dette unike har resten av verda sett.

– I tillegg til eigenverdien har kysten ein verdi som råvare, ein kan bruke dette landskapet til lokal verdiskaping, mellom anna innafor reiseliv, utdanning og oppdrett. Reiseliv er den industrien som veks mest i verda. Turistar vil oppleve noko ekte og intakt. Godt utdanna folk med ein del pengar har vore på nok av nedslitne stader. Dei vil ha norskekysten slik den er, slår generalsekretæren fast.

– Dei som forstår dette minst, er nordmenn. Vi er ikkje vande med at kvardagen vår er verdt noko. Som Garborg fortel om oppveksten på Jæren; vi lærte meir om gatene i Jerusalem enn Timesundet. Vi slit med å forstå kor vedunderleg vakkert landet vårt er. Samstundes trur eg ikkje at det kan halde fram slik. Reiseliv handlar om å transportere folk, og med ein framtidig kilevink frå Kyoto må ein nok innsjå at reiselivsbransjen ikkje kan vokse inn i himmelen.

Skulpturelle monster
Det kan derimot dei enorme vindmøllene sjå ut til å gjere. Kan ikkje dei kvite, elegante turbinane også vere vakre element i landskapet, ein slags framtidsskulpturar?

– Dei som meiner det, må grunngje det. Fortelje oss kvifor. Ikkje eit einaste lokalsamfunn vil ha eit slikt industriområde kloss i, folk flest opplever vindturbinar som trugande, uestetiske og støyande, seier Malkenes.

I snitt vert dei planlagde turbinane ti gonger høgare enn dei 15 meter høge hyggelege, hollandske vindmøllene Rembrandt måla for nokre hundre år sia, og der ein i dag kan stogge og ta ein glas kvitvin på sykkelturen. Snitt navhøgde på dei som er planlagde ved norskekysten, er 90–95 meter, med rotorblada vert total høgd opptil 150 meter.

– Dei snakkar om vindmølleparkar, det høyrast romantisk ut. Men i røynda er det enorme vind-industrianlegg, kvart av dei er mange gonger større enn Gardermoen, slår han fast. Aldri tidlegare har det vore presentert ei slik industrialisering av landskapet i Noreg, som øydelegg så mykje natur. Det verste er at regjeringa let energiselskapa herje med lokalsamfunna, utan nokon samla plan, utan eit nasjonalt energiprogram, utan at miljøstyresmaktene reagerer. Alle nasjonalparkane ligg i innlandet.

Mektige motstandarar
Han slåst på to frontar no – mot kraftsosialistane på eine sida og klimafundamentalistane på den andre. Og over svever den heilage marknaden.

– Vi har sove på vasskrafta i alle år. Så gav vi vekk denne ressursen til blåruss og spekulantar, og destabiliserte nasjonal eigedom. «Vi må ofre kysten for å berge klimaet,» seier klimafundamentalistane. Men om vi rustar opp alle kraftverka våre, vil det gje mykje meir energi enn 6 000 vindturbinar – til ein brøkdel av prisen. Dersom etableringa av eit vind-industrianlegg i Noreg kunne ført til at eit tilsvarande kolkraftverk i Kina vart stengt for all framtid, var det eit poeng. Men det skjer ikkje. Vindkrafta vil kome i tillegg. Seksti tusen nye hytter er planlagt i Noreg, på fjellet og ved kysten. Når vi veit at mange av desse er palass med enorme energibehov, fell klima--argumentet bort.

Men Malkenes er ikkje fanatisk imot vindkraft.
– Flytt anlegga ut i havet, eller etabler dei nær stader med sterkt energibehov, som store byar eller energikrevjande industri. Og kvar er det? Kyststripa frå Kristiansand til Halden, og der har det ikkje kome ein einaste søknad! Bygg dei i Nordmarka for å forsyne Oslo med energi. Fleire hundre turbinar, mange gonger høgare enn Holmenkollbakken! Kva om vi bad dei skaffe energien sin sjølv, den som i dag kjem frå fossar på Vestlandet?

Ut i havet, inn til sentrum
I september fekk Hydro konsesjon frå NVE på det første flytande vindturbinanlegget, der dei skal bruke flytande konstruksjonar, kjent frå offshoreverksemda, som understell. Visjonen er at det skal vere operativt i 2015, langt ute i havet, infrastrukturen ligg klar, kablar til land etter oljeutvinninga. Til samanlikning vil eventuelle landbaserte anlegg, om dei får konsesjon, vere operative berre to–tre år tidlegare.

Ei anna mogleg lokalisering er der det allereie er gjort inngrep i naturen og etablert ein infrastruktur med dammar og vasskraftanlegg, då kan ein bruke det same nettet.

Langs kysten av Danmark og Tyskland står vindturbinane på rekke og rad. Skilnaden, meiner Malkenes, er at her er landskapet paddeflatt, horisonten ufatteleg stor og vindturbinane mykje lågare enn dei som er planlagde her. Då vert dei eit element å kvile auga på. Langs norskekysten er landskapsuttrykket totalt annleis enn i flate Danmark, vi har allereie mykje å kvile blikket på, vi treng den horisonten vi har.

Ei industrialisering av kystlandskapet vil ta vekk grunnlaget for anna verdiskaping, bandlegge svære areal, og andre typar investeringar, som sal av hyttetomter og små reiselivsverksemder, vil stoppe opp.

– Landskapsarkitektar må utfordre makrotenkinga, ikkje dulle seg vekk på kafé i Oslo om vindturbinar som skulpturar, men kome seg ut der vi som driv landet bur.
Etter utdanninga må dei kome seg ut i røyndomen, meiner Malkenes.
– Hamnebyane treng kunnskapen til nyutdanna land-skapsarkitektar, meiner Stein Malkenes, med vindmøllefri utsikt frå huset sitt i Florø. Foto: Marit Bendz.
– Hamnebyane treng kunnskapen til nyutdanna land-skapsarkitektar, meiner Stein Malkenes, med vindmøllefri utsikt frå huset sitt i Florø. Foto: Marit Bendz.