Nyheter

Direktoratet for byggkvalitet

Statens bygningstekniske etat (BE) har endra namn til Direktoratet for byggkvalitet.


Gro Maren Mogstad Karlsen er fungerande kommunikasjonssjef i Direktoratet for byggkvalitet. Foto: dibk.no
Gro Maren Mogstad Karlsen er fungerande kommunikasjonssjef i Direktoratet for byggkvalitet. Foto: dibk.no

Det nye direktoratet si rolle er mellom anna å vere eit bindeledd mellom Kommunal- og regionaldepartementet og byggenæringa, og namneskiftet er eit høve til fornying og oppgradering av ambisjonar.

 

– Vi ønskjer å fremme kvalitet i bygginga ved å utvikle kunnskap, byggereglar og prosessar i samarbeid med dei som byggjer, andre statlege og kommunale myndigheiter og fagmiljøa, seier kommunikasjonssjef Gro Maren Mogstad Karlsen til Arkitektnytt.

 

Det nye namnet er alt teke i bruk. Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete vil stå for den offisielle opninga av direktoratet 26. januar. Da vil òg sentrale aktørar frå byggebransjen og kommunane kome med innspel til satsinga framover.

 

Direktoratet for byggkvalitet har i dag arbeidsområde innanfor miljø, godkjenning og ansvarsrett, uavhengig kontroll, universell utforming, produkt- og marknadstilsyn, tryggleik, klimatilpassing, innemiljø, eiendomsforvalting, avfalls- og miljøsanering, søknad og sakshandtering og energi.

 

Les meir på direktoratet sine nettsider, dibk.no.