Nyheter

Dansk arbeidsframstøyt mot Malmø

Ei heil busslast arbeidslause danske arkitektar kryssar fredag 12. oktober Øresund for å leite etter jobb i grannelandet.


«Kven er det som trampar på mi bru?» Akademisk Arkitektforening sender ein buss med arbeidslause danske arkitektar over Øresundbrua for å finne arbeid. Foto: jorchr/Wikimedia Commons

Invasjonen er førebudd av Akademisk Arkitektforening i Danmark. Han kjem ikkje som noka overrasking på svenskane, som er varsla i god tid og nok veit å forsvare seg.

 

Bussen startar frå Arkitektenes Hus i Strandgaden i København klokka ni på morgonen. Arkitekt Stine tek imot dei nervøse profesjonsflyktningane på ekskursjon. Ho kan sikkert fortelje dei mykje om korleis det er å vere arkitekt i framande land. Sjølv har ho arbeidd både i Sverige og Noreg.

 

I bussen er òg hjelpepersonale frå ei arbeidsgjevarforeining, ei privat arkitektverksemd, for ikkje å gløyme Sveriges Arkitekter. Dei vil orientere passasjerane om korleis dei skal føre seg i nabolandet. Det er fleire arkitektkontor som vantar arbeidskraft i Sverige enn i Danmark, der marknaden er metta. Det gjeld å finne dei og by seg fram på rette måten.

 

Etter eit opphald i Malmø, der deltakarane til dømes kan kjøpe seg ein is, ein kopp kaffi eller liknande, blir invasjonen avblåst, og bussen vender heim til Arkitektenes Hus i København med dei overlevande.

 

Deltaking er gratis. Utveljing etter først til mølla/bussen-prinsippet.