Byutvikling på Økern
Dark Arkitekter vart einstemmig vinnar i avgrensa konkurranse om byutviklingsprosjekt.

Oslo Pensjonsforsikring AS, som er eit livsforsikringsselskap eigd av Oslo kommune, inviterte i fjor Dark Arkitekter AS, HRTB AS og Link Arkitektur AS til tevling om utvikling av kontorlamellane i Lørenfaret 1, 1b og 3, som selskapet kjøpte for nokre år sidan. Dark er no blitt arkitekt for utbyggjaren, medan Vedal AS er engasjert som prosjektleiar.
Fleire kontor
Økern er godt knytta til offentlege kommunikasjonar i Oslo og har stort potensial for fortetting. Tevlingsprosjektet ligg i eit mykje aktuelt område for den byveksten plan- og bygningsetaten i Oslo skal opne vegen for med ny kommuneplan, informerer Alv Skogstad Aamo i Dark Arkitekter.
Dark legg i vinnarutkastet opp til å utvikle om lag 50.000 kvadratmeter kontorareal, mindre service- og butikklokale på gateplanet og ei ope gjennomgangsåre med tilgang til eit opparbeidd parkareal.
For bustadutviking måtte ein rive heile den eksisterande bygningsmassen, og ein ville få lågare utnytting av tomta, seier juryen.
Park under utkraging
Høgblokka kan vidareførast som kontorbygg, men ikkje dei låge blokkene. Dei har for låge etasjehøgder til å bli fullgode kontorareal med naudsynte tekniske installasjonar.
Dark vil erstatte dei med eit nytt bygg i V-form, der spissen dannar eit overheng i skråninga ned mot Økernsenteret. Overhenget gjer at ein kan føre det V-forma, indre parkområdet vidare fram og etablere eit øvre og eit nedre torg i skråninga.
Fotavtrykket til nybygget er avgrensa, samstundes som utnyttinga er høg nok til å svare for kravet i reguleringsplanen.
Artikkelen fortsetter under bildet.

Attraktivt område
«Ved å åpne bygget for det fallende terrenget ned mot ringveien i øst frigjøres lyse arealer uten å bygge i høyden,» seier juryrapporten og peikar på at det parkmessige indre området i seg sjølv kan bli attraktivt, og at det generelt blir mogleg å oppnå «høy arkitektonisk attraktivitet» i bygningsvolum, fasadar og uteområde.
Det er òg mogleg å «kunne oppnå godt energiregnskap», sjølv om isoleringa av golvet i utkraginga blir ei utfordring. Konstruksjonen held seg innanfor kjente spenn, men kan bli noko dyr. Bruk av søyler kan vere økonomisk.
Dark sitt framlegg fekk høgaste rangering på alt, utan økonomiske konsekvensar, og slik er konklusjonen: «Juryen er begeistret for prosjektets tydelige form (horisontalt signalbygg) og dets sammenheng med terrengfall og planlagt nabobebyggelse. Gjennomgangen og grøntarealet i prosjektet kan bli en berikelse for leietakere og strøket som helhet. Byggets miljømessige aspekt må videreføres og synliggjøres i bygget.»
Medarbeidarane hos DARK arkitekter AS var Alv Skogstad Aamo, Arne Reisegg Myklestad, Rune Madsen, Håkon Hilland, Anniken Reinertsen og Mark Van Beest (landskapsarkitekt). Bak modellen stod praktikantane Kristina Møller Hansen og Ricardo Sousa.
I juryen sat to representantar frå Oslo Pensjonsforsikring og MNAL Einar Hagem.