Nyheter
Bymiljøprisen til Årdal
Fest og høgtid på Årdalstangen tysdag 5. oktober. Miljøvernminister Knut Arild Hareide kom i pendressen, berre for å rose staden.
30. november 2004
Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, tok imot Miljøvernministerens bymiljøpris og 100 000 kroner til det vidare arbeidet med miljøet. Flinke skuleborn framførde syngespelet «Berget grå, berget blå» med fynd og klem i Samfunnssalen.
Temaet for Bymiljøprisen var i år «aktivt bysentrum». Juryen la vekt på å finne realiserte prosjekt for eit mangfald av aktivitetar innanfor handel, kultur og sosialt liv.
Årdal har 5631 innbyggjarar, sånn om lag. Dei bur for det meste samla. Øvre Årdal er den største tettstaden i kommunen, Årdalstangen har administrasjonssenteret. Næringslivet er bygd på vasskrafta og metallvareindustrien. Angsten for nedleggingar og fråflytting har vore ein del av kvardagen til folk i lange tider.
Strategien til kommunen har vore å møte den daglege uvissa med å styrkje miljøet og kulturen på heimstaden, mellom anna gjennom å ruste opp dei offentlege uteromma. Ein har skapt funksjonelle og vakre rammer for det sosiale livet og plass for varierte aktivitetar, til dømes i hovudgata og på Rådhusplassen på Årdalstangen.
Årdal Utvikling og Årdal Arrangement er etablert etter samarbeid mellom dei kommunale etatane og næringslivet. Dei nye uteromma er tekne i bruk til ulike lokale arrangement. Målrockfestivalen kan bli ei nasjonal hending.
Juryen roser Årdal kommune for innsatsen og arbeidet som er gjort. Det har auka medvitet til innbyggjarane om å ha ein heimstad og noko å vere stolte over.
Juryen peikar samstundes på at arbeid står att, til dømes i Øvre Årdal. Det er viktig at Årdalstangen og Øvre Årdal dyrkar fram ulike føremon, og ikkje konkurrerer om det same. Parkeringsløysinga på Årdalstangen kan bli betre, og kommunen har ubrukte potensial som reiselivsmål lengst inne i Sognefjorden under Jotunheimens høgste tindar. Store Skadastølstind rekk 2403 meter i vêret.
Leiar av juryen var siv.ark. MNAL Ketil Kiran. Han hadde med seg Christian Joys og Anna Elisa Tryti.