Nyheter

Byggkåringar på Byggedagene 2012

Oseana Kunst- og Kultursenter er kåra til Årets Bygg av Byggeindustrien/bygg.no med partnarar. Vennesla bibliotek er årets trebyggeri.

Årets Bygg 2012: Oseana Kunst- og Kultursenter, teikna av Grieg Arkitekter AS. Foto: Johan Elm - Erco

 Det var hard konkurranse og små skilnader i tevlinga om å bli Årets Bygg 2012, heiter det  frå juryen, men da vinnaren vart ropt opp på Radisson Blu Plaza Hotel i Oslo på kvelden 21. mars, steig vestlandsjubelen oppunder taket.

 

Prismottakarar på vegner av Oseana Kunst- Kultursenter, frå venstre Kim Kristoffersen, Terje Gilje, Andreas Grieg (Grieg Arkitekter AS), Trond Lunde, Terje Søviknes og Per Helge Pedersen. Foto: Arve Brekkhus
Prismottakarar på vegner av Oseana Kunst- Kultursenter, frå venstre Kim Kristoffersen, Terje Gilje, Andreas Grieg (Grieg Arkitekter AS), Trond Lunde, Terje Søviknes og Per Helge Pedersen. Foto: Arve Brekkhus

Oseana Kunst- og Kultursenter

Det heidra Oseana Kunst- og Kultursenter ligg i Os kommune på Bergenshalvøya, eller meir presist på eit nes mellom Mobergsvika og kommunesentret Osøyro. Det er tale om eit bygg på 5 800 kvadratmeter til 225 millionar kroner. Arkitekt har vore Grieg arkitekter AS med tilhald i Bergen, eit kontor oppretta i 1922 av Per Grieg, i dag drive av Andreas Grieg og Lorentz Grieg.

 

Kunst- og kultursentret er resultatet av eit offentleg-privat samarbeid, der den største bidragsytaren har vore Grieg Foundation med 65 millionar kroner. Denne stiftinga, som er ein del av Grieg Group, vart oppretta i 2002 og har sidan satsa drøyt tre hundre millionar kroner på tiltak i kryssingspunktet mellom ungdom, kultur og helse.

 

Oseana Kunst- og Kultursenter har fått storsal med fleksibelt rulleamfi for 490 vitjarar, og byr på kunstutstillingar, kino, konsertar og kulturskule. Heile bygget har universell utforming, og oppvarminga kjem med vatnbåre varme, med varmepumpe i sjøvatn og solcellepanel, som eit førebileteprosjekt for Enova.

 

«Årets bygg er stedsutvikling på sitt beste. Nyskapende i sin energiløsning – krevende i sin satsning – forbilledlig i sitt samspill,»  seier juryen om vinnarsentret.

Prismottakarar på vegner av Vennesla bibliotek, frå venstre Nina K. Amdahl (Rambøll AS), Torhild Bransdal (ordfører Vennesla kommune), Håkon Solheim (Helen & Hard AS) og Leif R. Sakariassen (Vennesla kommune). Foto: Per Skogstad - Treteknisk
Prismottakarar på vegner av Vennesla bibliotek, frå venstre Nina K. Amdahl (Rambøll AS), Torhild Bransdal (ordfører Vennesla kommune), Håkon Solheim (Helen & Hard AS) og Leif R. Sakariassen (Vennesla kommune). Foto: Per Skogstad - Treteknisk

Vennesla bibliotek

Det nye biblioteket i Vennesla i Vest-Agder har fått mykje merksemd etter opninga sist haust. Så er det òg blitt eit særmerkt bygg, signert Helen & Hard AS, med tre i berekonstruksjonar, kledning, innreiing og solavskjerming.

 

Biblioteket skal vere ein sentral møtestad, knyttar an til eit eldre kinobygg ved torget, og har sjølvsagt kafé. Grunnflata er på nær to tusen kvadratmeter.

 

Hovudkonstruksjonen kjem med 27 ribber av limtre, som spenner over heile rommet og førast vidare i bokhylleinventaret. Ribbene, som alle er ulike, kjem frå Moelven. Dei er armerte for å tåle tverrstagskrefter, og er monterte med spesialverktøy frå Tyskland. Alle inner- og yttervegger, heishus med meir er av massivtre, levert av det austerrikske firmaet KLH. Oppvarminga er vatnbåre med varmepumpe tilknytta åtte energibrønner. Biblioteket er eit lavenergibygg i energiklasse A.

 

Dette er framifrå «kvardagsarkitektur», meiner juryen.

Årets trebygggeri: Vennesla bibliotek, teikna av Helen & Hard AS. Foto: Tore Emile Ashley
Årets trebygggeri: Vennesla bibliotek, teikna av Helen & Hard AS. Foto: Tore Emile Ashley