Nyheter

Bustadpaviljongar signert Eder Biesel

Eder Biesel Arkitekter har vunne ein avgrensa konkurranse om nye studentbustader i Bjergsted i Stavanger.

Oppdatert perspektiv av bustader i Bjergsted. Illustrasjon: Eder Biesel Arkitekter

Dei om lag hundre studentheimane skal skape eit godt bustadmiljø, nye møtestader, vere ein del av Bjergstedparken og utviklinga av området til eit kraftsenter for musikk og kunst, og stå fram som eit berekraftig førebileteprosjekt. 

 

Juryen fann ikkje ei løysing som var det perfekte svaret, men sa seg nøgd med arbeidet som var lagt ned i framlegga. Eder Biesel trakk det lengste strået i tevling med Helen & Hard, Haga Grov og 3RW.

 

Parken på den andre sida

Ei hovudutfordring var å få bustadene og den nye parken til å dra i hop med Bjergstedparken på andre sida av Borgermester Middelthons gate. I vinnarframlegget er bygga utforma som frie paviljongar på litt avstand frå gata. Området får elles halde på landskapspreget, for slik å knytte seg til den store Bjergstedparken, så resultatet blir eitt stort parkrom.

 

Eder Biesel vann på dette hovudgrepet, sjølv om juryen sakna programmering og ei meir detaljert utforming av parkområdet rundt nybygga i framlegget frå det Stavanger-baserte kontoret.

 

Solitære volum

I framlegget er massivtre brukt i konstruksjonen, og tre i ytterkledninga. Arkitektane har tenkt seg bygga som passivhus i energiklasse A eller B.

 

Paviljongane står tilbaketrekte og utforma som nokså lukka, solitære volum. Juryen ser det som bra at bygga ikkje privatiserer parkrommet, men meiner at arkitektane har gått litt for langt.

 

Bustadeiningane er elles «enkelt og effektivt organisert», med godt innfall av sollys. Nokre av bodløysingane må likevel utviklast vidare, og juryen ber om meir kompakte bygningar med meir lesbare inngangar, at fløyene i fire etasjar blir senka så den dominerande hushøgda blir på tre etasjar, og at ein reviderer plasseringane av husa.

 

I juryen sat sivilarkitektane Grete Kvinnesland og Ib Omland, landskapsarkitekt Anne Truelsen Schultz og tre andre personar.

Situasjonsplan frå vinnarutkastet hausten 2011. Illustrasjon: Eder Biesel Arkitekter
Situasjonsplan frå vinnarutkastet hausten 2011. Illustrasjon: Eder Biesel Arkitekter