Nyheter
MÅNEDENS KONTOR:

Bistandsarkitekt for Røde kors i Sør-Sudan

«Keep it simple» var slagord og mål gjennom heile prosjekterings- og byggefasen av ein helsestasjon i Yirol i Sør-Sudan, der innbyggjarane har lengre erfaring med krig enn med fredeleg samarbeid. To trær kan ha gjort det lettare å etablere eigarkjensle, skriv arkitekt Sigrid Vesaas.


Sudan har vore prega av borgarkrig og indre konfliktar sidan uavhengigheten frå Egypt og Storbritannia i 1955. Fredsavtala som vart signert i 2005, gjorde slutt på over 20 år med borgarkrig, den lengste i Afrika, og etterlot seg eit Sør-Sudan på botn av dei fleste statistikkane innanfor helse, utdanning og utbygd infrastruktur. I 2005 var det til saman mindre enn 10 kilometer med asfaltert veg i heile Sør-Sudan.

I overgangsfasen frå å vera eit land i krig, til gradvis satsing på oppbygging av infrastruktur og offentlige tjenester, treng Sør-Sudan enno støtte og monitorering frå det internasjonale samfunnet. Dette er ein stad der heltane frå krigen med lita erfaring eller preferansar for strategi, ledelse og økonomi, skal bygge landet.

«Yirol Primary Health Care Project», støtta av Røde Kors, er med på å sikre at omtrent 200 000 har eit primærhelsetilbud i denne overgangsfasen. Vaksinasjon, jordmortjeneste og bygging og reparering av brønnar er ein stor del av prosjektet, men det blir jobba aktivt og kontinuerlig for å gjera innbyggjarane i stand til å overta drifta på eiga hand etter kvart. Eg har akkurat kome heim etter nesten to år i Yirol, med hovudansvaret for bygginga av ein helsestasjon som vil bli eit viktig senter i denne primærhelse-strukturen.

Eit hus og to tre

Yirol ligg omtrent midt i Sør Sudan, midt i det store, opne, flate landskapet der dinkane lever sine tradisjonelle liv som dei har gjort i hundrevis av år. Dinkar er eit høgreist, stolt folkeferd, tradisjonelt organisert i klanar, praktiserer fleirkoneri, eit kvegfolk som lever tett med kyra og er på vandring gjennom sesongane etter beiteland og vatn.

Flesteparten av dei som vil oppsøke helsestasjonen, har gått langt, kanskje bruka heile dagen, og ved å ha dei ulike funksjonane knytt tett saman, vil ein kunne fange opp fleire i det førebyggande arbeidet, og spesielt i målgruppa mor/barn. Ønsket var eit slags samlebandsprinsipp, du går inn ein stad og ut att ein annan stad, og har då vore gjennom alle postane du skal. Ein rask og enkel byggeprossess var også ønskelig, så resultatet vart ein enkel bygningskropp der alle funksjonane vart samla under eit tak. Eit ope areal i midten fungerer som ein innebygd veranda der personalrommet ligg midt på og deler bygningen mellom sengepasientane og dagpasientane, og ein person kan vera på vakt og ha oversikt over heile bygningen samstundes.

Her er to hagar som er med på å skape ulike soner, kor ein kan samle grupper for helseundervisning, det kan vera backup-areal i tilfelle sjukdomsutbrudd, og sørger for god luftgjennomstrøyming gjennom bygningen. Og så får pasienten noko fint å sjå på! Når det var oppmåling på tomta, viste det seg at to tre stod nettopp der den eine hagen kom til å bli, så desse trea har stått der og skapt forundring og begeistring. For tre inne i eit hus!?

Lokal forankring

Bygningen er på totalt 900 kvadratmeter med i tillegg eksterne støttefunksjonar som latrine og dusj, vatntårn, generatorhus og solcellepanel. Nyang Primary Health Care Center vil gje eit 24 timars helsetilbud med 10 sengeplassar, ein barselklinikk med tre sengeplassar, konsultasjonrom for enkel kurativ behandling, helsestasjon for mor/barn og eit apotek. Eit lite laboratorium og eit steriliseringsrom er einaste «tekniske» rom. Dette er i tråd med dei nasjonale retningslinjene for eit Primary Health Care Center.

«Keep it simple» har vore eit slagord og mål gjennom heile prosjekterings- og byggefasen. Dette er ein bygning lokalsamfunnet får ansvar for og burde derfor ha ein standard dei kan handtere og halde ved like. Det er til dømes ikkje vits med WC når dei ikkje brukar latriner eingong, og mange rørleggerar er det heller ikkje omkring. Veldig lite er tilgjengelig lokalt av både byggematerial og kvalifiserte handverkerar. Sand og stein vart henta frå elvar og skogen omkring, og sementblokkar produserte på staden. Einaste tilgjengelig treverk eigna for bygging, er mahogni, som det er strenge rekstriksjonar på å hogge, og derfor vart stål vald å bruke som hovudbæring. Dette vil også gje mindre vedlikehald for lokalbefolkninga og har større varighet. Stål, sement, vindu, bølgeblekk, dører pluss pluss vart frakta frå Nairobi, ei reise som tek ca. åtte dagar dersom du er heldig, for vegane er ofte hardt råka av både røverar og flaum. Derfor er bygging i Sør-Sudan veldig dyrt og veldig risikofylt.

Brukarmedvirkning


Brukarmedvirkning er eit kjent omgrep i norske plan- og byggeprosessar, og er så absolutt viktig ein stad som Sør-Sudan. Det har vore viktig å involvere lokalsamfunnet og myndighetane i heile prosessen for at dei skal få ein størst mogeleg eigarskap og stolthet til bygning og kjenne eit ansvar for vidare drift. Her vil arkitekturen, og eit par tre, forhåpentligvis også vera ein bidragsytar. Det er tross alt ikkje Norges Røde Kors som driv eller skal drive primærhelsetjenestene i området, eller koma og fikse ting når noko ikkje virkar. Vegen frå eit samfunn som omtrent berre har vore basert på tung bistand til å ta meir og meir ansvar sjølv, er ganske lang. Her er det ei mentalitetsendring frå å vera ein mottakar til å bli ein bidragsytar som må til, etter over 20 år med krig, og dette krev tålmod og systematisk jobbing. Som nemnt tidligare er kapasitetsbygging ein viktig del av prosjektet, og intet unntak her. Dei få lokalt tilsette fekk god oppfølging av formannen på tomta og fekk ikkje berre lære om muring og snekring, men også om oppfølging og planlegging av byggeplassen. Desse vil forhåpentligvis bli gode vaktmesterar i framtida. Vidareformidling av kunnskap er det viktigaste me kan gjera når me jobbar ute i felt, fordi det dei ber på i hovudet, kan ingen ta ifrå dei seinare.