Bergen tok sin nystemte
Nye tonar frå Bergens Arkitektforening etter at Jørgen Grahl-Madsen har vorte leiar.
Attåt leiaren har Bergens Arkitektforening (BAF) teke Lars Jarle Cohen og Lars Tørresen inn i styret som nye, medan Anne Carlsen, Anne Marie Grimsrud, Daniel C. Tabacaru og Pål Eikås sikrar kontinuiteten frå tida med Morten Ramm Salbu i spissen.
Frå BAS til BAF via Nederland
Den nye leiaren er retteleg ein ny kost. Han har ikkje hatt styreverv i BAF tidlegare, men har gjort mykje anna, både før og etter at han hoppa av reklamebransjen og konverterte til Bergen arkitekthøgskole og arkitektbransjen.
Med BAS-diplom i sekken fór han ut og skaffa seg praksis ved UNstudio og Olaf Gipser Architects i Amsterdam, og etter å ha pendla ei stund mellom ute og heime, oppretta han sitt eige kontor, Office for Architectural Responses (OAR), eit namn som minner om at arkitektur er ein respons som oppstår i spenninga mellom stadlege, økonomiske, kulturelle og politiske tilhøve.
Den nye leiaren er ein byggjande arkitekt med interesse for teoretiske spørsmål. Dei faglege problemstillingane vil få større tyngd i BAF frametter med Jørgen Grahl-Madsen som leiar.
Frå hopp til alpint
Det er ikkje spøk å hoppe etter Morten Ramm Salbu, men den nye BAF-leiaren dreg gjerne til Voss eller Geilo for å dyrke alpine skigreiner. Om han ikkje kan tevle med Wirkola eller Ramm Salbu som skihoppar, lik han å setje utfor og fare nedetter bakkane som ein vind. Så ved neste høve kan spørsmålet til ein påtroppande BAF-leiar bli: «Korleis er det å setje utfor etter Grahl-Madsen?» Men enno er spørsmålet:
– Korleis er det å hoppe etter Ramm Salbu?
– Det er ei utfordring, svarar den nystemte kosten i alpindress, så ein høyrer respekten i stemma. Han peikar på at BAF har vorte meir synleg dei siste åra, og Ramm Salbu har mykje av æren for det, med det store engasjementet sitt.
– Men vi i det nye styret har ikkje tenkt å roe ned tempoet. Vi vil halde det oppe, legg den nye leiaren til.
Arkitektnytt roar seg ned. Det kjem fleire debattar i Bergen.
– Bydebattane er viktige, slår leiaren fast. – Dei gjer faget synleg og skapar engasjement, men dreier seg mest alltid om konkrete einskildprosjekt, eit nytt bygg eller bybanen. Ein får ikkje brei, folkeleg debatt om korleis ein kan gjere eit hus meir berekraftig. Den offentlege debatten er vanskeleg å styre. Han treng merksemd i media.
– Blir det fleire faginterne debattar i BAF?
– Det er viktig at vi tek opp fagteoretiske spørsmål i BAF. Eg vil elles ha fleire arkitekturutstillingar i byen, som skapar engasjement for faget. No er dei mest berre å finne i hovudstaden.
Fleire nye lokalleiarar
Noreg er litt meir enn Bergen, og det er triveleg å melde at Magne Bergseth held fram som leiar i Møre og Romsdal Arkitektforening, etter å ha vore i styret sidan 2008. Bergseth var med å starte Sogn og Fjordane Arkitektlag i 1983 og er slik retteleg for ein veteran å rekne i lokallivet til Norske arkitekters landsforbund.
Telemark Arkitektforening er 40 år i år og skal markere dette med den nyvalde leiaren sin, Joachim Abrahamsen, i føringa.
Erik Collett stiller 30. august til val som ny leiar for Oslo Arkitektforening, og med det kjem det ei løysing for hovudstaden også.
