Nyheter
KOMMENTAR:

Bergen byformsenter får ikkje tilskot

Som styreleiar i Bergen byformsenter/Vestform kan eg melda at stiftinga no vert oppheva av Bergen kommune.


Gateliv i Bergen. – Bergen byformsenter/Vestform var ein viktig premissleverandør for lokal kunnskap fram mot ein ny arkitektur, meiner Svein Hatløy. Foto: Olav Ødegården

Bergen byformsenter vart utforma og sett i arbeid av Bergen kommune, ved kommunalråd for byutvikling, Anna Elisa Tryti og byplansjef, sivilarkitekt MNAL Magnus Westerberg. Ordførar Ingmar Ljones og fylkesordførar Magnar Lyssand signerte stiftingsdokumentet i 2003 saman med kulturminister Åse Kleveland frå regjeringa.

Det er den kontrakten som no vert oppheva, og det er Bergen kommune som står bak denne handlinga.

Kontrakten inkluderte alle fagorganisasjonane i Bergen og Hordaland, for forming av by, tettstad og miljø, arkitektar, landskapsarkitektar, biletkunstnarar og designarar, saman med utdaningsinstitusjonane i Bergen, Universitetet, Bergen ArkitektSkole, Kunsthøgskolen, og dertil Kunstindustrimuseet med kommunal kontorplass. Føremålet var eit aktivt samarbeid og oppbygging av eit praktisk nettverk for debatt og rådgjeving i by- og miløutforming.

Bergen og Hordaland finansierte drifta, medan alle medstiftarane deltok på eigne budsjett.

Dette varte nesten til Byformsentret/Vestform fekk plass på statsbudsjettet, etter forhandlingar med kulturminister Giske. Dette vart ein post for prosjektmiddel til regionale formsentra.

Men Bergen kommune gav ikkje tilslutnad tidsnok med driftstilskot. Disposisjonsretten gjekk difor til Norsk Form i staden. Endå Bergen byformsenter/Vestform, saman med tilsvarande faglege samarbeidsinstitusjonar i Trondheim og Kristiansand, hadde forhandla fram denne posten, skal dette no styrast sentralt frå Oslo.

Resultat: Bergen byformsenter /Vestform får ikkje tilskot korkje til drift eller prosjekt, slik som stiftingskontrakten la opp til. Difor kan stiftinga ikkje driva lenger.

Byråd Lisbeth Iversen fekk ikkje den politiske tilslutninga som kommunalråd Anna Elisa Tryti fekk.

Sluttord: Oppgåvene i dag i byutvikling, i vår tids klimakrise, treng den kunnskapen som berre Universitetet og den alternative arkitekthøgskulen kan tilføra, gjennom si forsking og forsøk. Ein ny arkitektur, med eit nytt program, treng eit vidt samarbeid for å formast og utviklast.

I denne klimakrisetid er det ord om raske, lettvinte løysingar som tek plassen i ordskiftet. Det er enklast med eindimensjonal teknologi og populær design. Men alle veit frå den lokale bygningshistoria og den vanskelege arkitekturen, at ny arkitektur treng tid fordi problemstillingane er svært samansette. Berre radikalt nye konsept i arkitektur og byform, og ganske samansette løysingar krevst.

Eit sentralt kontor for formgjeving på Austlandet veit ikkje kva lokalklima på Vestlandet er.
Endå verre er det at planadministrasjonen lokalt, i Bergen og vestlandsbygdene, ikkje bryr seg om det. Prata om det gjer alle, men veit ikkje å ta tak i det, konkret på staden. Handling trengst, og tverrfagleg samarbeid.

Eit forsøk vart gjort, og lett var det ikkje. Men politisk innsyn og makt mangla for å gå vidare.
Stoda: det er enklare å gå ut frå at jorda framleis er flat.

Svein Hatløy
arkitekt og professor ved BAS

medstiftar i Bergen byformsenter/Vestform