BAS flyttar til Oslo!
Det er ikkje ein aprilspøk, men rett nok berre ei mellombels hending.
BAS kjem til Oslo med elevar og lærarar for å vere med på den store arkitekturfestivalen i byen under Arkitekturens år 2011, fortel BAS-rektor Marianne Skjulhaug. Ho legg til at det ikkje er berre Norske arkitekters landsforbund som rundar år i år. BAS, den alternative arkitektskulen i Bergen, har eksistert i 25 år.
– Slik kan vi slå saman energiane våre, seier ho med eit smil i telefonen. – Vi vil feire årmålsdagen 1. september med stor fest i Bergen, men samstundes vil vi vere med å feire Arkitekturens år i Oslo.
BAS har sjølvsagt planar for sitt eige opplegg i Oslo, ved sida av festivalen. Førsteårsstudentane ved skulen plar vere fire uker i det vestlandske kulturlandskapet for å gjere seg kjente med det. No blir det feltundervisning i det austnorske urbane landskapet i staden.
– Og vi skal halde eit internasjonalt seminar om arkitektutdanning den 25. september, seier Skjulhaug.
Programmet er ikkje spikra, men BAS finn nok vegen fram.