Nyheter

BAS - 20 av 100 av 4500 ÅR

BAS, den norske, frittståande og uavhengige arkitekthøgskulen i Noreg, markerar 100 år sidan 1905 med programmet «grindabygg for vår tid», den eldste byggemåten i landet, for ei ny tid, for nye generasjonar arkitektar.


Grindabygg/visingsbygg på Kvamsøykaien ved Sognefjorden. Ark. Svein Hatløy. (Fotos: BAS)
BAS, Bergen Arkitektskule, har gått inn i sitt 20. offisielle undervisningsår, med 140 studentar og 40 lærarar, etter uteksaminering av sitt 15. diplomkull, det største kullet til no. 28 har fått tittelen master i arkitektur, mellom dei den fyrste landskapsarkitekten frå BAS, Ragni Helveg.

For 112 år sidan søkte ein om å få oppretta arkitektskule i Bergen, men svaret var negativt. Hovudstaden låg då i Stockholm, ein arkitektskule kunne berre liggja der. No er det arkitekthøgskule i Bergen. Endå det skjedde ei god tid ut i 100-året, er det sakleg grunn å markera.

Stasjonar i utlandet har BAS fått i Taiwan, Istanbul og Sveits, og har hatt representasjonsoppgåve i Warszawa. Saman med den norske ambassaden representerte BAS forfedrelandet på opninga av den siste utstillinga til Oskar Hansen. No kjem vidare samarbeid for BAS-undervising i Kina og India. BAS-diplomen, godkjent av norsk statsråd og EU-kommisjonen, kan no takast av utanlandske arkitektar gjennom eige masterkurs. Det andre intensivsemestret tek til 1. desember.

FLEIRE BYGG ER MED I 100-ÅRSMARKERINGA
Denne markeringa føregår berre på norsk jord, førebels. På Utsira vøler førsteårs-studentane eit stort grindanaust, i Sogn tek andreårs-studentane del i ny grindabygging, og på BAS-kaien er ei studentgruppe frå 5. årskurs byggjande arkitektar (saman med BAS-studio 3) for eit nytt servicebygg, eit bygg i stolpekonstruksjon og limtredragarar med skrog av massivtre. Litt etter kvart kjem «skulen under open himmel» under tak på stavar.

Det skal nemnast, for norske skattebetalarar og interesserte arkitektar, at BAS ikkje får løyvingar til sine bygg, at bankane no ikkje gjev lån, – dei stolar nemleg ikkje på dei regulerte undervisingsløyvingane frå staten heller. Og, «Noreg 2005» gav inga støtte til vår 100-årsmarkering. Vestlandet ligg framleis langt frå hovudstaden.

GRINDABYGGET PÅ KVAMSKAIEN I SOGN
Eit av markeringsbygga: 30 meter langt, 7,7 m breitt og 7,7 m høgt, er eit bygg for Tretema AS til framvising av lauvtre til bygg, møblar og andre treprodukt. Lauvtre ligg fast i tradisjonen, men ikkje i byggstandarden. Det vil og må me gjera noko med. Eit opplæringskurs for handverkarar og andre interesserte har bygt på Kvamskaien under leiing av grindabyggjaren Rune Revheim frå Osterøy. Tradisjonen er utvikla gjennom fire og eit halvt tusen år her i landet, ein tradisjon som er utløpar av det nordeuropeiske stolpe- og grindbygget, og har overlevd på Vestlandet der det framleis er i autentisk bruk.

Pyteas, den greske geografen som skreiv frå si ferd langs norskekysten, 300 år før Kr.f., altså under hellenismen, som sjølv hadde ein stor byggebolk: – her, langs Nordvegen, skriv han om landet med dei store bygningane, der dei gjorde utearbeidet inne.

Grindabygget er ein open hall, i prinsippet Open Form, for framhald i båe endar og sidesvis påbygging med nye parallelle skip. Konstruksjonen er velkjent, men arkitekt og byggingeniør (her lærarar ved BAS) må til for den nye tida. Me byggjer på nye vilkår, med andre parametrar, og den visuelle strukturen skal stå i ein ny samanheng.

Didaktisk for dei nye generasjonane arkitektar: – grindverket er bærande som beingrinda i ein kropp, medan ytterhuda skal verna mot vind og vær. (Korkje modernismen sitt synlege skjelett, eller tømmerstova sitt massivbygg kan stå ute i vått og kaldt vær.) Ytterhuda skal vera meir enn ein vakker innpakning. Som for kroppen skal ho pusta, og slik fungera både utover og innover. Elles utviklast det sjukdom.

Våre nye hus treng verneskjold så vel som visingsevne. Ordet fasade, så vel som det allmenne konseptet for dette, har vorte så forenkla i si tyding, at arkitekturen har degenerert. Arkitekten må tenkja seg om, på ny, og skapa identitet i kvart nye prosjekt; – for vår tid, for våre liv og for vår visuelle kommunikasjon.

«DET BYGDE SPRÅKET»
Under denne tittelen viser ein BAS-student sitt diplomprosjekt, ein bygd visuell kommunikasjon med Japan. Det er eit prosjekt i full målestokk, utforma med utgangspunkt i ei utstilling i Bergen presentert av den japanske ambassadøren i fjor, for utvida relasjonar mellom Noreg og Japan. (Diplomprosjektet er omtalt i Diplomkatalogen BAS 2005, og i Bergens Tidende 9. september, i vedlegget «Hus og Hjem».) Dei andre diplomprosjekta er for Eritrea, Sri Lanka og Svalbard i tillegg til 23 norske stadar, spreidd over heile landet frå Bodø til Søgne, frå Askøy til Askim.

Språket har sine dialektar, sine lokale former, sine overleverte uttrykk, men òg nyskapte element som får form i den sosiale samanhengen språket opprettar. Også det bygde språket vert brukt for å få svar. Diplomprosjektet er eit svar til nemnde relasjonar Noreg-Japan og vert sendt til arkitektskulen i Kyoto, der studentar i sin tur vil koma med svar. Kan hende arkitektar som les Arkitektnytt, og vil svara.
«Det bygde språket» – ein bygd visuell kommunikasjon med Japan. Diplom BAS 05 av Jon-Martin Kolnes.
«Det bygde språket» – ein bygd visuell kommunikasjon med Japan. Diplom BAS 05 av Jon-Martin Kolnes.
Eit nytt servicebygg på BAS-kaien er nett no under reising. Ark. BAS-studio 3.
Eit nytt servicebygg på BAS-kaien er nett no under reising. Ark. BAS-studio 3.