Asplan Viak + KanEnergi
Asplan Viak har styrka energikompetansen sin med å kjøpe KanEnergi, ein spesialist på området.
KanEnergi AS har drøyt 30 tilsette i Noreg og Sverige og utmerkar seg med kompetanse innanfor energi, miljø, teknologi og økonomi. Asplan Viak AS er ein mykje større aktør i marknaden. Dette selskapet er eit rådgivande ingeniør- og arkitektfirma med over 600 tilsette og brei kompetanse innanfor felt som plan, analyse, arkitektur, landskap, bygg, installasjonar, samferdsle og miljø. Med kjøpet av Kan Energi vil Asplan Viak stå enda sterkare enn før i handteringa av energi- og miljøspørsmål, som er eit vekstområde i marknaden.
– Det er viktig at omsyn til energi og miljø kjem tidleg inn i planlegginga av prosjekt, meiner direktør Øyvind Mork i Asplan Viak AS, som frå 1. november har KanEnergi med på laget som ei eiga eining.