Arkitekturpolitikk for trøndersk byfellesskap
– Arkitektur har kraft til å endre samfunnet. Difor treng vi ein politikk for kva vi vil at arkitekturen skal gjere for oss, heiter det frå bygningsrådet i Trondheim.

Det står å lese i det ferske framlegget til ein rettleiar for byforming i Trondheim, som bygningsrådet la fram 26. juni. Dokumentet er eit svar på oppmodinga til kommunane i arkitekturmeldinga frå 2009, «arkitektur.nå», om å utarbeide eigne arkitekturpolitiske program. På eit ope møte først satt til 30. august, deretter flytta til 11. september, skal Trondhjems Arkitektforening (TAF) og Fortidsminneforeningen uttale seg om det fagpolitiske framlegget.
Fokus på offentlege byrom
Arkitektur omfattar «alle våre bygde fysiske omgivelser når disse har form, struktur, romlighet og uttrykk, i tillegg til å ha en bruk og forholde seg til et sted», heiter det. Arkitektonisk kvalitet får ein når «form, funksjon og bygningsteknologi forenes i en helhetlig, kunstnerisk idé». Heilskapsomgrepet skal ikkje vere ekskluderande. Estetikk er knytta til formuttrykket, men også til «hva som er ønkelig og verdifullt».
Kva tyder dette i praksis, når dei mange ulike behova krev sitt? Ein ønskjer «å fortsette dagens kurs med å bygge den gode byen innover», står det. Ein kan merke seg ordet «innover». Byen skal bli tettare. Det stiller krav til arkitektur og byforming. Korleis skal ein møte dei komplekse eiendomstilhøva, interessekonfliktene og dilemma som følgjer høge arealverdier og tunge investeringar?
Eit svar er ifølgje utkastet til rettleiar å satse på dei offentlege uteareala: «Hvis vi kan gjøre de offentlige arealene bedre, kan vi også utnytte de private arealene bedre. Når alle eksempelvis kan oppleve flott utsikt fra byens fellesrom, kan man lettere akseptere at det ikke er utsikt fra hver enkelt bolig.»
Ikkje høghus i byen
Det gjeld å satse på uteromma og å ta vare på dei mange siktlinene i byen. Trondheim er og skal vere ein open og grøn kunnskapsby, og ikkje bli ein høghusby. Bygningar skal ikkje markere seg «på bekostning av byens kvaliteter».
For kvalitet i vidareutviklinga treng ein heilskaplege løysingar, men òg nyskapande løysingar for «tilstrekkelig kvalitet i fortettingsprosjekter», og for å kunne følgje opp klima- og energiplanen for Trondheim.
Byen treng møteplassar og uterom for alle, og ein vil prioritere areal til opphald ute framfor parkering, og løysingar som inviterer folk til å gå og sykle.
Til hjelp og inspirasjon?
Det meste av dette kling som god musikk i øyra til journalisten, men det er ein viss skepsis i røysta til TAF-leiar Jan Støring når han kommenter framlegget for Arkitektnytt i framkant av det opne møtet flytta frå 30. august til 11. september.
– Vi ønsker dokumentet velkomment som eit uttrykk for interesse og vilje til å satse på arkitektur, men vi i TAF er sterkt opptekne av at ein slik rettleiar skal vere ei kjelde til hjelp og inspirasjon for oss arkitekter og planleggere i arbeidet vårt, ikkje nok ein reiskap til å passe på at vi gjer ein god jobb. Vi treng personleg fridom for å kunne vere kreative, og regelverket er strengt nok som det er, seier Støring i telefonen.
Dokumentet er utarbeidd av Sissel Arctander, Torunn Lien Nilsen, Ragna Fagerli og Vidar Vollan. Det er eit høyringsutkast til arkitekturpolitikkens del 1. Ein komande del 2 skal gå nærare inn på kommunen si eiga rolle.
På Trondheim kommunes nettsteder finner du hele forslaget til kommuneplanens arealdel.