Nyheter

Arkitektur i skulen - men kva slag?

Arkitektur har fått eit større rom i nyare læreplanar. Det er på tide. Det moderne livet utspelar seg ikkje i naturen, men i arkitekturen, det finn stad i det menneskeskapte miljøet i og mellom husa.


Husa våre står for ein stor del av den totale ressursbruken, og meir enn det som er bærekraftig på sikt. Me treng meir kompetente og kritiske brukarar av arkitekturen!

Arkitekturen er for viktig til å overlatast til arkitektane! Då er det ikkje uvesentleg kva som står i lærebøkene. I samband med eit opplegg for «Den kulturelle skulesekken» (8-10. klasse) tok eg for meg kapittelet om «Hus» (30 sider) i læreverket Akantus (Samlaget, 2000).

Kapittelet har sine gode sider, men har så mange feil og svake framstillingar at det snarast bør reviderast før vrangforestillingar og avsmak for emnet får festa seg. Noko positivt skal seiast: Elevoppgåvene er stort sett greie, og nokre av bileta er forteljande.

Her er dei viktigaste ankepunkta:
Omgrepa arkitektur og byggeskikk er brukte og definerte på ein i beste fall uklår og misvisande måte. Side 117:
«Byggeskikk omfattar alt som blir bygd, både hus vegar, bruer og andre anlegg, og samspelet mellom bygningane og landskapet og miljøet omkring.
Når vi snakkar om byggeskikk, tenkjer vi på måten huset er konstruert på, materiala det er laga av og måten det er utforma og innreidd på.»

Dette er feil! Byggeskikk er det som ordet seier: ein skikk, altså ein innarbeidd, vanleg måte å gjera ting på. Det rengst ein stor grad av repetisjon for å kvalifisera til å kallast skikk. Byggeskikk er eit verdinøytralt uttrykk for fenomen som tek seg oppatt.

Husbanken sin definisjon kan godt brukast:
«Hus og anlegg blir ein del av ein byggeskikk når dei uttrykkjer felles måter å løyse ei byggeoppgåve på over eit tidsrom og/eller eit definert område.»

Forfattarane synest engstelege for å bruka ordet «arkitektur». Det er ikkje så rart, med den definisjonen dei presenterer i elevoppgåve nr. 14 på side 121: «Arkitektur blir stort sett skapt av arkitektane... ».

Dette er ein heilt utdatert oppfatning og bruk av omgrepet arkitektur, og totalt ubrukande i ein meiningsfull samtale om vårt bygde miljø. Det kan nok tenkjast at denne oppfatninga framleis har sine talsmenn i dei meir fossile delane av arkitektlauget. I boka Norsk Arkitekturhistorie (Samlaget 2003) er ein meir funksjonell definisjon lagt til grunn: Arkitektur er byggverka i landskapet.

Så kan me snakkast om kva som er god og dårleg arkitektur! Det er slett ikkje sikkert det står ein arkitekt bak all god arkitektur.

På side 121 står òg eit merkeleg utsagn om moderne arkitektar sitt arbeid:
«Det viktigaste prinsippet har blitt at eit nybygg skal passe til omgivnadene.» Det motsette kan hevdast med like stor rett! Kontrasten, det spektakulære, vert dyrka, mange vil seia til overmål.

«Huset gjennom arkitekturhistoria» er ein hovudbolk i kapittelet. Prioriteringa av stoffet verkar tilfeldig og utvalet mangelfullt. Det er for så vidt greitt å vera 100 prosent eurosentrisk, men det bør seiast!

Førhistoriske husformer i Noreg er knapt nemnde. Langhustradisjonen er ikkje omtalt i det heile! Store anlegg med opp til 90 meter lange hus, utvikla og foredla over 2-3000 år fram til mellomalderen. Eit rikt og spennande illustrasjonsmateriale finst tilgjengeleg!
Forfattarane nemner gammer og lavvo som dei einaste førhistoriske byggeskikkane som framleis lever. Har dei ikkje høyrt om dei tusentals grindbygde naust og løer (frå 1800- og tidleg 1900-tal) som framleis står støtt rundt land og strand? 3-4000 år gamal byggeskikk, er det nok?

Stavkyrkjene er rekna for å vera det norske bidraget til Verdsarkitekturen. Dei har fått fem setningar, og faktaopplysningane er feil eller tvilsame! (Vi har 28 stavkyrkjer att, ikkje 20 som forfattarane hevdar.)

Renessanseavsnittet er ein pedagogisk katastrofe. Eit fasadeutsnitt av Palazzo Farnese i Roma tek opp 2/3 av spalteplassen, med ein bilettekst som kanskje vil interessera studentar på mellomfagsnivå. Eit lite bilete av Palladio sin Villa Rotunda hadde fått fram poenget på ein grei måte. Så kunne resten av plassen vore nytta til å illustrera teksten om treskjæringskunst og endringar i norsk byggeskikk. Det trengst!

Sveitserstil og Dragestil har fått fire setningar. Sveitserstilen er ikkje eingong illustrert, sjøl om han innvarsla ein revolusjon i norsk byggeskikk. Derimot har Jugendstilen fått tre store foto. Denne prioriteringa speglar holdingane i deler av arkitektmiljøet, men er om lag omvendt proporsjonal med den verkelege utbreiinga og betydninga i samfunnet.

Den lange omtalen av ei rekkje stjernearkitektar innafor modernismen burde vore kutta ut. (Dette er kongerekkja omatt!) Utvalet er diskutabelt, og deira rolle og innsats er i dag svært omstridd. Det vert i alle fall heilt meiningslaust å omtala dei utan å visa bilde av bygg dei har teikna. Ein byggkavalkade med arkitekten sitt navn i tekstfeltet ville vera ein meir meiningsfull presentasjonsmåte.

I ei framstilling av byggekunst/ arkitektur vert illustrasjonane heilt sentrale. Her er brukt berre foto, og mange av dei er dårlege i samanhengen. (Foto av eit veggfat frå andre halvdel av 1900-talet tek opp ei halv side av avsnittet om Barokken!)

Generelt ber framstillinga preg av ei forelda og elitistisk oppfatning av arkitektur og arkitekturhistorie, med overdriven fokus på stilbegrepet. Det er ikkje ungane sin feil om stoffet ikkje fengjer.

Mi erfaring etter å ha vore i meir enn 70 ungdomsskuleklassar med eit to-timars opplegg i «Den kulturelle skulesekken», er at arkitektur vekkjer interesse når det vert knytt til ei livsverd som elevane kjenner: «Arkitektur er også husa der du bur!»