Nyheter
Arkitektar nær himmelen
Daniel Dusowsa sit innhylla i piperøyk og si eiga GDL-verd. Den irske arkitekten har allereie teikna eit nytt hotell på Feuerkogel ved hjelp av modular som er lette å frakte opp på fjellet. Med stor innleving forklarer han ideen for dei som stoppar opp for å sjå.
15. februar 2005
Vi er på ei veglaus hytte i Alpane saman med kring 40 ArchiCAD-frelste datanerdar frå 15 nasjonar. Åleine eller i grupper sit dei rundt omkring med eller utan øl, med eller utan røyk, men dei aller fleste med sin berbare. Og overalt svever David Nicholson-Cole, den engelske arkitektprofessoren som sette ein vill idé ut i livet. Med uuttømmeleg energi, smittande entusiasme og eit årvakent blikk passar han på at alle har det bra.
Fysiske og intellektuelle krumspring
– Alt er eigentleg Osama bin Laden si skuld, forklarer Nicholson-Cole, som er lærar ved Nottingham University. I fleire år har han arrangert ArchiCAD Summer School i Nottingham, men i 2001 måtte han avlyse i siste liten på grunn av 11. september. Ein austerriksk deltakar fekk ikkje meldinga, og kom likevel. Professoren arrangerte eit GDL-kurs i all hast, den austerrikske arkitekten fekk opphaldet gratis, og i rein takksemd inviterte han Nicholson-Cole til Ebensee som føredragshaldar på nettopp Feuerkogel. Engelskmannen vart så fascinert av staden at han byrja å planlegge ei veke Vinterskule nettopp her, isolert frå omverda, siste gondol går klokka 17.00. Det vart ein dundrande suksess.
– Eg lærte bort GDL, dei lærte meg å stå på ski, smiler han. Dessutan er dette einaste måten han får lov av kona til å reise på skiferie åleine på, for det er jo jobb! After Ski betyr noko anna her enn i Hemsedal.
– Ein lærar ting på ein annan måte og får eit anna forhold til folk når ein er aktiv om dagen, slår den smågale engelskmannen fast. Drivkrafta er kjærleiken til ei ungarsk programvare, til skisport – og til det leikande menneske.
Uforpliktande kaos
I løpet av dagen stampar folk ut og inn med slalåmsko eller snowboardsko, medan dei mest ihuga sit pal, i si eiga private ArchiCAD-verd, eller i grupper på to–tre eller fleire for å sjå på arbeidet og metodane til kvarandre. Alle lurer på noko, alle har noko å lære bort. Løyndomen bak suksessen 1600 m.o.h. i dei austerrikske Alpane er nettopp kombinasjonen av å lære og ha det gøy. Den uformelle strukturen, fysisk aktivitet og frisk luft verkar inkluderande. Både innbarka fjellfolk og dei som aldri før har hatt ski på beina, bruker store delar av dagen ute i skianlegget, medan tida etter middag er sett av til faglege aktivitetar, med ArchiCAD som fellesnemnar. Dei flyter rundt, rottar seg ikkje saman nasjon for nasjon. Dei ivrigaste byter GDL-bilmodellar som småjenter bytar glansbilete. Nokre av deltakarane er ikkje ferdig med frukosten før dei opnar GDL-verda si, kablar vert strekte og flap flap oppi kaffikoppar, skitne tallerkenar, sukkerbøsser og bestikk. I år har laptopane innteke røykerommet også, det var ei frisone tidlegare. Den piperøykande iren kan ikkje jobbe utan å patte, og her er det enda meir å passe på; askebeger, røykpakkar, stettglas og ymse kablar på bordet, på benkane og på golvet gjer det vanskeleg å ta seg fram. Oppi alt spring ungane til vertsfolket og dei arkitektane som har med seg familien.
– Austerrikarane er her for å løyse problem, studentane frå England og Danmark ser veka som ein del av studia, tyskarane vil ha både ny kunnskap og moro, seier nettverkseksperten Alex Zweimuller. Men felles er idealismen i faget, miljøvennlege løysingar og at alle kjem frå små arkitektfirma.
Hotmail og venskap
Fleire har inngått samarbeid etter møta på Feuerkogel, enda fleire har besøkt kvarandre og ikkje minst utveksla mailar. Mange felles problemstillingar vert tekne opp i ein sein kveldstime, til dømes importørar med monopol og dei ulike prisane på lisensar.
Første året var det bere ein kvinneleg deltakar. Dette tredje året har dei unge jentene kome for fullt, og tilført Vinterskulen ein ny dimensjon. Charlotte Darre går fjerde året ved Arkitektskolen i Århus, og fekk innpass som praktikant i eit arkitektfirma i Tyskland på grunn av Vinterskulen 2004. Der møtte ho Georg Weber.
– Vi snakka godt saman, og han bad meg ta kontakt om eg for forbi. Eg tok eit semester ved teknisk universitet i Graz her i Austerrike, mellom anna for å praktisere tysk språk, og sende ein mail – om han hadde nokon jobb til meg i München. Og det hadde han!
– Mange studentar spør om ein praksisplass hos oss, fortel Weber. Han kjende Charlotte frå før, og hadde sett ein del av arbeidet ho har gjort. Difor var det lett å seie ja til ho.
– Eg lærer så mykje her, om «workflow», ser nye ting, får nye idear, dessutan er eg glad i ski, det er så avslappande, og eg set stor pris på det internasjonale miljøet, seier han, og er som alle andre her hekta på ArchiCAD.
Kunnskapsutveksling
Gisela Novak frå nabobyen Gmunden fortel at arkitektar med nasa i veret, og dei er det saktens nok av, ikkje kjem hit.
– Då vil dei avsløre seg sjølv, at dei ikkje veit alt. Her er det ingen som hoverer, og alle deler kunnskapen sin med andre, seier spesialisten på idrettsbygg. I fjor møtte ho Andreas Lettner, som har jobba med klatreveggar. Slikt vert det samarbeid av.
– Verda er vorte så lita, tykkjer ingeniør Jørn Løvland, som har skaffa seg både vener og eit nettverk på Feuerkogel.
– Arktis, som importerer dette programmet til Noreg, held kurs, men dei er dyre. På eit dagskurs lærer ein eigentleg berre at ein treng fleire kurs. Det er ein av grunnane til at eg i staden er her, det er både artigare og meir lærerikt, seier Løvland.
For ein vestlending eller nordlending vil det dessutan vere dyrare med eit tredagars kurs i regi av Arktis i Oslo enn ei veke med kost, opphald, ski og fag på Feuerkogel, reisa medrekna. Valet er lett.
– Klart eg kjem att neste år, dette vil eg ikkje gå glipp av! seier den hollandske arkitektstudenten Alexander Tepper. Så held den piperøykande Dusowsa med modulane ei lita framsyning i plenum om eit rart lite 3D-program han har funne og kanskje kan bruke til noko ein dag. Og inviterer til Vårskule kombinert med segltur med båten sin på Irlandskysten.

Mange har aldri hatt ski på beina før, og låg strødd i bakken den første dagen. Kinesiske Liu Liu Zhang, som studerer i Nottingham, var mørbanka.

Ein gondol full av forventningsfulle arkitektar på veg til den tredje draumeveka på Feuerkogel i Austerrike.

Samling framfor ein laptop. Programmeraren Lazslo Vertesi frå Graphisoft klikkar og fortel, men lyttar også til brukarane som er samla på Feuerkogel.

I 2003 var arkitektprofessor David Nicholson-Cole i Oslo for å oppgradere den norske GDL-versjonen, mellom anna med norske vindauge.