AHO med næringsdoktorand
Arkitekt Julia Schlegel kombinerer doktorgradsstudium og arbeid som creative director i DiizGroup.

Forskningsrådet etablerte Nærings-ph.d. som ein prøveordning etter dansk modell i 2008. Det er eit tiltak som skal bringe meir forsking inn i næringslivet. Godkjende kandidatar får økonomisk stønad frå Norges forskningsråd, svarande til halv sats for stipendiatar, medan dei held fram i stillinga dei har i bedrifta og forskar på problemstillingar med relevans for jobben og bedrifta.
Visualiseringsekspertise
Julia Schlegel har arkitektutdanning som diplomingeniør (Dipl. Ing. Arkitektur) frå Augsburg i Tyskland. Ho spesialiserte seg i visualisering, illustrasjon og digitale verktøy, og sidan 2009 har ho arbeidd i det Oslo-baserte firmaet DiizGroup, som mellom anna driv med arkitekturvisualisering.
I forskinga si skal ho sjå nærare på den aukande bruken av visualiseringsekspertar blant arkitektar og korleis tilhøvet er mellom dei to faggruppene. Ho er AHOs første næringsdoktorand.
Eit steg til
– Arkitektar er i aukende grad avhengige av visualiseringsekspertise som eit eige fagfelt. Arbeidsdelinga fører med seg utfordringar. Ho legg mellom anna til eit steg i arbeidsprosessen, seier Schlegel på heimesidene til AHO. Forskningstemaet hennar har klar relevans for næringslivet, meiner ho.
Nærings-ph.d.-studiumet skal gjennomførast på tre år og fører fram til ein vanleg doktorgrad. Forskningsrådet gir i dag stønad til over hundre doktorkandidatar innanfor ordninga.
Les meir om ordninga på Forskningsrådets sider.