Nyheter

- AFAG på rett veg

AFAG heldt sitt 14. landsmøte på Rica Nidelven Hotell i Trondheim 18.–19. november. 26 delegatar frå heile landet sette kvarandre i stemne. Det fanst også gjester frå Arkitektforbundet i Danmark, frå NAL og frå DnB.





NAL var representert med studentmedlemen i representantskapen, og hennar idé om reisestipend for studentmedlemar blei faktisk fremma som framlegg av ein landsmøtedelegat, og framlegget blei vedteke som ein del av AFAG sitt handlingsprogram for neste periode.

Hotellet gav ei fin ramme rundt landsmøtet som det ligg ut i Nidelven. Landsmøtet valde Dag Sagafos frå Telemark som møteleiar, og han styrde møtet med stø hand gjennom alle sakene.
Det byrja med styrets rapport for perioden 2003–2005, lagt fram av AFAGs leiar Dag Bastholm. Rapporten dokumenterer at forbundet i perioden både har hatt ei god medlemsutvikling og har utvikla fleire tilbod til medlemane. I perioden har ein gjennomført to vervekampanjar. Den fyrste retta seg mot landskapsarkitektane, medan den siste har unge arkitektar som målgruppe. I samband med kampanjane er det utvikla nytt informasjons- og profileringsmateriell, inkludert dei flotte AFAG-ryggsekkane, mappene og krusa alle landsmøtedelegatane kunne ta med seg heim som eit minne om landsmøtet.

Rekneskapane for 2003 og 2004 vitna om at forbundet er på rett veg, med god innsats på satsingsområda studentar og profilering.

Debatten om prinsipp- og handlingsprogrammet for 2005–2007 synte at også delegatane er levande opptekne av at AFAG skal gje gode og relevante tilbod til medlemane, men også at AFAG må bli enno meir synleg i den offentlege debatten og i enno sterkare grad hevda interessene til profesjonane innan arkitektur, design og fysisk planlegging.

Landsmøtet gjorde ein del sentrale endringar i AFAG sine vedtekter. Det er no opna for at industridesignarar kan bli tekne opp automatisk, og det er også gjort andre endringar i opptaksvilkåra. Desse er ikkje lenger knytt til medlemskapsvilkår i NAL, NIL eller NLA, men til utdanningsnivå.

I landsmøteperioden skal forbundsstyret utgreia vidare kva konsekvensar for medlemskap kvalitetsreforma og dei nye mastergradene kan få. Dette blir truleg eit tema på neste landsmøte.
Budsjettet for 2006–2007 blei vedteke med nokre små endringar. Nytt er avsettinga til stipend for studiereiser for studentar. Forbundsstyret skal no utarbeida retningsliner for dette. Kontingenten blir heva med kr 100 i 2006 og ytterligare kr 100 i 2007. Kontingenten for studentar går opp frå kr 250 til kr 300 pr. år. Studentkontingenten inkluderer ei reiseforsikring.

Med unntak av Audun Moflag, hadde heile det sittande forbundsstyret sagt ja til attval, og slik blei det. Nytt forbundsstyremedlem etter Audun Moflag blei Hege Solli, som har vore 1. vararepresentant i førre perioden. Forbundsstyret består difor av Dag Bastholm (attval som leiar), Geir Sør-Reime (attval som nestleiar), Inger Kolseth (attval), Martine Wilberg (attval), Hege Solli (ny), Kjersti Hoel Gazzola (attval) og Lars Gulden (attval). Vararepresentantane er no Birgitte Hellstrøm, Bent Aaby og Hilde M. Herrebrøden.

Ein representant for firmaet Compendia var også med og demonstrerte korleis medlemane gjennom våre heimesider har tilgang til juridisk informasjon. På Compendia sin stand var det også eit spørjeskjema, der svara kunne hentast ut frå deira sider. Alle som fylte ut skjemaet fekk eit termokrus, og mellom alle som svara rett, blei det lodda ut ein reisesjekk på kr 2000. Det var faktisk ein veldig høg del av svara som var rette, samanlikna med andre fagforbund var den overraskande høg. Vinnaren av reisesjekken var ein delegat frå Hvaler.

Avslutningsvis takka påtroppande leiar Dag Bastholm alle som hadde gjort sitt til at AFAG sitt 14. landsmøte blei ein slik stor suksess, og han takka også Audun Moflag for hans innsats i forbundsstyret gjennom fire år.