Nyheter

AFAG og framtida

På AFAG sitt landsmøte november 2001 blei det vedteke eit handlingsprogram der det m.a. heiter at AFAG skal greia ut og avklare organisasjonsmessig tilknyting for arkitektur, design og (areal-)planlegging.


Dette er eigentleg ein diskusjon om AFAG si framtid. Skal AFAG bestå i realiteten som ein fagforeiningsseksjon under NAL (og i ein viss mon NLA og NIL), eller skal AFAG utvikla sin eigen profil og sin eigen identitet. Skal AFAG vera ein del av «arkitektlauget» og i prinsippet ha dei same opptakskrava som NAL, NIL eller NLA, eller skal vi organisera alle som arbeidar innanfor kreativ utforming og planlegging av vårt fysiske miljø?

AFAG si historie
AFAG er i hovudsak ein utbrytarorganisasjon frå NAL. Bindingane til NAL er sterke og gjeld t.d. opptakskrav og for NAL sin del, også kontingentstorleik.
Liknande relasjonar finst mellom AFAG og NLA og NIL, sjølv om desse ikkje er så eintydige som relasjonen til NAL. T.d. har NLA også sterke relasjonar til NAFO.

Tilhøvet AFAG-NAL
Tilhøvet mellom AFAG og NAL har likevel ikkje vore utan problem. NAL har indikert sterke ynskje om ei samling av sivilarkitektane innanfor NAL. I fleire år var det samtalar mellom AFAG og NAL og NPA om dette. Då det blei klårt at NPA ikkje kunne gå inn i organisasjonsmessig samling med dei to andre, stilna denne debatten noko av. Noverande leiing i NAL har likevel stilt samarbeidet med AFAG på dagsordenen igjen.

Konkurranse AFAG – NAL
Det har vore lite overlapping mellom AFAG og NAL i det daglege arbeidet. Eit problem har likevel vore at AFAG gjennom sin medlemskap i Akademikarane også har hatt ansvar for profilering av arkitektfaget generelt sett gjennom dei profileringskampanjane Akademikarane har gjennomført. Også i høyringssvar osb. har AFAG gjennom Akademikarane uttala seg om arkitektfaget generelt overfor styremaktene.

Etter at NAL lanserte sitt tilbod om ansvarsforsikring for arkitektar, konkurrerer alle tre organisasjonane AFAG, NAL og NPA om spesielt einmannsføretaka som medlemar og forsikringstakarar.

AFAG sin eigen rolle
AFAG er fyrst og fremst ein fagorganisasjon. Eit fagforbund skal sjølvsagt primært arbeida for tilsette sine arbeidsvilkår, løner, sosial goder osb. Ein viktig del av dette arbeidet er sjølvsagt tariffavtalar og tingingar om løn og arbeidsvilkår. Men både løn og sosial goder er avhengig av meir generelle tilhøve i samfunnet. For AFAG vil difor arkitektfaget si generelle stilling i samfunnet, og dei generelle tilhøve i arkitektbransjen vera avgjerande for dei resultat ein kan oppnå for eigne medlemar. Difor må og skal AFAG også interessera seg for slike tilhøve.

Primært er det sjølvsagt NAL som skal arbeida med slike spørsmål, og her bør AFAG og NAL kunna samarbeida.

NAL sin styrke
For at NAL effektivt skal kunna ivareta arkitektfaget i samfunnet, må NAL vera sterk. I Sverige såg ein for få år sidan ei utvikling der arkitektane valte primært å vera medlem i fagforbundet (Arkitektförbundet - AF), der ein meir direkte kan sjå at ein får valuta for medlemskontingenten. I Sverige gjekk medlemstalet i SAR dramatisk ned. For AF blei dette eit problem: eit svakt SAR kunne i mindre grad ivareta dei meir generelle og samfunnsmessige sidene av arbeidsvilkåra til arkitektane.

Arkitektförbundet i Sverige tok difor initiativ til ei brei samling av dei svenske arkitektorganisasjonane i organisasjonen Sveriges Arkitekter, der også landskaps- og interiørarkitektar, samt planleggarar er med.

Tilhøva i Sverige og Noreg er nok noko ulike. I Noreg har NAL framleis stor oppslutnad. For AFAG kan difor NAL framleis ta vare på alle arkitektane sine interesser i relasjon til samfunnet og byggebransjen.

«Laugsanden» verkar også vera sterk mellom norske sivilarkitektar og det er tydeleg at det vil vera mykje vanskelegare å samla sivilarkitektar, landskapsarkitektar, interiørarkitektar og planleggarar i éin organisasjon her enn i Sverige.

Og så?
Det finst fleire vegar AFAG kan gå, om ein ser bort frå å halda fram som i dag. Alternativt med å gå attende til NAL verkar etter mi meining lite aktuelt i dag. Eitt alternativ er å styrka samarbeidet med både NAL og dei andre arkitekt- og evt. designarorganisasjonane. Det at NAL, NIL og NLA no er samlokalisert med AFAG i Arkitektenes Hus vil gjera eit slikt tettare samarbeid mykje enklare å få til. Vi kan også satsa på å utvikla ein breiare fagorganisasjon for kreativ forming av våre omgjevnader, dvs. å utvida vårt rekrutteringsgrunnlag med grupper som industridesignarar, grafiske formgjevarar, tekstildesignarar og dei som driv med fysisk planlegging (og som ikkje har arkitektutdanning).

Inn i NAL igjen?
Det er minst to store problem forbunde med om AFAG går inn i NAL. Det eine gjeld våre medlemar som ikkje er sivilarkitektar. Det kan tvinga landskapsarkitektane og interiørarkitektane ut av AFAG. Det andre problemet er om NAL kan fungera effektivt som ein arbeidstakarorganisasjon samstundes som særs mange arbeidsgjevarar også er medlemar. I den svenske modellen har dei teke arbeidsgjevaraspektet heilt ut or organisasjonen, og lete fagforeiningsoppgåva vera sentral ved sida av det reint faglege.

Ein ny og breiare organisasjon?
Visjonen som blei presentert på landsmøtet 2001 og som landsmøtet bad forbundsstyret om å greia ut, handlar om eit fagforbund der kreative yrker arbeidar saman for å få større utteljing for kreativ kompetanse innan alle samfunnsområde.

Ein slik fagorganisasjon ville forutan arkitektfaga også omfatta designarfaga og fysisk planlegging. Opptakskrava ville i ein slik organisasjon ikkje vera knytt til opptakskrav i andre organisasjonar, men vera knytt til utdanning (MA-grad) og medlemane sin eigen identifisering med organisasjonen og dei måla den set seg.

Kvar er vi no?
Det er ikkje stor stemning for eit breiare AFAG i det sitjande forbundsstyret. Saka har ikkje blitt greidd ut breitt, men konklusjonen er at AFAG i dagens stode ikkje skal ta noko initiativ til å utvida rekrutteringsgrunnlaget med nye fag, men heller styrka sitt samarbeid med andre organisasjonar innanfor arkitektur, design og planlegging.

Samarbeidsmodellen
Forbundsstyret vil på landsmøtet 2004 leggja fram framlegg til handlingsprogram 2004-05 som på dette området altså går inn for tettare samarbeid med t.d. NAL, NLA, NIL, men om mogleg også med designerorganisasjonane (som NID, GRAFILL, NKTD) og organisasjonar innan fysisk planlegging.

Diskusjon
Dette innlegget er meint både som ei orientering om diskusjonar som har vore i forbundsstyret, men også som ein invitt til diskusjon fram mot landsmøtet 2004.