Vekstkraft i distiktsnorge?
Dette trur altså professor og samfunnsgeograf Tor Selstad ved Senter for Innovativ Forvaltning ved Høyskolen i Lillehammer på, ifylgje intervju i Arkitektnytt 10/10, der utfordringa ifylgje ingressen til intervjuaren Åshild Yri Aagren er «å tenke seg Norge 20 år fram i tid i et postpetroleumssamfunn»...
Eg føreset her at Åshild faktisk har greidd å formidle dei viktigaste poenga i professoren sin bodskap.
Nysgjerrig på kva slag vekstkraft han trur på, startar eg på artikkelen. Han ser føre seg urbane felt i heile landet, som ikkje er kompakte, men prega av sokalla «urban sprawl» (definisjon sjå Google) med «intens veibygging omkring de største byene», og at vi i 2030 har ein «enda høyere boligstandard enn i dag, og ’alle’ har hytte både på fjellet og ved sjøen, og alle familier har to til tre biler, hvorav minst én stor bensinslukende».
Dette minner om noko eg kom over i studietida. Etter eit søk i bortgøymde pappkasser med diverse historisk stoff, finn eg det eg leitar etter: I «PLANLEGGING» av sjefsarkitekt Yngvar Johnsen, utgjeve av Kommunal- og Arbeidsdepartementet, 3. opplag frå 1970, står det i innleiande kapitlet: «Bare i det tettbefolkede belte som stekker seg fra Liverpool og Manchester i vest, over Holland, Belgia, Tyskland til Østerrike i øst, bor det i dag ca 50 millioner familier. Så godt som alle disse vil om få år ha bil, og de vil også få økonomisk evne til å anskaffe det selveide feriested som de ikke har noen mulighet for å skaffe seg i sitt hjemland.»
Yngvar Johnsens spådom frå 1967 omhandlar dei då rikaste og mest industrialiserte delane av Vest-Europa. Selstad i 2010-Noreg. Trass i sprang i geografi og tid: Er no som då det viktigaste vi skal «lære av framtida», uhemma tru på materiell overflod og mobilitet i «vår del» av verda?
Eit karbonnøytralt samfunn i 2030 (som faktisk er den vedtekne og omforeina offisielle norske politikken, jamfør klimaforliket) og ei urban utvikling langs aksar med gode kollektivtilbod, jamfør «FutureBuilt» og «Framtidens Byer»? Gløym det. For ikkje å snakke om tru på at berekraftig utvikling inneber global utjamning og livskraftige bygdesamfunn. I eit samfunn der allsidig matproduksjon og anna mangslungen verdiskaping og kultur er naudsynt fordi alt ikkje lenger kan kjøpast med oljepengar til ein billegare pris produsert i Kina eller kor det no måtte vere, og frakta opptil halve jorda rundt.
Mellom linene verkar det likevel som om Selstad trur det framleis vil vere bønder på bygdene? Men altså ikkje kultur. «Bønder er ikke kunstnere», og desentralisert kultur må ein dessutan (framleis ifylgje Selstad) «bruke bil» for å nå fram til. Treng vi innovativ forvaltning? ?