Debatt

Til NALs medlemmar og representantskap

Styret i MAF 20. november 2008

Vi viser til at Gudmund Stokke og Ole Wiig ikkje er nøgde med valnemnda sitt framlegg til nytt landsstyre. ”Som trøndere og med erfaring som tidligere presidenter” går dei inn for at i den aktuelle vanskelege situasjonen NAL er oppe i må presidenten vere ein sterk mann busett i eller nær Oslo. Forslaget er undertegnet av Stokke og Wiig men er presentert på NAL si nettside som fremma av OAF.

Vi er ikkje trønderar og har ikkje presidenterfaring.  Vi er heller ikkje busett i Oslo eller omeign, men vi ser liten grunn til å gjere knefall for deira argumentasjon.

Det er ingen grunn til å tvile på Peter Butenschøn sin autoritet og sine gode kvalifikasjonar med framifrå røynsle frå organisasjonsliv og dugleik som skribent og debattant. Det kan og vere at Stokke og Wiig har rett i ein del av kritikken av det noverande landsstyret sitt arbeid, men er dermed valnemnda sitt framlegg til styre ikkje fullt kvalifiserte?  Har ikkje Kjersti Nerseth dei kvalifikasjonane som det er krav til i presidentrolla? Er det grunn til å tru at dei føreslegne kandidatane ikkje er godt kjende med utfordringane dei skal gå inn i og manglar open og offensiv haldning og strategi? 

Det vert framheva at NAL i heile sin 97-årige historie har hatt president busett i Austlandsområdet. Då er tida etter vårt syn for lengst moden for at den fremste representanten vår har basen sin utanfor det sentrale austlandsområdet! I styret for MAF har vi nyst drøfta valnemnda sitt framlegg, og vi vart overtydde om dette var godt både utifrå kandidatane sine kvalifikasjonar og landsstyret si samansetting med omsyn til geografi og kjønn. Vi har tru på at Kjersti Nerseth kan representere heile standen på ein framifrå måte.

Vi er heller ikkje overtydde av argumenta om at presidenten må bu i Oslo eller omeign for å vere ”utrykningsklar”, tilgjengeleg dagleg, og ha god kontakt med sentrale styresmakter og riksmedia og ivareta NAL sitt viktigaste satsingsområde, arkitekturpolitikk. Ei viss utvikling på media- og kommunikasjonsfronten dei seinare åra har opna for nye arbeidsmåtar. Ein kan heller ikkje sjå bort frå at geografisk spreiing kan spore til samarbeidsformer, organisering og ansvarsdeling som truleg kan gi eit betre utgangspunkt for god problemløysing enn om det meste skal kvile på den eine sterke leiaren som rett nok er profilert, men som ikkje vil representere eit fornyande ansikt i arkitekturpolitikken.

I dag (18.11) har vi gjennom oppslag på NAL si nettside fått stadfest at Kjersti framleis har motivasjon og pågangsmot til å gå inn i oppgåva og verkar godt førebudd og det er difor styret i MAF sitt syn at ein bør gå inn for valnemnda sitt framlegg, sjølv om vår representant Helge Aarset i samsvar med MAF sine vedtekter ikkje stiller med bunde mandat i saka.

Med venleg helsing
styret i MAF:

Helge Aarset
Ketil Bjerkeland
Magne Bergseth
Jon Eirk Jerve
(Jens Petter Ringstad har pga ferie i utlandet denne veka ikkje hatt høve til å vurdere dette)