Debatt

Ta den urbane stova på alvor

Hanna Maria van Zijp, byplanleggjar og motevitar 30. april 2021

Stygge fasadar skapar dårlege byrom. Det er eit demokratisk problem arkitektane må ta innover seg, mener Hanna Maria van Zijp

Foto: privat

Det store Arkitekturopprøret er i gang. Dei meiner at folk flest vil ha finare fasadar enn dagens ræl. På andre sida står lite imponerte arkitektar som er leie av å snakka om stygt og fint. Men dette handlar ikkje berre om estetiske overgrep. Sentralt i Arkitekturopprøret står byrommet, allemannsretten og sjølve demokratiet vårt.

I kronikken «Arkitekturopprøret mangler et helhetlig blikk på det offentlige rom» i Aftenposten peikte landskapsarkitekt Max Gitenstein på ein kardinalfeil i den brennheite arkitekturdebatten: Den fokuserer berre på bygningsarkitektur «som objekter uten kontekst». Gitenstein meiner at byrommet må vera eit lokalt drive fellesprosjekt.

Dette er årets beste poeng. Byrommet er nemleg mykje meir brukt enn sjølve bygga – og derfor speler fasaden ei viktig rolle. Desse ytterveggene er byrommet sine innervegger. Når arkitekturopprørarane hatar fasadar, står dei i si eiga urbane stove og lurer på kvifor den ser ut som ei middelmådig kantine. Det har dei all rett til.

Lat oss derfor forsøkja litt byplanfagleg gruppeterapi. Me drar til den nye bydelen Løren, som skal løysa store utfordringar. Sidan Oslo manglar rundt ein milliard bustader, er det nå mogleg å skaffa seg noko sømmeleg og sentralt på Løren. At ein by ønskjer nye borgarar velkommen, er både naudsynt og naturleg. Det er noko av det som driv byen framover. Og når den endrar seg, vil nokon alltid føretrekka Skeidar-minimalisme over blomstrete tapet. Ingen byutviklingsprosjekt får alle med.

Det veit arkitektane, som skal designa denne utviklinga. Forholdet mellom flunkande nye bydelar og den jamne byborgar er eit arrangert ekteskap som ikkje alltid fungerer. Når mykje skal løysast, kan ikkje alle elska Løren. På Dagsnytt 18 argumenterte nyleg fagsjef i Norske arkitekters landsforbund, Camilla Moneta, for å sjå bak fasaden. At Arkitekturopprøret fokuserte på fasadar, stal merksemd frå alt det arkitekturen skal løysa. Dette samfunnsoppdraget er eit viktig poeng, men fullstendig asosialt. Problemet oppstår når antal oppgangar trumfar den urbane allemannsretten. Grunnen til at me blir så sure på desse bygga, er at dei blir teikna innanfrå og ut. Arkitekturen skal løysa så mykje der inne på Løren at arkitekten står med ryggen til resten av byen. Derfor gir desse bygga deg ei kald skulder i staden for bamseklem.

Kantinekjensla i nybygg kjem av ein såkalla rasjonell forretningsmodell. Det er ikkje det same som rasjonalitet, men handlar om kost, nytte og tomteprisar. Her er skjematiske bygningskroppar sett saman av ulike modular. Dei store eigedomsutviklarane baserer forretningsmodellane sine på slike system, fordi det sjølvsagt er billegare enn marmor. Dei peikar på tomteprisar og kjøparar, noko andre ristar på hovudet av. Men det at ein eigedomsutviklar skal tena noko på store investeringar, er jo ikkje heilt bak mål. Og det er dei som realiserer det kommunen eigentleg vil. Det kan oftast ikkje kommunen gjera sjølv.

Derfor er byplanlegging er eit stort paradoks: Sosialdemokratiske ideal skal realiserast i eit nyliberalistisk system. Det gjer byen betent. Den er resultat av at ulike behov, som klima, kos eller kapital, blir prioritert ulikt etter kva parti som styrer.

Men uansett kven som bestemmer, er det ikkje så rasjonelt å byggja noko som skapar sterke negative kjensler. Dei som må forhalda seg til det, er oss heilt vanlege menneske som pustar liv i byen. Eit ønskje om å trivast er ikkje berre synsing og syt. Det er eit uttrykk for følt eigarskap, som er noko heilt anna enn juridisk eigarskap. Der speler byrommet ei viktig rolle.

Sosiologar og skribentar, som Jane Jacobs, William H. Whyte og Jan Gehl, har framsnakka byrommet sidan 1960-talet. Sosiologien sitt inntog i byplanlegging sette menneskeleg trivsel like høgt som samfunnet sine behov. Dei løfta fram kor viktig third space er. Heimen er første, jobben andre og kafeen, biblioteket eller byrommet den tredje staden. Dersom du bruker desse stadene jamleg, oppstår ein nydeleg dynamikk: Dei blir dine. Du går til kafeen din, biblioteket ditt, benken din. Det skapar eit følt eigarskap som berre kan skje når du trivst. Det er berre éin ting du må tenkja på: Det er ikkje berre ditt, for her bur du i kollektiv tilsammans med andre du ikkje liknar på eller er einig med. Men de har noko stort til felles: Byrommet.

Den innadvendte byen ignorerer deg. Den er teikna for dei få, ikkje for alle dei som bruker byrommet. Byborgarar flest må trivast før nokon tenkjer på kor mange leiligheiter som skal ha balkong. Dersom byrommet blir prioritert før bygget, må bygget tilpassa seg – og ikkje omvendt. Denne inkluderande måten å byggja by på, er mykje vakrare enn du trur.

Å forvalta vår urbane stove er eit demokratisk prosjekt. Når me skal skapa gode byrom, speler fasaden ei viktig rolle. For det jo i byrommet arkitekturopprørarane står når dei ser på Løren, akkurat som dei aller fleste andre.

Hanna Maria van Zijp, byplanleggjar og motevitar