Debatt

Sak og handling

Svein Hatløy 3. april 2013

Arkitekstudiet treng eit neste steg. Den etablerte forma doktorgrad, eller PhD, kan brukast som hylster, - programmet er det kritiske. Her må me ta til på ny. Føremålet: - å føra arkitektur til uttrykk for verdiar og meining i dag. Det må vera i samsvar med det politisk, ideologiske programmet me vil ha for samfunnet vårt.

Ein slik arkitektur står att å forma. Nokre visjonære prosjekt er laga, nokre bygningar og gater kan me visa til; døme på busetjingsformer, bygg i landskap og tun, altså viktige, aktuelle løysingar og uttrykk. Ikkje mindre, arbeidsoppgåvene i dag står framføre oss. Me må nytta desse føredøma til å setja kriteria for den nye arkitekturen. Maktarkitekturen som styrer tradisjonen vår, må me skifta ut. Han høyrer til tidlegare samfunn og styringsformer. Denne gamle arkitekturen var skapt ut frå ideologiar me ikkje vedkjenner oss til i dag, ideologiar og arkitektur som ikkje gjev allmenne menneskerettar, rom for fritt uttrykk, human identitet eller menneskeverdet.

 

Vilkåra for vår tids arkitektur er tronge. Ein god arkitekt med eit godt kontor kan få bygt eit godt døme, men neste prosjekt vert lett stoppa. Dei offentlege kontora, på den andre sida, har sjeldan fagleg kapasitet eller organisatoriske liner. Likevel, dei få arkitektane finst, framleis aktive i arbeid, som Kroll i Brüssel, Grønmo i Oslo, og Gehry i California. Og eit fylkeskontor, som Sogn og Fjordane, viser viktige føredøme i plananalyse og strukturar for fleirtalsform. Referansar vart framlagde på Oskar Hansen – symposiet i fjor.

Men hindringane er altfor mange, og råkar dei fleste. Dei rår og styrer, ikkje berre praksis, men og i teori og skular. Sjå nedunder.

 

Ikkje mindre, i arkitektskulen kan me få fram ei utvikling. Føresetnaden er demokratisk ideologi og ny didaktikk. Visjonær tenking og forming er fyrste føremålet. Teori kan drøftast, ikkje dikterast og bindast med reglar. Den naudsynlege energien ligg i studentane. Og institusjonane er etablerte og lovfesta, dei treng berre nye, aktuelle program.
 

Iinternasjonalt finst det nokre få skular som er på sporet. Viser til BAS, og kan nemna mine kinesiske skular. Men fleire hundre, verda over, treng nye program, i grunnundervisinga så vel som i vidaregåande studie og forsking. 

 

SAK: dei nye arkitektane må få sjå dei viktigaste målsetjingane i samfunnet.

 

  • Arkitektskulane må formast om,
  •  trinnet over profesjonseksamen, doktorgradsstudiet, må utviklast, og gjerast til eit reiskap til å føra arkitekturen vidare, fagleg og ideologisk.

 

Bakggrunn

Eigne røynsler: - undervist i 45 år, i arkitektur og forming i det offentlege rommet; undergrunnskurs, men og invitert av offentlege institusjonar; gjestekurs ved kunstakademi og arkitekthøgskular, i Norden, USA og Canada; og fritt organiserte under Folkeuniversitetet i Bergen; og så med godkjenning frå det norske Stortinget, skiping av BAS, drift i 26,5 år. I drifts år 20 vart denne undervisinga inviterte til ei rekkje kinesiske arkitektskular.

Open Form Workshop BAS-HUST i Wuhan , Kina, 2006. Stad: Han Shen Jie.  Gruppa  Mikro-målestokk Prosjektering 1:1. Studentane Christian og Fergus frå BAS, med klientar.
Open Form Workshop BAS-HUST i Wuhan , Kina, 2006. Stad: Han Shen Jie. Gruppa Mikro-målestokk Prosjektering 1:1. Studentane Christian og Fergus frå BAS, med klientar.

Framhald i prosjektet, Open Form: Arkitektonisk bakgrunn for handling. Student Lui Si frå HUST. 

 

Røynsler frå eigen praksis. Her ligg dei kritiske problemstillingane. Me må kjempa mot tradisjonen, og mot reglar som ikkje svarar til demokratisk, opa og fri samfunnsbygging. Arkitekturen kring oss er ikkje alt i samsvar med vårt syn på samfunn og verdimål. Arbeidsoppgåvene er mange.

 

- Doktorgrad er neste trinn. Det byggjer på BAS sitt masterurs, eit større arkitektonisk rom. For dei gamle skulane med forskingsbudsjett, ligg her eit rom som ein på ny kan arbeida seg inn i. Siktemålet er Open Form. Oppgåva er å klårgjera på ny dei ulike dimensjonane i arkitekturen. Dei er mange, og har ulike retningar.

Framhald i prosjektet, Open Form: Arkitektonisk bakgrunn for handling. Student Lui Si frå HUST.
Framhald i prosjektet, Open Form: Arkitektonisk bakgrunn for handling. Student Lui Si frå HUST.

Hindringane

Dei er mange og ulike. Skulane har sine, praksis heilt andre. Den praktiserande må retta seg etter reglar gjevne med konvensjonar, lærarane etter uutvikla teoriar.

 

CNS – vår norske teoretikar, har formuler sine hinder og grenser; ein uforbedreleg positivist, kalla Skjervheim han. I arkitekturen er det utilstrekkeleg å visa, påsto CNS, du må bevisa. Han avgrensar logikken sitt verkefelt.

 

NOKUT – i undervisinga har denne nye institusjonen laga same vilkår for arkitektur som for einskildfag på akademiske høgskular og universitet. Dermed vert undervisinga i arkitektur svært avgrensa. Å gjera det til eit smalt fag, er å endra faget. Det vert fatalt.

 

TING-LOGIKK – i forskinga, naturvitskaplege logikk er den rådande tradisjonen. I arkitektur vert dette for smalt. Vitskapleg tenking i arkitekturen kan ikkje avgrensast til tinglogikk. Arkitektur er óg språk,  arkitektur skapar samfunn. Difor må me óg bruka språklogikk og samfunnslogikk. Det levande mennesket er vårt subjekt. Les Frankfurterskulen og Skjervheim. 

 

MAKTUTTRYKK - allment akseptert i vår arkitektur, endå vårt demokratiske samfunn ikkje aksepterer maktovergrep. Ny arkitektur med demokratiske løysingar og uttrykk vert ofte og offentleg kritiserte, døme: nybygget til Gulatinget i Bergen, teikna av Terje Grønmo, Oslo. Byens tradisjonsberande forretningsarkitekt krev lukka form og avslutta løysingar. Frå juridisk fakultet, derimot, vert denne motesetnaden formulert som ein vesentleg skilnad, «Det arkitektoniske språket - Frå autoritær til demokratisk domstol» (forskingsdagane 2012, Bergen).

 

Gjennom 2000 år har skulestova og kyrkjebygget vorte forma etter prinsipp og konseptet til den romerske basilikaen. Arkitekturen skulle hjelpa presten og læraren å bringa vidare kunnskap som udiskutabel sanning frå podium og kateter. I dag veit me at dette er ein dårleg, og oftast feil, opplæringsmåte. (Ref. Oskar Hansen – symposiet 2012.)

 

DERIMOT:  arkitektane HJERTHOLM, JENSEN OG SKODVIN har utvida og snudd om på kyrkjebygget. Tidleg på 60-talet i den internasjonale kyrkjetevlinga, utlyst av den danske kyrkjeministeren, vann Hjertholm med eit demokratiske konsept for kyrkjelyden. På 2000-talet bygde Jensen og Skodvin Mortensrud kyrkje, Oslo, og endevendte kyrkjedepartementet sine reglar for maktuttrykk, og mefekk eit ope meir demokratisk uttrykk.

 

DEN ITALIENSKE LÆKJAREN MONTESORI flytta undervisinga ned på arbeidsbordene til elevane. Maktreiskapen podiet og kateteret kunne ikkje lengre hindra læring. Maktkonseptet til basilikaen vart forkasta. Det har teke tid for både arkitekt og lærar å realisera denne fundamentale endringa av klasserommet, for læring og samvære.

 

ADM MAKT - planarkitekten sin maktreiskap til våre kollegar i fylke og kommune. Dei sit gjerne i nemnd for Arkitekturdagen og hindrar at viktig gransking vert lagd fram. Dei hindrar vidare fagleg samarbeid og fagutvikling, aktivt eller passivt. Politikarane fylgjer administrasjonen. Dei ser på ei vitskapleg gransking som ei fri utsegn. Men med si vedtaksmakt uttrykkjer si meining, om ikkje fagleg underbygt. Hadde granskinga vore autorisert som ein doktorgrad, ville i alle fall det akademiske resultatet vore presentert som vitskapleg sanning, og ikkje nektast for. Den kommunale planarkitekten hindra vising av Kaldluftsjøen i Åsane på Arkitekturdagen med emne «klima».

 

Derimot, BT på Arkitekturdagen, publiserte det aktuelle stoffet på kronikkplass, og byråden for byutvikling tok det fram i sitt innlegg. Slik vart det fagpolitiske endringsvedtaket retta oppatt.

 

MEN POLITIKARAR opptrer ulikt; ikkje alltid å stola på i fagsamanheng. Døma er mange: Fylkespolitikarane på Vestlandet  vendte seg til slutt i mot Vestform, samarbeidsinstitusjonen som dei sjølve hadde vore med å utvikla. Byplansjef MNAL Westerberg og planbyråd Tryti skipa Bergen Byformsenter, og ordførarane i fylket og kommunen signerte samarbeidsavtalen saman med kulturminister Kleveland. Men då dette skulle utvidast til heile Vestlandet, snudde politikarane på målstreken. Dei ville ikkje ha frie fagfolk i ei offentleg, fri gruppe som kunne kritisera og evaluera, i tillegg til å rådgjeva. Dei ville styra og halda fram som no. Det faglege er altså ikkje viktig nok. Dei ser ikkje at byen, bumiljøet og byklimaet vert forma i ein kamp mellom arkitektur og teknologi. Enklast er å velja teknologi. Demokratisk arkitektur er nok framleis eit ukjent omgrep. Demokrati for dei er  røystinga om budsjett. Tilsvarande på stortingsnivå. Løyvingane til design er større enn til arkitektur, har eg har fått referert. Designa ting kan produserast på fabrikk og eksporterast for pengar. Med arkitektur kan ein ikkje det, og verdien er vanskeleg å måla. Difor vert det løyvt meir til skular med designavdeling enn til arkitekturundervising.  Vonar at eg har urett, men og at noko her vert retta oppatt.

 

VÅRE FAGLEGE SAMARBEIDSPARTNARAR likeeins: ikkje interesserte i eit breitt samarbeid om miljø, arkitektur og kunst. Maktuttrykket er ei fjern problemstilling, både i dagens offentlege miljø og på kunstskulane (vonar eg tek feil).  Etter fleire års oppbygging vedtok dette fleirtalet, kunstorganisasjon, kunstindustrimuseum, kunsthøgskule og representantar frå planavdelingar å leggja ned Byformsenteret og Vestform. Det er ei uklår problemstilling for mange om det gjeld samfunnsverdiar eller personleg utbytte.  For vanskeleg å røysta over hinder mot demokratisk arkitektur. Taparen er kulturuttrykket i samfunnsrommet.

 

NAL OG TIDSSKRIFTA – publisering utan nok pengar. Budsjett berre til trikkebillettar. Reiser for å sjå ny arkitektur utanføre Oslo er det ikkje budsjett til, får eg vita. Lovande studentprosjekt, dei beste, og nybygg utanføre trikkesløyfa får lettast plass i gløymeboka. Dette er eit stort fagleg og moralsk nederlag. Alle taper. 

 

MOT SLIK EI REKKJE AV HINDER må me finna omvegar. Institusjonane er mange, både administrative og frie, akademiske og fritt skapande, nye skular, ny forsking og ny praksis.

 

Det neste steget

Utgangspunktet er landskapet, vêrlaget, og målestokken. Oppgåvene for arkitekten og samfunnet er ikkje å motarbeida klima og naturtilhøva, men å nytta desse ressursane. Det gjeld arkitekturstudiet i Open Form, Fleirtalsform, Visuell Struktur, det Store Talet. Det gjeld Demokratisk Arkitektur.

 

På ny

Føresetnaden for neste steg er den nye arkitektskulen, ein fagleg bærande grunnskule, type BAS. Du må fyrst ha lært å lesa, skriva og rekna på nytt, så du beherskar språket i den nye arkitekturen, så du kan rå med dagens situasjon som arkitekt. Doktorgraden er steget vidare, å utvikla den nye arkitekturen.

 

I NOREG er landskapet IKKJE FLATT. Topografien er ein del av det arkitektoniske språket. Arkitekturen her: i bakken, på skrenten å forma vidare. 

 

VINDEN kan ikkje stengjast heilt, det fører berre til problem. Derimot er han ein ressurs som kan brukast. 

 

MÅLESTOKKEN er ikkje ein abstraksjon når mennesket er inne i biletet, men ein dimensjon i arkitekturen.

 

Her ligg oppgåva på ny, og utvida; eit forskingsstudium, vidare enn oppdrag og tevlingar.

 

FORMINGSVILKÅRA: – ikkje flatt, ikkje dei tunge anleggsmaskinane, ikkje motstand mot vêret, ikkje kalkulasjonsformel for stål, og - ikkje la målestokkar kollidera.

 

Byen med bilar, fabrikkar og parkeringsplassar kan ikkje lengre byggjast i dalar. Røynslene frå siste 100 år fortel at me ikkje rår med konsekvensane. Ikkje Odda, Årdal eller Høyanger om att, eller andre byar i dal. Større byar og, som Bergen og Oslo har problem i sine dalar. I staden for industrien og teknologien må naturen og vêrlaget setja vilkåra. Ein stad som Bryne, derimot, kan verta by med framhald over Høg-Jæren. Stavanger er den mest ekspansive byen i landet, på Vestlandet meir enn Bergen (ref. Erling Dokk Holm). Sak: bete bymiljø.  Tromsø kan utvidast langs fjorden. Kautokeino har vidda som byggeland.  Sum: langs fjorden, på strandflata, opne sletter; stranda er den gode buplassen. Tilgjenge til sjøen er ei lov vedteka i Stortinget. 

 

Urbaniseringa kan gjerast arkitektonisk på norsk måte; med karakter, og sin identitet.

 

Målestokken er ein arkitektonisk dimensjon. Me må skilja mellom 3 ulike målestokkar, makro, meso, og mikro målestokk. Berre slik kan arkitekturen, funksjonen og uttrykket, gje meining.

 

Det er kollisjonen mellom målestokkar som hindrar tettstadar å verta trygge, humane sentra. Det lokale senteret, i mellom-målestokk, mesoskala, vert øydelagt av riksvegen i makromålestokk. I den lokale målestokken skal du over vegen frå butikken til banken. I meso -målestokk er du med og utviklar samfunn. Men Riksvegen, han er forma i makro-målestokk, frå Oslo til Vestlandet, frå Lindesnes til Varanger halvøya. Lokalsamfunnet vert øydelagt når riksvegen får fri bane, når bussen til Oslo kryssar gangfeltet mellom butikken og banken. Dette skjer i alle lokalsentra på vegen. Slik også i større sentra, som Sogndal til dømes. Motdøme: Riksvegen forbi Bryne har trasé mellom jordbrukslandet og småbyen.

 

Føresetnadane lagar problemet, at både byen og trafikken veks. Dette er kartet over norske småbyar og tettstadar i dag.  Oppgåva er samfunnsplanlegging av lokalsamfunn. Fagarbeidet vårt må endrast. Samfunnsproblem kan ikkje lengre erstattast med teknologiske problemstillingar. 

 

På den andre sida, ein senterplan kan ikkje alltid førast som bevis for det rette. Men verdiane kan visast. Å klårgjera dette grafisk, eller i 1:1, er ikkje vitskap. Derimot, det me ser, kan ikkje nektast. Det er saka: å gjera det tydeleg så me alle ser det. Å laga arkitektur er saka.

 

Doktorgradsarbeida må inn på denne forsking- og formingsfronten.

 

Problemstillinga tettstad, ikkje berre trafikk: - Å forma den nye tettstaden er å sortera eksisterande verdiar, ulike men oftast jamstelte. Landskapet er ein bruksressurs, men like mykje ein opplevingsressurs. Opplevinga ligg i det sanselege. Forminga gjeld fyrst det visuelle. Verkemåte og verkegrad kan ikkje reknast ut med tal. Å lesa og oppleva landskapet byggjer ikkje på bevis. Derimot, som i arkitekturen, kan det visast. Å laga ein senterplan er å laga arkitektur, å få fram verdiane.

 

Døme er senterplanane til Sogn og Fjordane Fylkesplankontor frå dei siste par åra, sist viste på Oskar Hansen – Symposiet 2012. Store arkitektoppgåver, større enn enkle arkitektoppdrag; landskap og klima, samband og kontinuitet. Det trengst forsking og samansetjing av mange fag på tvers av kvarandre. For den nye arkitekten, med konsulentar, kan eit doktorgradsarbeid klårgjera, formalisera og offentleggjera problemstillinga.

 

Busetnad og byggeskikk

Oppgåvestillinga i dag gjeld demokratisk form, inviterande uttrykk, for at fleire skal med. Og det gjeld det nye ordet, på eit gamalt omgrep, bærekraftig. Denne problemstillinga gjeld dei mange - DET STORE TALET. 

 

I byggetradisjonen er det den geografiske breiddegraden som er grunnen til skilnadane, og dinest makro landskapet, høvet til hav og land. Arkitekten har lenge late seg villeia, at det gjeld teknologisk kunnskap. Tinga har vorte snudd opp ned. Industriell forming og dei tekniske arkitekthøgskulane har ført problemstillinga vekk frå geografi, klima og miljø.

 

Bygningshistoria les me ut frå landskap, men arkitekturhistoria les me ut frå den som har makt. Det er skilnad på å rå med situasjonen, og å rå over folk. Her ligg vesensskilnaden i arkitekturen, mellom demokratisk uttrykk og maktuttrykk.

 

Når arkitektstudenten frå Asia og Afrika reiser til London, Delft eller Hannover, får dei læra ein teknologisk arkitektur. Når dei så dreg heim att, har dei med seg ein kunnskap om arkitektur som ikkje svarar på deira oppgåver på deira breiddegrad. Unge kinesiske arkitektprofessorar spør meg om eg tykkjer importen frå vest er rett. Det næraste svaret kan eg sitera frå den heimkomne unge, praktiserande arkitekten og arkitekturprofessoren i India: - Å bruka i India det han lærte på AA,  er katastrofalt. Sola og den ekstreme varmen heime, er problemstillinga for han, både som arkitekt og lærar. Stål og glas er ingen trylleformel.

 

Døme har me og frå Vestlandet. Teknologiforskaren prøver å selja sine kalkulasjonar om energibruk  og bruksøkonomi utan å ta med luft, vind og regn i rekneskapet. Her vert ingeniørteknologien feil, og øydeleggjande. (Byggforskinga NBI har for lengst lagt ned Vestlandsavdelinga.)

 

Ansvaret for doktorgradstudiet på vår breiddegrad, med vår våte vind, og i vårt folkestyrte samfunn, er eit kulturansvar. I prinsipp og ansvar gjeld dette i alle land og regionar.

 

Berekraftig arkitektur, retten til å rå over sin situasjon, og gje uttrykk for sin eigen stad og situasjon, gjennom arkitekturen, er oppgåva til arkitekten på staden. Den arkitekten er du. Arkitekturen står for identitet. Som arkitekt har du ansvaret for denne identiteten.

 

Dette er ramma for det neste steget, eit djupare studium i arkitekturen, så arbeidsoppgåvene i praksis kan formulerast meiningsfullt og tydeleg. På ny.

 

Svein Hatløy, Osterøy, 30.03.13