Romjulstankar om Norge på lavkarbondiett
Til innleiing slår eg fast nesten 100 prosent semje med innhaldet i Camilla Moneta sin kronikk som har stått mellom «topp 4» på arkitektur.no si nyheitskarusell sidan 19.12.2011. Lesestykkje nr. 1 denne jula for meg.
Camilla målber kanskje litt større tru på byggebransjen sitt miljøengasjement og påvirkingskraft enn eg, og eg håpar ho har rett. Men enno er det vel dessverre slik at dei fleste i bransjen primært er opptekne av å levere det dei oppfattar vert etterspurd. Og viss det er «bulemiske bygg som overspiser energi og spyr ut klimagasser», leverer dei det.
Her er sjølvsagt unnatak, for byggebransjen er vel minst like «mangehoda» som andre bransjar det er naturleg å samanlikne med. Deira respons og rettesnor for prioriteringar både i det dagelege og «på sikt» er dermed ikkje ulikt nordmenn generelt? Trenæringa utmerkar seg jo positivt, noko som sjølvsagt heng saman med at tre de facto er noko av det mest klima- og miljøvenlege materialet ein kan byggje med.
Camilla trekkjer fram incitamentet som ligg i Framtidens byer, og det er jo flott, og det viser tydeleg at slike tiltak er viktige og kanskje til og med naudsynte for at ting skal kome i gang her i landet, sjølv for tiltakshavarar som Meteorologisk Institutt og Bellona. Nemnast må sjølvsagt òg FutureBuilt-prosjekta som Strømsø i Drammen og Framtidens byer sitt områdeprosjekt på Brøset i Trondheim. sjå http://www.trondheim.kommune.no/content/1117702475/Parallelloppdraget. Dette har òg vore lektyre for meg i romjula.
Dei positive sidene for sunnheit og velvære ved å bu i ein framtidsby, som Camilla òg framhevar, er illustrert med tekstar på ein rulleteikning på heimesida til Framtidens byer, sjå http://www.regjeringen.no/nb/sub/framtidensbyer/om-framtidens-byer/framtidens-byer.html?id=652098
Men ein viktig tekst meiner eg manglar: økologisk og kortreist mat. Det er vanskeleg å sjå anna enn at ein kraftig styrking av det norske landbruket der den verkelege sjølvforsyningsgraden aukar, og ikkje stadig minkar som no, må vere ein del av kuren. Større grad av sjølvforsyning vert og ein konsekvens av klimakrisen og heng nøye saman med denne. Det er eit klart samsvar mellom drivkreftene bak klimaproblemet og utviklinga som fører til hungersnaud og dårlege utsikter når det gjeld framtidig matforsyning globalt. Meir stoff om dette finn ein på utviklingsfondet.no, sjå spesielt rapporten «Sult 2011».
Dette må difor óg innebere satsing på livskraftige bygder, der vi sjølvsagt òg skal leve med minst mogeleg klimagass-utslepp. Derfor ynskjer vi velkommen prosjektet Framtidens bygder, sjølv om denne satsinga berre er ein liten brøkdel av satsinga i Framtidens byer, sjå www.arkitektur.no/?nid=225238&lcid=1044.
Etter klimaforliket hausten 2008 skreiv eg ein kronikk i Sunnmørsposten og Tidens Krav (Kristiansund) der hovudinnhaldet var å peike på utfordringane som låg i klimaforliket, og kva dette burde føre med seg, ikkje minst innafor byggesektoren i vår landsdel. Men på tross av fokuset som då generelt vart sett på klimautfordringane frå sentralt politisk hald, og gjennom til dømes fylkeskommunale og kommunale klimaplanar, er det lite som har «skjedd» her på Nord-Vestlandet. «Framtidens byer» er enno ikkje her, og det er for langt mellom gode prosjekt som har ambisjonar utover det som er lovpålagt.
Sjølv om slike prosjekt er avhengige av at dei som skal bygge, tiltakshavarane, etterspør klima- og miljøvenlege løysingar, har arkitektstanden eit sjølvstendig ansvar og bør så langt det er mulig insistere på at dei riktige løysingane vert valde. Eiga skolering og kompetanseheving difor av uvurderleg verdi, og vi bør òg bruke media meir aktivt for å spreie opplysning og haldningar.
Sjølv har eg dei siste åra hatt gleda av å arbeide med ei sak der tiltakshavaren er langt over gjennomsnittet oppteken av å få til eit godt resultat på dette området, men der òg problemstillinga har vore å i det heile tatt få til eit bygg innafor avgrensa økonomiske rammer. Tiltakshavaren er frå Tyskland og sa for ei tid attende at medan miljøfokuset i Norge i ikkje liten grad er initiert ovafrå, er det i Tyskland mykje meir tvinga fram gjennom folkeleg engasjement.
Kanskje er dette litt av forklaringa på kvifor dei har fått det til i Freiburg?
Godt nytt år! ?