Arkitekturen er språket som står ute om natta. Demokratiet skal synast dobbelt så sterkt etter bombeåtaket
Juli månad tyder to år sidan den uakseptable, tragiske hendinga. Diverre, no går ordskiftet om Regjeringskvartalet på ein ussel måte.
Ikkje berre i aviser men og i Rikskringkastinga, går ordskiftet om gatestubben Grubbegata, og verre, om riving av Høg-blokk og Y-blokk. Arkitektene står som offisiell referanse, men dei har berre konkludert på ei uheldig avgrensa oppgåve.
Tragedien og udåden den 22. juli har ein dimensjon som det norske folket må svara ansvarleg på, ikkje la det vera ein lokaldebatt i Akersgata. Dimensjonen gjeld nasjonen, den politisk engasjerte ungdom i landssamling, regjeringskvartalet og statsadministrasjonen, og synleggjering av eit demokrati som er vår styringsform. Eg har skrive mitt innlegg til ordskiftet, og sender det vidare til Arkitektnytt. Arkitekten må ikkje sova. Folket ventar eit synleg formsvar.
På ny å visa demokratiet med arkitektur
Språket som står ute om natta må tala tydelegare enn nokon gong. Talen er på vegner av heile landet, frå over sjøen som frå kvar ein knaus, ut til verda. Sjøflata skal spegla den talande arkitekturen. Det nye Regjeringskvartalet vert godt synleg frå fjellknatten Akershus, og alle fjordar og vikar vert del i biletet.
Men det gamle regjeringskvartalet skal ikkje rivast. Svaret mot udåden er å armera Høg-blokka og Y-blokka på ny, med kunnskap og forsking. Bygningane skal visa det levande demokratiet, som forskings-senter, med Fredforskingsinstituttet på øvste etasje.
Regjeringskvartalet
– ikkje reparasjon, men ein visjon om demokratiet.
Drøftinga vert gjort til eit val mellom Grubbegata og staden til Oslo sitt lokale bustadbyggelag. Med ein slik karakteristikk og målestokk får me meldinga på radio om arbeidet med regjeringskvartalet.
Det er ei feil formulering av oppgåva.
Som radiolydarar kan me ikkje godta dette. Som arkitekt vil eg ikkje vera med på det. Alle veit at saka gjeld noko mykje meir. Regjeringsbygget, demokratiet, fekk eit skot i sida, og me skal reparera. Nei, det gjeld å byggja oppatt noko meir.
OPPGÅVA arkitektonisk og politisk: på ny å byggja for å visa demokratiet vårt. Me har fått ein ny anledning.
Det er for smått av NRK å spørja ein eller to personar på gata i Oslo. Det hadde vore rettare å spørja ein frå Båtsfjord og ein frå Honningsvåg. Dei har rett fråstand til problemstillinga, at regjeringskvartalet representerer heile landet.
Det gjeld å visa demokratiet. Dette kan me byggja. Plasseringa fyrst: i Oslo, - me ser på landskapet, men må tenkja på heile landet. Fjorden i fokus, som ein del av kysten. Sjøen bind heile landet saman. Dette er biletet, det nye regjeringskvartalet må stå i samband med sjøen.
Hovudstaden Christiania vart bygt opp på biletet av det norske innlandet, landet frå eventyra og segner, forteljingar kjente for alle. Eit nytt slott vart lagt på eit berg tydeleg nok oppe i bakken. Ei motståande høgd gav plass til Stortinget. Ei myr i mellom og slake bakkar i kring, truleg med småbjørk og blanda skog, var eventyrlandet. Ut over i dette landet vart dei nye nasjonale institusjonane plasserte, for å visa og skapa ein uavhengig nasjon: Nasjonalteateret, Universitetet, Nasjonalgalleriet, Historisk museum, og etter kvart Geografisk oppmåling og andre institusjonar, og på eit lite berg for seg ved slottsberget, Wergeland si Grotte og stove. Ikkje som ein historikar, eg peikar på eit bilete som alle kan sjå.
I dag, 200 år seinare, byggjer me biletet på hovudstaden på ny: av røyndom og notidas eventyr, av økonomi og framtid, der kysten og sjøen er med like sterk og viktig som i soga.
Plasseringa av Regjeringskvartalet gjeld høvet til sjøen og slik til heile landet, det demokratiske.
Det nye Regjeringskvartalet, inn i det gamle landskapet, ved fjorden: frå kontora å sjå fjorden, og frå fjorden å kunna sjå kontora. Fjorden, sjøen og havet knyt regjeringsbygga til landet. Vollane kring Akershus festning er ein slik stad.
DAGENS GAMLE REGJERINGSBYGG står att som eit maktuttrykk frå modernismen. Det viser betongteknologien si makt, men og vedunderlege teikningar av Pablo Picasso, eit monument over det siste århundret. Dette må stå. Maktuttrykket kan gjevast til det som treng det mest i dag – forskin: synleg og tydeleg i byen og det norske samfunnet, eit uttrykk for kunnskap og utvikling, i teneste for nasjonen og demokratiet. Det vert flott å ha så mange forskingskontor samla i eit heilt høgbygg, og dertil visingsarena i Y-bygget.
DEI NYE REGJERINGSKONTORA på Akershus festning, i nye og gamle bygg, kontor med utsyn, arkiv i gangane i fjellet. Eit departement har alt lenge hatt plass på Akershus.
Landet sin samla administrasjon får her plass på fjellet. Dei representerer landet. Snur du deg, ser du historia, og er i samband med denne, heilt attende til før dansketida og svartedauden.
Kvart departement får si grend, sin identitet, sin relasjon og samanheng.
Bergensarkitekten, professor Helge Hjertholm, viste slik ny kontorform i grender, i tevlinga om Hydro-bygget på Sandsli i Bergen. Han nådde ikkje fram med denne juryen. Men med vårt nye demokratiske uttrykk for nye regjeringsbygg kan dei realiserast.
Kontora får ein annan referanse enn til gatestubben Grubbegata, og slepp unna kontor i eit tvangsfråflytta avishus.
Kvar person på dei nye kontora ved fjorden skal kunna sjå, og dagleg få ei oppleving og ei påminning, om landet dei administrerar; dagleg vandrar dei frå T-bane-stasjonane på S-stasjonen eller ved Stortinget.
Styringsalmenningen
Regjeringskontora får sin høgde i landskapet på ei line gjennom landskapshøgdene for Stortinget og Slottet, og på ei forlenga line, også Holmenkollen. I sum: ein norsk allmenning. Både i byen og ute i landet tyder ein allmenning fellesrommet for alle.
Frå Svein Hatløy,
sivilarkitekt MNALhon, professor em ved landet’s tredje arkitekthøgskule.