Debatt
Øysterdalen og Moder til Goethe
Olav Ødegården
5. juli 2006
Aasmund Olavsson Vinje fór gjennom Østerdalen i 1860 da han skulle til Trøndelag og sjå kroninga av Karl XV i Nidarosdomen 5. august, og etterpå skreiv han bok om den lange reisa, «Ferdaminni fraa Sumaren 1860».
Diktaren og journalisten frå Telemark veit å skilje mellom «Glaumsdalen» og «Øysterdalen», slik Jan T. Pharo gjer i Arkitektnytt 05/06. Eg trudde at Kongsvinger låg i Østerdalen, men slik er det altså ikkje. Eg tok i miss.
Og likevel, da eg skreiv om alle tevlingane der på Kongsvinger, kom eg i hug noko eg hadde lesi i «Ferdaminni». Godorda kan vel tåle ei gjentaking 146 år etterpå, anten dei høver for nedre delen av dalføret eller ikkje.
«Øysterdalen stender vist hægst af alle norske Dalar i Upplysning og god Folkeskikk,» skriv Aasmund Olavsson Vinje. «Det maa no, som alt sagt, vera Skogen og dei mange Utferdir, som hever gjort dette; men det er ikki nok med det, at somange ero velstandande ja endaa rike og det tidt ovrike, for det kunna Folk vera ogso i andre Dalar sosom sume Ættir i Gudbrandsdalen; men der er slik Sedhevd (Cultur) med alt det, som Øysterdølen ferer med; eg vil berre nevna det Reinfærlege, som der i Øysterdalen mest er endaa vel mykit af. Alt skal vera drivande kvitt, um det so verdt svart atter i sama Augneblinken sosom det daglege Golv.»
Og telemarkingen har fleire godord om folket: «Der er ein forunderleg Finleike i Umgang hjaa mange av desse Øysterdøler,» skriv han. «Det er eit i Sanning fint Folk utan den mindste Storlaat, um der er aldri so mykit at vera stor af, og med alt den heimlege Hugnad og Djervskap, som segjer, at det er Norsk og ikki innført.»
Og kvinnfolka i Østerdalen var det visst noko reint særskilt med: «Eg skal aldri gløyma ei Kone, eg saag der. Det var ikki af dei rike, men henar Aatferd og Skipnad og reine fagre Born og framfyr alt henar sterke, friske og fagre Skapnad gjorde, at eg trudde at sjaa Moder til Goethe framfyri meg.»