Debatt

Organisasjonssaka sett frå Nordvestlandet

Magne Bergseth // leiar MAF 15. mai 2015

Ketil Kiran er kjapt ute med kritisk kommentar etter vedtaket i NAL sitt RS-møte 8.mai i sak 10/2015. Anten det var på eige initiativ eller på oppmoding frå redaksjonen bør det vere velkome. Om ikkje anna som eit spark for å få liv i debatten. Det ser og ut til å lukkast.

Formalitetane; som Ketil er oppteken av let eg ligge i denne omgangen. Sjå meiningsutvekslinga mellom han og direktør Pål Stephensen.
 

Realitetane; er i hovudsak at eit stort fleirtal av delegatane meiner at idéen med å få samla arkitekturdisiplinane i ein organisasjon står så sterkt at ein ikkje no vil skrinlegge det, eller skyve framdrifta vidare ut i det uvisse.
 

Som lokalforeiningsleiar i Møre Romsdal har eg her ikkje oppfatta signal eller meiningar som tilseier at dette synet ikkje er representativt. Det gjeld både våre medlemar og NLA og NIL i fylket. Dei einaste innvendingane me har registrert galdt spørsmålet om obligatorisk medlemskap i fagforeining, som etter at AFAG gjekk ut av samarbeidet i haust ikkje lenger er aktuelt.
 

Det same synet er det god grunn til å tru gjeld for det meste av landet og dei aller fleste lokalforeiningane. NAF (Nord Norge) har allereie innført utstrakt samarbeid og har innarbeidd ein tradisjon med NLA-medlem i styret.
 

I RS-møtet og eige møte for lokalleiarane dagen før kom det likevel fram relativt sterk og velgrunna kritikk mot styringsgruppa for nokre punkt i beslutningsgrunnlaget og framlegget til vedtekter, og at det i praksis ikkje var mogleg å påverke desse på grunn av framdrifta som vart vald. Fokus på dette kan ha medført at BAF (Bergen) sin generalforsamling før RS-møtet hadde pålagt deira representant å røyste nei. Det same galdt NoTA (Nord Trøndelag), naturleg nok sidan NAL i styringsgruppa ikkje har greidd å få gjennomslag for å vidareføre NoTa som eigen lokalforeining.
 

Som resultat vart det difor vedteke ein rekkje protokolltilførslar som NAL sine representantar i interimstyret for den nye organisasjonen er forplikta på å arbeide for. Mellom anna gjeld dette spørsmålet om dei «frie» representantane, meir vekt på styrking av lokalforeiningane, og ikkje nedlegging av NoTa mot deira vilje.

At styrking av lokalforeiningane vert teke på alvor, viser og resultatet i sak 17/2015 og innlegget til visepresident (og påtroppande konstituert president) Per Morten Ekerhovd 12. mai.

At det (sjølvsagt) skal vere mogleg å påverke prosessen fram mot dei endelege vedtektene for ein eventuell ny organisasjon vidare får vi og klart stadfest i avtroppande president Kim Skaara sitt tilsvar til Ketil Kiran 13. mai.
 

Protokoll frå RS-møtet finn du her: 
http://www.arkitektur.no/stort-flertall-for-ny-organisasjon