Debatt

Nasjonale turistvegar - kvifor team framfor kontor?

Grethe Løland // Framifrå Arkitekter 10. mars 2014

Kvifor søker Nasjonale turistvegar etter team og ikkje kontor? 

I konkurranseutlysinga fokuserast det på formgjevingskapasiteten til den enkelte teamdeltakar. Dette er vel og bra og viktig. Men burde ein ikkje vore like oppteken av å sjå etter teamets evne til saman å produsere gode og velforma svar? Om teamet har samarbeida før og kva dei har fått til saman, over tid?

 

At ein eller fleire av teamdeltakarane er gode formgjevarar betyr ikkje nødvendigvis at teamet saman klarer å levere god arkitektur. Det vert ikkje eit godt resultat om ikkje teamet evnar fruktbart samarbeid, og dette kan ein ikkje vite noko om med eit team kun sett saman i anledning ei prekvalifisering. For på same måte som det krev øving å utvikle god arkitektur som utøvande arkitekt, krev det også øving å utvikle god arkitektur saman med andre arkitektar.

 

Intensjonen med å søke etter enkeltpersonar i team kan kanskje begrunnast i at ein ynskjer velkommen unge arkitektar utan eige kontor. Men kva veit ein om drivkraft og levedyktigheit for eit team som ikkje nødvendigvis har samarbeida før? Er ikkje nettopp det å ha starta eige kontor den beste kvalitetssikringa for ein langvarig og fruktbar samarbeidsrelasjon som team? Er ikkje dette svært viktige eigenskaper ein bør kikke etter?

 

Om komiteen velger team med unge arkitektar tilsette i ulike, meir etablerte kontor, kven skal då Nasjonale Turistvegar skrive kontrakt med? Dei unge formgjevarane sine respektive arbeidsgjevarar? Og kven arbeidsgjevar er interessert i å fristille den enkelte medarbeidar til å prioritere private oppdrag med turistvegane framfor kontorets eigne oppgåver og tidsfristar? Eller er dette i praksis ein måte å kunne inngå kontrakt med veletablerte kontor framfor yngre kontor?

 

Når konkurransekomiteen likevel har søkt etter team framfor kontor håpar vi komiteen er oppteken av at dei valde teamkonstellasjonane har samarbeida tidlegare, og om samarbeidet har strekt seg over tid og såleis vist seg levedyktig som ein forutsigbar samarbeidspartnar undervegs i langvarige prosessar.