Debatt

Kjære redaktør!

Svein Hatløy 3. mai 2013

Du framstiller kunst, og legg fram skjema, slik at kunsten vert plassert på ein måte eg ikkje kan akseptera, fordi du ser bort frå meining med kunsten, det vil seie at kunstnaren søkjer ei meining.

 Du drøftar heller teori. Då er fyrste spørsmålet: Kor tek du dette frå? Kva er meininga med å slå fast, setja på ein fast plass, kva kunst er? Og du forsøkjer definera kva arkitektur er?

I den redaksjonelle leiaren legg du utgongs­punktet ditt til AHO. Det eg kan sjå og lesa er at du har valt mellom AHO sine to standpunkt, mellom Sverre Fehn og Christian Norberg-Schulz, mellom den praktiserande arkitekten og teoretikaren, mellom han med visjonane og han med definisjonane, og du har valt den sistnemnte.
 

Eg har ikkje høyrt professor Fehn førelesa, men eg har høyrt kva studentane hans har teke opp etter han at «god arkitektur kan ordleggjast med eit handlingord, medan arkitektur omtalt som eit substantiv, må ein vera på vakt føre». I motsetning til dette kunne CNS berre akseptera det definerte. Det gjer du òg, herr redaktør. Du handsamar kunsten som ein ting. I teori høyrest dette fastlagt ut, og alt tykkjest greitt.

Men slik er det ikkje. Kunsten er ikkje ein ting som kan fastleggjast med tinglogikk. Kunst er ei handling, mot ein eller anna. Det er ei kommunikasjonshandling, eller å bryta eit samband, få oss til å tenkja ein gong til. Ein avgjerande eigenskap med eit kunstuttrykk er grunnlaget for tvisyn, at du ser det som eitt bilete, mot at eg ser det på ein annan måte.
 

Å laga arkitektur er ikkje einfelt. Eit kunstuttrykk må vera der for å opna. Du tek til å laga ein ting du ikkje veit heilt kva skal bli. Då må det ha fleire tolkingar i seg.
 

Det kan du berre gjera på ein diffus måte. Dette kan du læra og øva. Du kan laga uttrykk av motsetnadar, slik at andre ser ulike ting i det. Og du kan øva deg i å sjå det sjølv. Her har ikkje ein konklusjon vunne, derimot har uttrykket opna for noko som ikkje er fastlagt. Dynamikken i dette kallar på fleire innlegg, som i arkitekturen tyder plass til fleire personar.
 

I Arkitektnytt vert kunsten lagt fram som ein daud stein me kan ta på, og sjå på. I samfunns-rommet derimot, er kunsten ei handling som ikkje let seg fanga, men bruka.
 

Likte å lesa om Pushwagner og Code. Ikkje mindre, med omslaget på bladet ditt og ditt oppslag om at arkitektur er ingen kunst, serverer du oss ei lukka form. Du ser bakover og definerer. Du forvekslar kunst og arkitektur med kunst-historie. Kunsten og arkitekturen har dimensjonane dynamikk og det naudsynleg brytande, og eigenskapen å ikkje kunna tolkast eintydig. Innbuaren kan ikkje leva i ein eintydig konstruksjon. Som eit fritt menneske kan ho ikkje overleva i ei lukka form. Mennesket kan ikkje leva med eintydige bilete. Det har rett på noko meir. Du har rett til heile tida å kunna førestilla deg at det ugjorde kan gjerast, at nye bilete kan lagast.
 

Her kjem arkitekten og kunstnaren inn. Teoretikaren vil ikkje evna å lukka forma med sin tinglogikk. Mennesket, arkitekten, gjer seg nytte av evna til å skapa på ny. Berre historia er historie.

Takk for nummer 4.

 

Helsing Svein Hatløy