Debatt

Høgspent arkitekturmøte

Bård Magnus Fauske, landskapsarkitekt MNLA og visepresident NLA 2. juli 2009

Statnett SF kunngjorde 10. juni i år at NVE gir dei konsesjon til å bygge 420-kV kraftlinje frå Sogndal til Ørskog.

Både denne linja, ei tilsvarande linje i Hardanger og andre linjer har vore heftig debattert dei siste åra. Samstundes har Statens vegvesen fått mykje god merksemd rundt nasjonal turistveg, også internasjonalt. I 2006 fekk for eksempel Todd Saunders og Tommie Wilhelmsen Architecture Reviews Award for Emerging Architecture for utsiktspunktet på Stegastein på Aurlandsfjellet. I vår spurte Bertram D. Brochmann i Morgenbladet kvifor prosjektet "uten diskusjon [har] fått tillatelse til å bygge i uberørt natur på fine og spesielle steder over hele landet". Med referanse til blant andre Carl-Viggo Hølmebakks Sohlbergplassen viser han til dei som kallar dette "en ny norsk nasjonalromantikk".

Ved Rv. 13 over Gaularfjellet bygde vegvesenet i 2005 ei bru over Likholefossen, teikna av Arild Waage i Nordplan. Brua er smal, nesten kynisk transparent der du står på toppen av fossen, der eit gravfølge ein gong mista eit lik då dei skulle krysse elva midtvinters. Du kjenner det sitrar i det du står over dei frådande vassmassane og skuer ut over Eldalen og Oppedal. På den same plassen vil du få førsteklasses utsikt til den nye 420-kV kraftlinja som Statnett no har fått løyve til å bygge. NVE påpeiker rett nok at deira erfaring tilseier at saka vil bli påklaga. Lokalt er protestane massive, ikkje minst fordi NVE vel det alternativet som kjem i konflikt med flest fastbuande - rundt 125 menneske samanlikna med dei 7 som blir berørt av det alternativet dei ønsker lokalt og som Gaular kommune stadfesta i vedtak 26. juni at dei ønsker. Det vil derimot gå på bekostning av urørte naturområde - noko innbyggarane lokalt meiner er heilt feil. Dei viser blant anna til regulerte vatn og skogsvegar i området (bygd på dispensasjon?). På toppen av dette er Gaularvassdraget inngår Verneplan IV, som stortinget vedtok i 1993.

Med andre ord finn vi i to punkt i Eldalen og Råheimsdalen der den nye kraftlinja vil krysse eit verna vassdrag og nasjonal turistveg. Dette berører med andre ord fleire politikkområde. For uten lokaldemokratiet sin rett til medverking (NVE viser til at kommunane i området ikkje er samde, og vel difor det dei meiner er best), berører det naturlegvis regjeringa sitt arbeid med arkitekturpolitikk. I debatten på slutten av arkitekturkonferansen hos DogA den 26.-27. mai, stadfesta statssekretær i kulturdepartementet Wegard Harsvik at også omgivelsane skal inngå i denne arkitekturpolitikken. Debatten dreia seg der rett nok i stor grad om by, men kva overføringsverdi har denne uttalen til denne situasjonen?

I mailveksling med NVE sin sakshandsamar Siv Sannem Inderberg begjerte eg 25. juni innsyn i møtereferat frå møte med Statens vegvesen i medhald av offentleglova. Ho kunne raskt stadfeste at slike referat ikkje låg føre, då Statens vegvesen utelukkande har vore ordinær høyringspart. Dei hadde ikkje diskuterte kva denne konflikten hadde å seie for anten utforminga av kraftlinjene, eller statusen til nasjonal turistveg på dette strekket. Skal det vere så vanskeleg for staten å samarbeide med staten.

Løysinga til NVE er å støtte forslaget frå Statnett SF om å kamuflere linjene. Men den løysinga finn vi jo også andre stadar. Finnast det andre tilnærmingar som synleggjer denne konflikta på ein slik måte at det blir både framifrå arkitektur og landskapsarkitektur? Eller krev dette møtet utelukkande at linja ikkje kan følge denne traséen? Kvar møter elles tre nasjonle interesser med så dramatisk ulike forteikn kvarandre? Og korleis kan dette løysast, sett i lys av påstanden om at ein ny og frisk nasjonalromantikk har vakna til live gjennom nasjonal turistveg?

Alle desse spørsmåla hadde det vore spennande å søke svar på. Difor inviterer eg til å delta i eit stunt under tittelen "highvolage architechture" i Viksdalen (nær Førde i Sunnfjord) torsdag 6. august. Har du ikkje låst ferieplanane dine, treng eit underfundig alternativ å fortelle om når du kjem attende på jobb og finn dette interessant, meld tilbake til bmf@sjufiredel.no innan 30. juli. Treng du overnatting eller hjelp til transport, hjelper eg med det, men då er det fint om du melder interessa di tidlegare.

Styret i NLA har gitt meg i oppdrag å finne ut meir om denne konflikta. Innspel frå samlinga vil bli samla og dokumentert. NLA sitt styre vil så behandle denne og sende det til NVE og Statens vegvesen som ledd i NVE si klagebehandling. Og har du ikkje høve til å delta, oppfordrar NLA til å debattere problemet her i arkitektnytt og i dagspressa elles.