Debatt

Hei til alle i kollegaforbundet

Svein Hatløy 25. november 2008

Med all vørnad for dei effektive presidentfaktene til tidl. president Ole Wiig, skrur me altså i dessa dagar ikkje berre attende til vintertid, men til mellomalderen før dagens digitale og TVreale verdssamfunn.

Kjem denne argumentasjonen ut, må folk og Dagblad tru arkitektane MNAL ikkje arbeidar for eit framtidssamfunn, men for den gamle renessansen framleis. Det er 100 år sidan me sette karjolen i løa. Skal ikkje arkitektane markera at dei har kome 100 år lenger? Opersjonsopplegg må skapast med tru på meir enn Oslo-gryta. Alle landspresidentar treng heile folket bak seg. Det praktiske kan gjerast på mange måtar. Det må berre gjerast med tru i staden for taktikk, med innersvingar i staden for kortaste vegen i Spikersuppa. Å avsetja landet fordi 100 år skal feirast verkar på meg uklokt og latterleg.