Debatt

Etterlysing: Regionale verkemiddel

Trond Sundby // landskapsarkitekt MNLA 20. desember 2010

Vi leser i siste Arkitektnytt at Tor Medalen etterlyser offentlege middel til opprusting, og at Karl Otto Ellefsen ber arkitektane om å komme seg ut i distrikta.

Ja, her i Sogn og Fjordane er vi sjølvsagt samde i dette. Kommunane manglar generelt planfagleg kompetanse, og arkitektar i det offentlege har vi berre i ein kommune. Planlegging etter plan- og bygningsloven er ei lovpålagt oppgåve, og offentlege statlege middel opnar ikkje for å bruke desse korkje til stillingar eller til planlegging i kommunane.

Som eit døme kan eg nemne at vi i fleire år har hatt ei tilskotsordning for kommunane til sokalla strandsoneanalyse, som er meint å styrke arealplanane i kommunane. Som de veit, er 100-metersbeltet i utgangspunktet verna mot utbygging. Eventuell utbygging her må skje etter ein heilskapleg plan. I år fekk vi melding om at vi ikkje kan bruke middel som fylkeskommunane får frå KRD som regionale utviklingsmiddel til dette, med grunngjevinga som nemnd ovanfor. Heldigvis har fylkespolitikarane gjort vedtak om ei slik ordning så den vert vidareført.

Når det gjeld tettstadutvikling, har vi lenge hatt ei tilskotsordning (for tida 5,3 millionar) som skal bidra til å sikre kvalitet i arbeidet med krav om stadanalyse som grunnlag for planar og tiltak. Fylkeskommunen har ein arkitekt/landskapsarkitekt som dekker dette området og elles er fagleg rådgjevar i samband med kommunedelplanar og reguleringsplanar i sentrumsområda. Sjølv i innsparingstider har fylkespolitikarane skjerma denne tilskotsordninga fordi vi ser mange gode døme rundt i tettstadane våre. Vi veit at utan slike middel ville kommunane ikkje prioritert slike prosjekt, der dei vil vere heilt avhengige av konsulentfirma med arkitekt-/landskapsarkitektbakgrunn.

Så ja! Det er vel og bra at Norsk Form får bygge kompetanse, men middel og kompetanse til kommunane og fylkeskommunane er avgjerande viktig i dette arbeidet. Kommunane har i alle høve ikkje middel, fylkeskommunen har noko og prioriterer faktisk dette arbeidet. No er det på tide at staten koplar regionale verkemiddel til arkitekturpolitikken sin.

Trond Sundby er fagkoordinator i plan- og samfunnsavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune.