Et smultring med munnkorg
«Jeg skulle ønske at utbyggere og arkitekter av og til kom med konstruktive innspill i stedet for kritikk,» uttalar byplansjef Mette Svanes i Bergen kommune til Arkitekntytt nr. 3/2016. Men smultringar lèt seg ikkje ete med munnkorg.
For i Arkitektnytt sitt prisverdige temanummer om Bergen kneblar plansjefen sine eigne. Tilsette i kommunen les nemleg utspelet slik: Ikkje kom med kritikk. Ver lojal til hovudløysinga vi fremmar som fagetat. Med ei så låg takhøgd, blir det lite rom for nytenking både internt og hos konsulentar, som er bundne opp av kontraktar som krev lojalitet til oppdragsgivar. Og det er nett det Bergen treng. Nye tankar om gamle problem.
Byrom
Oslo har sin VPOR – Veiledende plan for offentlige rom. I Møllendal kalla vi det byromskonsept. Arbeidet skildrar forventa kvalitet på byromsløysingane og tilhøvet til utbyggingsområda, slik at desse kan planleggast samstundes. Denne tilnærminga gir kommunen eit styringsverktøy i situasjonar der den ikkje kontrollerer eigedomane eller midlane, som skal brukast til å bygge om eit sentrumsnært område eller eit av knutepunkta langs bybanen.
Finansiering
Lars C. Pedersen i MAD arkitekter peiker også heilt rett på at det blir ikkje mykje byplan-
legging med skarve 5,8 millionar kroner i planmiddel (1). Men kommunen kan finansiere planlegging av nye byromsløysingar gjennom utbyggingsavtaler. Det nye byrådet vil også innføre grøn eigedomsskatt (2). Kan kommunen merke eigedomsskatt til gater og byrom, som prioriterer gåande og syklande eller dei som reiser med bybanen?
Byggherre
Då eg arbeidde i Bergen kommune, etterlyste eg for døve øyre ein eigen byggherre for oppgradert infrastruktur. Denne kan både planlegge og bygge ut nye gater i transformasjonsområda. Først då eg fremma forslaget på kronikkplass i Bergens Tidende hausten 2012, byrja båten å kome i sig. Den nye bymiljøetaten vil få ansvar for dette arbeidet (3).
Kontroll
«Det som ofte skjer, er at kommunen ikke velger seg ut områder i forkant, der man bestemmer seg for å satse. De kommer alltid i etterkant, når det allerede er startet opp mange detaljplaner fra private utviklere. Da føler de at de må få kontroll på det området.» Det sa Nancy Jøssang frå OPUS AS til den same utgåva av Arkitektnytt.
Paradis
Som prosjektleiar for områdereguleringsplan for Paradis måtte eg halde meg til opptil seks pågåande detaljreguleringsplanar (4) innanfor eit lite planområde. Å møte sinte naboar og kravstore utbyggarar var ei glede, samanlikna med å samle dei konstruktive innspela frå dei mange hovuda på det kommunale trollet. Korleis virvaret av pågåande prosessar arta seg for naboar, tør eg ikkje tenke på.
Då eit av forslaga til detaljreguleringsplan hadde vore til offentleg ettersyn, spurte eg forslagsstillaren:
– Korleis kan du tilpasse forslaget til dei ulike byromsløysingane fagetaten har greia ut?
Med denne finta gav eg frå meg noko av kontrollen. Men utbyggaren mista kontrollen og involverte dåverande byrådsleiar Monica Mæland og sa «slemme kommunen» (5).
Han hadde jo ein ferdig plan!
I byte fekk vi dei politiske prioriteringane som leiarane mine vegra seg for å etterlyse, fordi dei ville ha kontrollen. Skjønar?
Ein prosess
Då står vi ved kjerna. Korleis kan Bergen bli moglegheitenes by?
Dersom kommunen vel å planlegge oppgraderte gater, forbindelsar, nye byrom og parkar i større grad enn heile utbyggingsområde, tar den kontroll over ein forhandlingsdimensjon der Bergen med sine allmenningar har lange og gode tradisjonar. Her kan kommunen og utbyggarane faktisk samarbeide om gode løysingar. Det gir ein tydeleg prosess både utbyggarar, naboar og sektorinteresser kan skjøne. Og som i improvisert musikk gir det rom for det simultane samspelet som kan gi heilt særmerkte resultat.
Samstundes kan forhandlingar lett opne for korrupsjon (6). Difor krev denne tilnærminga ei opa forvaltning, der resultatet blir presentert fagleg korrekt. Då kan andre etterprøve korleis kommunen og forslagsstillar har tilpassa sine løysingar til kvarandre. Til slutt kan Bergen overvinne sine vanskar med å samle seg om
ei løysing.
Det offentlege ordskiftet bygger på at alle, også fagfolk, skal ha høve til å fremme sine kritiske synspunkt til dei løysingane politikarane våre skal ta stilling til. Berre eitparti-styre føretrekk konstruktive innspel. Kjem du med kritikk der, då ventar det rapp over fingrane.
Eller som jazzmusikaren Carl Størmer seier det:
– Kontroll er for nybyrjarar.
NOTER
1. Epost seksjonsleder byutvikling, Marit Sørstrøm, den 4. april 2016. Planmidlar gjeld budsjett til konsulentar og liknande i 2016, ikkje lønsutgifter til eigne medarbeidarar.
2. Byrådserklæringa byrådet Schelderup I, den 14. oktober 2015.
3. Byrådssak 1011-16 den 14. januar 2016.
4. BKSAK 200900376 doknr 201 Fagnotat omtaler fire prosjektforslag, to andre er ikkje omtalt.
5. BKSAK 200900376 doknr. 172-174 Epostveksling med Atle Sundal og OPUS AS.
6. Å bekjempe et samfunnsonde, Birthe Eriksen (red), Gyldendal 2014.