Debatt

Den Opne Forma i vår tid - ei forsinka helsing til Svein Hatløy.

Joakim Skajaa 1. september 2016

Eit år er gått sidan Svein Hatløy gjekk bort. Ved det høvet, og i høve skulen sin 30-årsdag, ei forseinka helsing til den gamle rektoren, gratulasjonar til skulen og dei nye arkitektane.

Det viktigaste arkitekten gjer er å forme. Det Svein lærte oss, allereie den første dagen på arkitektstudiet, før noko anna skjedde, var at kvar og ein av oss måtte forme sin eigen veg. Gjennom studiet, inn i arkitekturen og samfunnet. Den vegen finn vi ikkje gjennom det som har blitt sagt eller gjort før, eller gjennom det vi sjølv seier, men gjennom det vi sjølv formar. Gjennom forma skapar vi både husvære og tilvære. To sider av same sak.

 

30 år er gått sidan Arkitektskolen i Bergen tok imot sitt første kull med studentar, og mykje har sjølvsagt endra seg både når det gjeld arkitektur, samfunn og teknologi. Vi står overfor store utfordringar dersom vi skal skape eit berekraftig og rettvist samfunn. Tida som Arkitektskolen i Bergen har eksistert, har i stor grad vore kjenneteikna av individualisme. Det paradoksale resultatet av denne egoismen er at både arkitekturen og individet har mista identitet og særpreg. På godt og vondt refererer ikkje arkitektane til det lokale og stadeigne, men til det globalt publiserte.

 

Svein starta Arkitektskolen i Bergen med ei klar tilknyting til den regionale byggeskikken. Slik Christian Norberg-Schulz også ofte tala om, er (eller var) måten vi bur eller bygger på, sterkt knytta til lokalt landskap, klima og kultur. Spørsmålet er om ideen om den Opne Forma, slik den vart formulert av først Oskar og Zofia Hansen, og seinare av Svein saman med studentar og lærarar på BAS, hjelper oss å forme (i) vår tid?

 

På same måte som industrialiseringa i si tid krevde det, kan hende enda meir, vil eg hevde, krev vår tids teknologi- og mediekultur opne og skapande individ. Slike individ som Oskar Hansen skriv om og Svein skapte ein skule for:

 

Vår tids rytme, og verknaden av den Lukka Forma (som kjem fram i ei særleg drastisk form i den feilaktige tolkinga av industrialiseringa, som dukkar opp i den monstrøse forma av einsformig standardisering) fører til at individualiteten går tapt i kollektivet; individet blir ståande utanfor handlinga. Den Opne Forma hjelper individet å finne seg sjølv i kollektivet, gjer individet uunnverlig i skapinga av eigne omgivnader. (Oskar Hansen, The Open Form in Architecture — the art of the Great Number, CIAM ’69 Otterlo.)

 

Arkitektskolen i Bergen vart skipa av Svein som eit alternativ. Ein annleis skule, som finn sin relevans, ikkje i likskapen med dei andre, men i nærleiken til det lokale og det formande individet. Skulen si utfordring er å vere relevant utan å vere lik dei andre. Det einsformige og standardiserte ser vi ikkje berre i samfunnet rundt oss, men og på arkitektskular og arkitektkontor. Utfordringa ligg ikkje i å gi form til industri, økonomi og teknologi, men å forme individet sin plass i møtet mellom etymologien og samtida, slik Yoshiharu Tsukamoto uttrykte det då han vitja skulen nyleg. Den beste arkitekturen, slik som t.d. Svein sitt museum i Florø, blir skapt i møtet mellom kulturhistorie, stad og form i samtida.

 

Ein gong for nokre år sidan, då eg om sommaren skulle ut og reise, spurte eg Svein om han kunne gi meg råd om hus å vitje i Italia. Det gjorde han gjerne, sa han, men først måtte eg teikne kartet sjølv. Dette var sjølvsagt i tida før alle gjekk rundt med all verdas kart  i lomma. Uansett eit godt døme på ein lærar som frå dag ein ikkje fortalde korleis ting skulle vere eller gjerast, men ga oss muligheita til å forme svaret sjølv. Det viktigaste skulen ga meg, var nettopp muligheita til å forme min eigen situasjon. Dersom det kan vere programmet for ein skule, og eit arkitekturstudium tufta på Open Form, er det ein skule vi treng.

 

Joakim Skajaa, Oslo, Juni 2016

 

Svein Hatløy, født 12 mai 1940, vart utdanna arkitekt ved NTH (1964) og frå Oskar Hansen si avdeling på Kunstakademiet i Warszawa (1969). Han var initiativtakar, grunnleggjar, rektor og professor på Bergen Arkitektskole. Han var med å starta arkitektkontora Cubus og Gult Felt. Han fekk Houens fonds diplom i 1988 for arbeidet med Loddefjord Skole. I 2003 vart han æresmedlem i Norske Arkitekters Landsforbund for sitt arbeid med BAS, og i 2009 fekk han Norsk Forms Hederspris for sin store pedagogiske innsats. Han døde 11. juli 2015 i Bergen.

 

Denne teksten vart skreve til Bergen Arkitekthøgskole sin diplomkatalog august 2016.