Demokratisk arkitektur versus maktarkitektur
Les tidligere rektor ved Bergen arkitekthøgskole, Svein Hatløy, sine tanker om bærekraftig arkitektur, demokratisk arkitektur og maktarkitektur.
På Arkitekturdagen 2014, i Bergen, kan forsamlinga synfara demokratisk arkitektur mot maktarkitektur: Gulatinget i Bergen er det nyaste døme på demokratisk arkitektur, tegnet av sivilarkitekt MNAL Terje Grønmo, og Rådhuset, som er eit vinnarprosjekt av Erling Visjø frå ein generasjon attende.
Berekraftig arkitektur er viktig. Men mennesket er viktigare. Vilkåra samla, for deira utvikling, bustad og arbeidsrom, er viktigare. Det vil seie: Arkitekturen er viktigare. Den står for heilskapen som gjev vilkåra for mennesket si handling, og kan underbyggja det samfunnet prøver å skapa av eit betre liv. I vårt samfunn i dag er det folkestyret som er grunnlaget for samfunnet si utvikling. Berekraftig arkitektur er ei samfunnssak. Alle krefter og den einskilde si deltaking er avgjerande. Ei styring som hindrar dette, er i mot våre prinsipp med demokratiet.
Tradisjonen i vestens arkitektur har eit utgangspunkt i å visa makt. I dag er det teknologien som får styra, for å retta opp att det teknisk og industriell produksjon har ført til. Utvikling av berekraftig arkitektur vert styrt av teknologisk utvikling.
Ein samansett tradisjon har me like fullt, ein tidleg demokratisk kultur. I bruken av landskapet underordna ein seg naturkreftene, og laga gode formsvar for ein tenleg arkitektur. Naturlandskapet og klimaet gav vilkåra, og bonden og fiskaren lærte seg å byggja under desse vilkåra og utvikla arkitekturen gjennom eit par-tre tusen år.
«Landet med dei store husa», skreiv den greske geografen Pyteas, etter si ferd langs norskekysten i førhistorisk tid, «der innbuarane gjorde utearbeidet inne». Maktuttrykket i denne arkitekturen ligg i vernet mot vedvarande vind og nedbør, uttrykt med store volum kledde med brakje (einer) eller gavlar bygde av turrmurt stein. I samfunnsskala hadde dei allmenningane i bygdene og i byen, for felles tilgang og nytte av naturressursane, den demokratiske forsamlinga laga tinget ute i marka ved fjorden, og kollektiv bustad i klyngetunet og rekkjetunet, organiserte etter dei vilkåra landskapet og vêrlaget gav. Dette folket nord for kontinentet var ein heil kultur med eigen religion, eigne legender, forteljingar, og soga skriven ned, litteratur og songar, ein sjølvstendig kultur med eige skriftspråk, ikkje latin, men parallelt i tid med kulturane ved Middelhavet styrte av keisardømet i Roma. Tradisjonen med maktuttrykk i arkitekturen fekk me etter kvart frå Roma, fyrst med Keisaren så med Paven.
Frå maktarkitektur til demokratisk uttrykk
Romersk basilika, domssalen, vart kyrkje, og maktkonseptet vart spreidd over heile Europa. Då me fekk offentlege skulebygg nokre hundreår seinnare, ser me at skulestovene vart forma etter same konsept, og dette maktuttrykket vart halde ved lagt heilt opp i vår tid.
Arkitekt Helge Hjertholm braut maktkonseptet i kyrkja med vinnarprosjekt i den internasjonale tevlinga, utlyst av kyrkjeministeren i Danmark på tidleg 1960-tal, folk vart samla ikring fokuspunktet, ikkje underlagt som i basilikaen, og skulane vart opna til landskap av fleire arkitektar nesten ti år seinare, døme Loddefjord skole, Laksevåg. Lærar og elevar saman kunne no finna seg høvelege stadar å arbeida, med dagens syn på læremåtar, ikkje lengre maktkonseptet diktat.
Demokrati i arkitekturen tok til etter andre verdskrigen
Arkitekturens maktuttrykk i Noreg vorte utfordra av visjonære arkitektar som Knut Knutsen og Arne Korsmo, og til dels med gruppa PAGON; og på kontinentet av gruppa Team Ten med Oskar Hansen og fleire, CIAM i Otterlo 1959.
Knut Knutsen byggjer og syner oss sommarhuset sitt i Portør, eigen heim i Oslo, og vinnarprosjektet Den norske ambassaden i Stockholm. Konseptet for uavhengig arkitektur, utan maktdemonstrasjon, syner han i planen, med uavhengige store rom, kvar med eigen arkitektonisk identitet og eigne hjørne ut i parken. Golvteppene til kunsthandverkar Hjørdis, kona, forsterka konseptet og frigjorte romma. Dei svenske arkitekturkritikarane gav seg over, og gav han åtgaum. Sjå og les biografien om Knut Knutsen. To referansar er viktige her: 1) Katzurapalasset i Kyoto, etter den japanske revolusjonen i arkitekturen i andre halvdelen av 1800, form og planstruktur vart opna og gjort frie. 2) Han tok utgangspunkt norsk byggeskikk med samanbygging av sjølvstendige hus-einingar. (Førstepris i tevlinga om heradshus i Vågå, sommarhuset i Portør, og eigen bustad). Knut Knutsen syner oss Open Form. Det demokratiske uttrykket gjev brukaren rom og retningar å velja, mennesket vert gjort til sjølvstendig subjekt. Ved å gå i desse romma til Knutsen, bruka dei, får mennesket vekst i sinn og tanke.
Arne Korsmo og japanske frie uttrykk og open struktur: Sjå særskilt hovudrommet i rekkehuset hans og Grete Pryds, i Planetveien, Oslo, kontinuitet, rekkjer av nye uttrykk i ein open samanheng. Sjå og rekkehusprosjektet Korsmo laga saman med PAGON.
Arne Korsmo tok del i Otterlo 1959, då den internasjonale arkitektkongressen CIAM, la om kursen slik TEAM 10 formulerte det nye programmet, ikkje CIAM sine reglar frå mellomkrigsåra, men at arkitekten skulle skapande fridom. Her viste óg Oskar Hansen sine og Zofia sine bygg, og han heldt førelesinga Open Form, til å rå med det store talet. Arne Korsmo han fekk Oskar Hansen til Oslo og NTH, og gjennom Arkitektnytt 1963 og utstilling på Arkitektavdelinga på NTH, fekk alle norske arkitektar og arkitektstudentane på NTH innføring i Open Form. Arkitekt Lars Fasting og eg fekk statsstipend til utveksling med Polen, og fleire norsk unge arkitektar og arkitektstudentar fylgde etter. Komponisten Arne Nordheim hadde årleg fast plass i Polsk Radio sitt elektroniske musikklaboratorium. Slik fekk eg Open Form både gjennom Nordheim sin musikk og grafiske framsilling, og Oskar Hansen si undervising på Kunstakademiet i Warszawa.
Nokre år deretter fekk eg høve, saman med Bergen Arkitektforening å skipa BAS, den tredje arkitekthøgskulen i Noreg, Bergen Arkitekthøgskule. Oskar Hansen underviste på BAS og på sommarkurs I Szumin, utanføre Warszawa, frå 1988 til -71.
Arbeida til Oskar Hansen – hans livsverk, laga av Museet for Moderne Kunst i Warszawa, er nett no under montering i Barcelona, i galleriet MACBA, og vert opna 10. juli. Etter ei god stund der går utstillinga på omreise, til mellom anna London og USA.
Med dette innlegget i Arkitektnytt er det på sin plass å drøfta Open Form-utstilling av utvalde arbeid av Knut Knutsen og Arne Korsmo. I arkitekturen har dei ført vidare uttrykk for demokratiet, som det sjølvstendige Noreg viste i sin kultur, då dei rådde havet og forma sine eigne hus i eige landskap.
Arkitekturdagen i Bergen for tredje gong
Den fyrste Arkitekturdagen i Bergen, i 1996, var på tiårsdagen til BAS, og den fyrste Arkitekturdagen halden utanføre Oslo. BAS fekk vist arbeid og metode 1:1-installasjonar på Vågsallmenningen og Torget, og ført forsamlinga med rutebåt frå fjordane, frå Fisketorget til BAS sin nye skulestad og bygning i Sandviken. Dei norske arkitektane fekk lytta til fyrste førelesing i bygget, i bokstavleg ope auditorium, småfugl flaug under taket medan to unge arkitektar frå USA tala om Los Angeles.
Den andre Arkitekturdagen i Bergen hadde emne og program om berekraftig arkitektur. Men BAS fekk ikkje visa korleis at denne tredje arkitekthøgskulen underviser dette programmet. Ei gruppe arkitektar, frå heile landet, starta med metodekurs i Kaupanger 1968, med professor Kåre Utaaker og fleire frå Universitetet i Bergen, eit første symposium om «lokalklima og ny arkitektur». Det var oppstarten.
I 1970-71 heldt med eit heilårskurs for arkitektstudentar i Bergen, der granskinga av lokalklimaet i Åsane, Bergen sin nykjøpte bydel, åtte vintermånadar med måling av kaldluft-bassenget der bustadar, handel og verkstadar skulle byggjast. Kommunen visste ikkje korleis dei kunne bruka data og konklusjonar, og ein arkitekt (frå kommunen) i programnemnda for den andre Arkitekturdagen i Bergen, fekk nemnda til å ikkje visa dette arbeidet. Heller skulle ikkje eg få presentera arbeid og årets diplomar på BAS. (Bergens Tidende prenta klimagranskinga på Arkitekturdagen).
Maktuttrykket i arkitekturen, førebels siste kapittel
Konvensjonen Arkitektur som maktuttrykk, frå Romarriket til industrialismen sin Modernisme, går via Paven og Barokken sin motreformasjon (denne maktdemonstrasjonen er underslått av CNS) til teknologien sitt herredøme over arkitekturen i dag.
Har teknologien fått plassen til religionen? Er dei rådande og styrande arkitektane presteskapet? Eller det ingeniørane i byggteknisk forskings- og undervisingsinstitutt? Er Arkitekturdagen med Berekraft det nye evangeliets kongress?
I dette er mennesket underordna, slik fungerar maktuttrykket i arkitekturen. Mennesket er ikkje subjektet. Det er konsument. Makta har skapt problemet, og no vil dei same rå over dei nye løysingane.
Meir kan skrivast om dette. Men – arkitektane kan ta problemet opp til drøfting.
God sommar og til hauste: God arkitekturdag.
Med helsing Svein Hatløy
Siste: BAS held sommarkurs for arkitektar/lærarar ved GDUT, GuangDong University and Technology, Guangzhou, Kina, som skal endra studieplanen for arkitektavdelinga til BAS-alternativet, Open Form.
Arkitekt Wang SHU og biletkunstnaren Wu Guanzhong er mine kinesiske skapande Open Form, i Kina.