Debatt

Då NTNU feira seg sjølv

Svein Hatløy// arkitekt MNAL 28. februar 2011

Landets eldste arkitektskule, NTH, vart 100 år. Me fekk ikkje namna på alle som har vore med å byggja ned den gamle skulen, me fekk heller ikkje namna på dei som bygde han opp, for 50 år sidan.

I helsinga mi til jubileet i Arkitektnytt 02/10 takka eg professorane Korsmo og Holm og deira seks framståande kunstnarar. Panegyrisk sa ein av førelesarane frå jubileumspodiet, fordi eg hadde skrive at opplevinga var stor. Det var for 50 år sidan. Jubilanten fatta ikkje den underliggjande kritikken i hovudsetninga: «Takk til desse for at 4,5 år på NTH ikkje vart bortkasta.»

Ingen stilte spørsmål eller svarte på denne kritikken: NTH var, og er framleis, ei arkitektavdeling på ein polyteknisk høgskule. Alle tekniske høgskular i Europa er like eins, og dertil eksportert til alle kontinent. Dei siste 150 år har desse forma vår omgjevnad og kultur, endåtil vårt fysiske klima, til ein farleg, kritisk tilstand. For å forstå må du vedgå. Det gjer ikkje dei ansvarlege. Men framandorda er dei framleis like flinke på. Kritikken er djup og alvorleg, og meir underbygt vert han for kvar dag. Sivilingeniøren instruerer oss i ein ny omgang: – Du arkitekt, du må isolera vegger og tak meir. Industrialismen er over no, men NTNU vil berre ha meir teknologi for å reparera sin gamle.

Som tidlegare studentar var me inviterte til feiringa, eit seminar om fag og framtid, men mest om historie, to dagar i Samfundet og på Gløshaugen. Det var ei god oppleving å gå opp bakken, koma attende til NTH, lesa den 100 år gamle estetikken og det avdanka maktuttrykket i steinbygningen, urørleg stolt over erkebispestaden. Men bak denne fasaden kom minnet om jubileumspaviljongen for 50 år sidan, i sterk kontrast til det som no var reist, eit partytelt utan tanke på den visuelle kommunikasjonen, som sa: «Festen er over.» For 50 år sidan var paviljongen introduksjon til arkitektur, med dagslys lysare enn ute, for vår framtid, eit uttrykk for å vilja.

Paviljongen frå 1960 var no 50 år etter altså skifta ut, og bak teltet er hovudinngangen til Gamle Kjemi inngangen til arkitektavdelinga. Den sentrale gangen i Sentralbygget helsar oss: «Arkitekturen er over.» 100-årsscenografien gav inga framtid å sjå, og lite å høyra.

Sentralgangen var verre enn eg minnest, sløva som me då var av ikkje-arkitektur. (Eitt år hadde me utsyn, frå førsteåret sin teiknesal i Hovudbygningen.)

Prodekan sa at teknologien kan, og skal, vera identiteten. Her ligg historia og ressursane, var argumenta. Tonen var optimistisk og positiv, om enn gamalmodig. Gruppa Tynset fekk åtgaum, men studentane var lite synlege. Dei spurte: – Kvifor stiller ikkje alle lærarane opp?

Inntrykket var passivitet. Det er ein avleggs skule dersom heller ikkje studentane er med på det heile.
Eit velfylt stort auditorium fekk stadfestinga, ein nedbygd skule. Ein god førelesing mellom dei mange andre kunne ikkje retta opp dette inntrykket.

Ingen kunstnarar på podiet. Ingen kunst ute i gangen. Ingen ting frå aktive arkitektar heller. Inntrykket av kvardagsgangen til studentane var ikkje god. At arkitektur er noko som kan utviklast, leggjast til, gjerast som noko meir, er her ein fjern tanke. Open Form er òg 50 år, men ukjent her. Arkitekturen er ikkje absolutt lenger. Han kan utviklast. Den fyrste og beste staden er skulen. Aalto frå førre jubileet, at arkitekturen skall odla menneskjan, var og gløymt.

Bygget til dagens arkitektavdeling er ikkje den gode staden for arkitektstudentar. Motstykket er nybygget til Kjemi mot sør, med opne rymder og modulert sol og skugge. Her finn du den fine opplevinga på NTH i dag. Arkitektavdlinga sitt motstykke ligg òg i teoriframstilling.

«Alt er arkitektur» er tittelen på siste bok, som kom ut til jubileet. Svært velskrive. Men ho illustrerer berre det meiningslause, og forenklar det heile til «arkitektur finst ikkje».

For 50 år sidan var sju særleg gode kunstnarar lærarar på avdelinga. På jubileumsdagen vart det demonstrert at kunstnaren er ute av biletet. Men, dei er på fakultetet, og mellom dei beste og mest nyskapande. For å finna kunst i offentleg rom er atter kortaste turen å gå til Kjemi.

Bygningsteknologien har alltid stått sterkt på NTH, også som bygningsideologi. Berre ein professor møtte, med historia, men nemnte til slutt at staten hadde løyvd 300 millionar til å forska på meir isolasjon. Det er summen som BAS har brukt i 25 år til å utdana sine arkitektar. Og me minnest professor Granum med sine ti centimeters steinull, den gong det politisk rette.

Konklusjon: Me står med ein jubilerande arkitektskule som er ute av proporsjonar. Situasjonen i dag kringkastar overskriftene «klimakrise» og «bærekraft». Den pensjonerte teknologiprofessoren viste med sjølvironi ei teikning frå Trehusboka, eit hus fylt med steinull. Han vedkjente seg problemfloken.

I boka «Alt er Arkitektur» ville neoavantgarden fjerna det dei kalla arkitekturinstitusjonen. Det var gode grunnar til det, for arkitekturen må skapast på ny heile tida. Dei gode arkitektane gjer nett det. Det denne avantgarden ikkje såg, var at dei berre snudde om på objektet. Subjektet, mennesket, tenkte dei ikkje på. I staden for tunge materiale og harde trykkrefter sette dei inn plastteknologi, pneumatikk, og uttrykk frå massemedia. Dei var blinde for at arkitektur dreier seg om noko anna enn objekt. Oppgåva er å skapa høve mellom menneska, sosiale relasjonar, ikkje berre vri på tinga. Det vart ei ny blindgate. Dei forsto ikkje at det galdt å skapa det rommet som gjev vilkår for mennesket å uttrykka seg, på ny, fritt, så alle får sjå dei nye tankane til andre. Korridoren i Sentralbygget er som avantgarden si blindgate. Då er det urimeleg tungt å vera student, like tungt som å vera arkitektlærar i auditoriet.

Det trengst tid å byggja opp ein arkitektskule. Her var det gjort for 50 år sidan. med gode, sjølvstendige professorar, og uvanleg gode kunstnarar som assistentprofessorar. Men denne gullalderen er over.
Det tek ikkje lang tid å byggja ned ein god arkitektskule.

Dette er historia om arkitektskulen på Gløshaugen, 50 pluss 50 år.