Bybane-debatten i Bergen:
Eg vil ikkje vere kaptein på ditt synkande skip

Nokre veker før Kommode speler gamle licks på Nattjazz, leverer fem lag arkitektar forslag til korleis Bybanen skal krysse Bryggen i Bergen (4. mai). Det blir stort å sjå kva resultat dei skarpaste pennane meislar ut frå asfalten som i dag pløyer vegen framom dei gamle tørrfisklagera.
Banen har ikkje akkurat køyrt på to parallelle skjener dit vi står no. Dei første forslaga blei fremja i eit planprogram før lokalvalet i 2011. Ei freidig løysing kryssa Torgallmenningen. Dei dårlege tunnelløysingane kom i god tid til lokalvalet fire år seinare. Då valde bystyret å kaste anker på sida av Kjøtbasaren. No står vi framom det tredje lokalvalet og Høgre går til val på ikkje å bygge Bybanen framom Bryggen.
Forstår arkitektane kommunen har valt, kva dei har gitt seg ut på? Heile valkampen vil gå med til å bråke om forslaga som blir landa i vår. Engasjerte lokalpolitikarar skal trakke ned dører, stå på Torgallmenningen, eller besøke NRK eller Bergens Tidende sine valstudio. Der skal dei ivrig forvare dei visjonane vi legg i fanget på dei. Eller rope høgt ut «Æsj, sånn vil vi ikke ha det! Få vekk den jævla banen, vi vil ha ekspressbuss i stedet.» Og så er det «På'an igjen».
Sjølv ser eg føre meg ei løysing, der den gamle bryggekanten framfor Bryggen blir trekt inn i løysingane. Ei der du luktar tørrfisk og godt brygg i det du svevar forbi på ei tynn bru, og kan sjå verdsarven stå fram slik han gjorde før betongkaien køyvde historia.
La oss vone at dei som sit oppe om natta, også lyttar til god musikk. Ei god løysing skal som kjent groove, skal Bergensbuene skjelve heile vegen frå Radøy til Austevoll. For eg vil ikkje vere kaptein på ditt synkande skip. Det kan du belite deg på!
Bård Magnus Fauske
Landskapsarkitekt MNLA, byplanleggjar