Arkitekturdagen
Arkitekturdagen var ein fest i salen til Peer Gynt, men utan arkitektur. Arkitektane saman med dei andre interesserte i arkitektur og klima, fekk seg ein fullsett dag med ekte teknisk etterutdaning, på aller høgste nivå. Den tekniske skuleringa vart komplettert med ei inspirerande gjesteførelesing frå Freiburg, ein dokumentasjon frå det sosialt aktive for ein betre by. Der handla det om deltaking for alle.
For Bergen viste vår eigen Lisbeth Iversen politisk vilje og handlingsprogram, og nytta dette særskilde høve til å annonsera Bergen sin nye miljø- og klimapolitikk, med Bybanen som bærebjelken. Ho hadde lese dagens BT- kronikk om lokalklimaet i bydelen Åsane, og lovde nye tiltak og nye evalueringar. Ein fullsett sal norske arkitektar vart vitne, den internasjonale ekspertisen den fagleg referansen: Bergen i internasjonal front. Lat oss tru på politikarane denne gongen. Byrådsleiar Monica Meland og Statssekretær Heidi Sørensen hadde innleiingsvis formulert den ambisiøse målsetjinga.
Det store, tekniske, føredøma kom frå konsulentfirma Arup. Blendande ingeniørkunnskap vart demonstrert og talfesta av ein ingeniør frå Arup sine 10.000 tilsette. Dei mindre føredøma vart presenterte av eit anna britisk kontor, eit frå Austerike og eit norsk. Det norske vart presentert av Byggforsk SINTEF. Denne dagen fekk arkitektane til rydda kraftig i si tekniske verktøykasse.
Det britiske arkitektforbundet, RIBA, er aktivt medverkande med eit fast framtidspanel for berekraftig utvikling. Vårt tilsvarande NAL|Ecobox, var ansvarleg for seminaret. Presidenten for NAL lova samfunnet at ein samla arkitektstand vil stå bak ein ny praksis.
Arkitektur, derimot, vart det ingen som nemnde. Det sto berre i dagens overskrift: «Ren arkitektur». Klimaprofessor Drange frå Bergen førte oss inn i tal og statistikkverda med nokre fantastiske videofilmar, om dei globale vindane og temperaturendringane. Ei framifrå pedagogisk framstilling, ein leksjon om klimaendringane synleggjort. Alvoret ville slått inn i barne- og ungdomsskulen, like mykje som på dagens teknisk høgskuleplan. For byggentreprenørane og NRK TV skulle dette vore obligatorisk pensum. NRK kunne gjort bot for si vedvarande bortredigering av norsk arkitektur med klimatiltak. Det har eg måtta sjå på nederlandsk TV. Det gjeld heile samfunnet. Føredøme for realisering: sjå Freiburg-historia om att. Dei er i full gang. Lokalt, våre bydelar: Åsane fyrst, som byråd Iversen tok fram. Bergen har fleire bydelar som klimatisk er dårleg regulerte. Alle som bur der, må vera med. Det gjeld deira liv og helse, som for heile verda.
Arkitekturen er det største verkemidlet, slik har det vore gjennom historia. I dag er det dertil avgjerande. Eit skifte skal gjerast, og det må synast, ikkje berre i tal og diagram. Løysingane skal formidlast og folk engasjerast. Arkitekturen har denne eigenskapen. Arkitekturdagen nytta likevel ikkje høvet å nemna det.
Om att og om att, i stolpediagram og prosenttal, «bygningsindustri, byggforbruk, utslepp». Greitt nok. Heile seminaret dreidde seg om det. Men kor er arkitektane som ansvarlege formidlarar, gjennom sine bygg? Og politikken til arkitektforbunda? Er dei blinda av tala, har dei gløymt kva mål dei har som forbund? Løysingane er ikkje vanskelege, teknisk og rasjonelt sett. Folk er meir enn noko gong engasjerte i hus og ny heim. Dei byggjer meir enn før, men let sprengings- og gravemaskinsfirma laga løypa og premissane.
For oppgåvestillinga, teknisk teoretisk, var det ein konstruktiv arkitekturdag. Overført og tilpassa kvardagen og det lokale klimaet, kan vedtak gjerast. Men så kjem den store realiseringa at folk skal byggja eit nytt samfunn, leggja om bruksvanar, innarbeida nye verdiar og få nytt syn på kva som er konkrete, synlege kvalitetar i kvardagen. Dei styrande skal våga å ta nye steg fram, og nokre steg attende for å gjera gamle vedtak om att.
Det som var utelate på arkitekturdagen, var arkitekturen si avgjerande rolle; at arkitekten må ta jobben på ny, og ikkje gjera seg usynleg for den enorme, men og fantastiske oppgåva. Dei tekniske løysingane me fekk presenterte, frå austlandsblokker i Fyllingsdalen til engelske byplanar i Shanghai, er ikkje tilstrekkelege. Arkitekturen skal laga bakgrunn for nye livsformer på spesifikke stadar, med si historia og sitt lokalklima. Dette er oppgåva til arkitekten. Bygningshistoria viser det over heile verda, ein arkitektur med kvalitetar som var fråverande på arkitekturdagen. Tal og design derimot er ikkje arkitektur.
På planane for passivhus i Fyllingsdalen fekk me ingen kart over vind og drev, heller ikkje kor utsett det ligg på åsryggen. Bygga var utforma med sine tekniske poeng, og utstyrt med eit tynt ytre lag design.Den store feilen ligg i ei utilstrekkeleg oppgåveformulering. Heilskapen mangla, der vêret og landskapet er ein aktiv del. Svaret er å visa dette, kor vinden står, kor regnet kjem. Vernet mot været kan få oss til både å sjå og kjenna at dette rett.
Samla skal arkitekturen bera fram og visa ein kultur, ikkje heilt ny, men på ny. Folk skal ha part i dette, vera med når den nye kunnskapen skal realiserast. Store verdiar skal synleg verdsetjast. Arkitekturen kan det. Innbuarane gjer det ved måten dei bur på, har fått regnfrakk på, og funne ly i landskapet. Når klimavernet er gjort synleg, vil og energisparinga verta det. Ikkje passivt godta og vera nøgde berre med nye tekniske løysingar, men vera medverkande, visa at innbuarane er medviljande, til nye uttrykk, kraftfulle nok så endringane vert synlege. Det kan berre ein ny arkitektur. Ein slik arkitektur var ikkje tema på «arkitekturdagen».
I Åsane, med sitt særskilte landskap, tyder det å retta seg etter temperatursonene. Dei gamle gardane og gamlekyrkja ligg i varmebeltet 50 meter over myrflata, der kaldlufta står forureininga. Planane må gjerast om. Redninga er full tilplanting, og ombygging til grøn arkitektur.Målet er «zero carbon communities».
Inspirerande var det å få sjå den nye «null-utslepps-byen» ved Shanghai, på ei øy ute i elveosen til Yang Tse Kiang, med eit nettverk av kanalar og småvatn, og vern mot havet ytst. Men ikkje eitt vindkart vart vist, heller ikkje den permanente varmluftsklokka over storbyen.
Eg sakna prosjektert lufting. Arkitekturen som form, med elva, kanalsystemet og vinden som ressurs, er hjelperåda for naturleg avkjøling. Dette veit dei vonleg om, men vart korkje vist eller nemnt.
Ein har lov å frykta at Heidegger si filosofiske setning plasserar problemstillinga vår, at «teknologien står i vegen for å sjå målet». Det gjeld for oss alle som byggjer.