Debatt

Arkitektur eller termos

Svein Hatløy // arkitekt MNAL 27. april 2011

Arkitektur har mange dimensjonar. Termosen har berre to: lukka form og halda på varmen. Kven er med i debatten? Er Arkitektnytt? Er arkitektskulane? ?

Spørsmålet her: korleis er Arkitektnytt  med i debatten om energibruk og formsvar? Kan bladet halda lesarane sine oppdaterte?


Hakka-kulturen (toppbilde), sirkelbygg, halvsirkelbygg, kvadratform, friare former og utviklingsformer i tette bysamfunn: særskilde eigenskapar. Min kinesiske student, phd-student på SCUT, forskar på inneklima ved skiftande utetemperatur, romtemperatur og lagring i huset. Det gjeld eigenskapane til bygget av stampejord. Store konstruksjonar, materiale rett frå byggestaden. Frå lærarkurset mitt tok ho oss med på studietur til Hakka-kulturen sine spreidde samfunn, i skiftande landskap av fjell og dalar. Illlustrasjonen her er frå landskapet nord for kystbyen XiaMen. Dette var min Hakka-tur nr.2. Tur 1 var til MeiXian, GuangDong provinsen. Der har prof. Lin Yaoguang og dekan prof. Zhu Xuemei eit større forskingsprosjekt. Dei tilbyr førelesing i Noreg for å samanlikna det med norsk byggeskikk. Problemstillinga er felles, mellom anna berekraftig bygging og energiforvalting, klima, kultur og byggeform.

 

For arkitektar så vel som ikkje-arkitektar, er Hakka ein stor attraksjon. Interessa er stor over alt. Midt inni Kina møtte eg ein tysk arkitektdelegasjon som opprømte skulle få ein særskild visingstur. Dei var på heilt andre oppdrag. Kinesarane fortel stolt historia til Hakka-folket, om arkitekyuren som minner om borger, spreidd ikring i geografien. Historia er om ei indre flukt i landet, frå sin opphavlege heimstad nokre århundre sidan, eit folk på vandring gjennom mange sekel,  til mange regionale utkantstrok, alltid ytst der bøndene før dei hadde teke den beste jorda.

 

Dette utvekslings- og utviklingsprogrammet høver i ARKITEKTURENS ÅR. BAS er 25, utvekslinga med Kina 5 år. Ordskiftet går, me må nytta høvet, og det sosiale klimaet.?

50 cm stampevegg, av leire, sand og småstein, laga av BAS-studentar med lærar og arkitekten Espen Folgerø. For ny, berekraftig arkitektur.
50 cm stampevegg, av leire, sand og småstein, laga av BAS-studentar med lærar og arkitekten Espen Folgerø. For ny, berekraftig arkitektur.

Stampeveggen (foto over) som BAS-studentane lærer å byggja, står i ein annan kamp: om det gode inneklimaet på ny, for ein ny arkitektur, med kortreist økologisk byggmateriale, og på ny om ein berekraftig byggteknologi.

 

Harald Røstvik skriv: - "Heia Kina! Kina endrer seg raskt nå, og i riktig retning, i alle fall i energisektoren....", i to kronikkar i Dagens Næringsliv og Bergens Tidende, skriv han korleis  dei realiserer programmet om ny energiforvalting. Røstvik er og arkitekt og lærar på BAS, og er for tida midt i ein serie  på 12 førelesingar om haldbar arkitektur.  Sivilingeniør Gaute Flatheim og sivilarkitekt Bjørn Berge er gjester i denne serien. Flatheim viser til si nye bok som i kjømda. Berge har ein viktig artikkel i Arkitektur N 1/11.

 

SINTEF forsking har fått 300 mill til forsking på ny isolasjon. Dette tyder enormt mykje pengar på ei altfor smal problemstilling. Utbyggingsselskap og Husbanken i Bergen var innkalla til presentasjonen. Også masterstudentar frå BAS fekk møta, med sine lærarar Harald Røstvik, Lars Bylund og meg. Bylund er professor  i lys og energibruk ved BAS. Møtet med SINTEF var ein høveleg kursstart for berekraft-kurset til Røstvik og Bylund i fjor. Mitt delkurs under dette galdt arkitektonisk formsvar på ein lokal kaldluftssituasjon. Bylund er dessutan gjesteprofessor på arkitektavdeling i Lubljana. Eg er tilsvarande gjesteprofessor i Guangzhou i Kina.

 

Våre ulike tilnærmingar gjeld den nye arkitekturen. SINTEF, derimot arbeidar med å laga ”termos” for effektiv nedsetting av varmetap. Den indre motsetnaden i denne problemstillinga vart tydeleg då arkitekt og teknologiprofessor  Anne Grete Hestnes, NTNU, ville korrigera sine ingeniørpartnarar, at arkitekten har ei større rolle enn berre ytre design. I ein av jubileumsførelesingane frå arkitekturfakultetet,  NTNU 100, nemnte professor  Øyvind Aschehoug  prosjektet, som offisiell del i programmet til instituttet for Husbyggingteknikk (tidl. Byggekunst 1), men ikkje som kritisk eller problematisk. For oss arkitektar er det dét. Me lyt vera på vakt. Er dette isolasjonsforsking for ein ”termos” eller energisparande arkitektur?  

 

Medisinsk åtvaring. Overlege Jan Vilhelm Bakke i Arbeidstilsynet, i bt.no,  Varsler om helserisiko med passivhus…Mennesker vs. Energi. - Vi må ikke glemme hvorfor vi bygger hus. Det er fordi menneskene som bor der skal ha det bra, ikke fordi de skal bruke så lite energi som mulig, mener Bakke… Risiko for fuktskader, som igjen øker sannsynligheten for luftveisinfeksjoner, astma og allergier. Veggene i passivhus er så tykke at det blir vanskeligere å ventilere ut fuktighet som kommer inn i isolasjonen. Det kan føre til muggvekst i isolasjonen. Det finnes andre måter å spare energi på enn å bygge tykke vegger. Her ligg ei åtvaringa mot dei nye bygningslovene.

 

Det finst løysingar i lang erfaring med byggeskikken på Vestlandet, om luft og lufting mot væte. I motsetnad til den nye teknisk perfeksjonismen har byggeskikken med fleire dimensjonar andre svar på situasjon og klima. Det gjeld helsa og det gode livet.

 

I år, 2011, er refrenget: - Arkitektur er politikk.

 

På Arkitektdagen 2008, i Bergen, var emnet ”Ren arkitektur – Klimavenlig bygg og byutvikling . Det gode innlegget frå den tyske byen Freiburg, fekk sine motsatsar i ingeniørtiltak for effektive energiløysingar. Mitt kritiske referat i A-nytt vart supplert med eit intervju i Bergens Tidende (BT). Eg sa kvifor eg var kritisk til passivhuset. BT spurte og arkitekt Bjørn Berge. Han slutta seg til kritikken min. Motlegg i avisa til dette kom om att frå 3 med ingeniørløysinga, og at trekk aldri har gjeve god helse.

 

I Arkitektur N (01/11) fører Berge  kritikken vidare, og peikar alvorleg på den nye bygningsloven.  Som overlege Bakke åtvarar han om Mennesker vs. Energi, og automatikk.

Samfunnet treng den kritiske redaktøren. Redaktøren treng den kritiske arkitekten. Dei nye, effektive løysingane fylgjer den gale tradisjonen, den industrielle. Og ingeniøren brukar sine enkle rekneformlar med for få ukjente. Arkitekten må fortelja dei at dei tekniske løysingane berre er for effektivitet og forenkla økonomi, men at arkitektur er for mennesket.

 

Også i Arkitektur N (same nummer) syner Litleskare, Brekke og Brochmann byggeskikk på Vestlandet, alternativet som har vore pensum på BAS frå sin oppstart:  tunet, langhuset og lemstova. Alle kan lesa: - eit hus på Vestlandet kan ikkje vera ein ”termos”. Redaktøren for Arkitektur N har skjøna samanhengen, ho presenterar framsida på 1/11: ”Arkitekturens år – Framtiden ligger bak oss. Hva kan vi gjøre med historien?” Svaret er: - bruka henne, bruka røynslene. Framsidebiletet syner det alternative programmet: - menneskefjes og ei handsag plasserte over sjablongposisjonane til linjalen og rettvinklane; - det same som programmet til BAS: - subjektet før objekt / mennesket før tingen.  Dette er fyrste setninga, før alt anna.

 

HAKKA-kulturen - KINA

Også dei internasjonale kursa, BAS X, har dette programmet.

Difor er det lett å sjå at problemstillinga og verdiane har me felles med Vernacular architekture i Kina. Byggeskikken står parallelt, Hakka-kulturen prallelt med Havråtunet. Difor utveksling. Våre kinesiske kollegar ynskjer å læra meir om vår byggeskikk, og inviterar oss til å sjå deira. Og me studerar Open Form med felles mål. Det gjeld mennesket fyrst; identitet, å forstå, og fyrst deretter å finna konkrete og tekniske løysingar.

 

– Arkitekt,  gå vidare, finn kontinuitet, Open Form realiserar.??

Vinnar av Aga Kahn-prisen. Bru over elva mellom to gamle Hakka-samfunn i lang feide. Ei arkitektonisk løysing i dag. Arkitektur har fleire dimensjonar i seg.
Vinnar av Aga Kahn-prisen. Bru over elva mellom to gamle Hakka-samfunn i lang feide. Ei arkitektonisk løysing i dag. Arkitektur har fleire dimensjonar i seg.

Vinnar av Aga Kahn prisen (foto over)  – brua som knyter saman to gamle Hakka-samfunn, over ei elv, over ein lang feide.

 

Til slutt på studie turen vart me viste eit arkitektonisk svar i ein Hakka-landsby, arkitektur som nytt samband i dag. Det er internasjonalt kjent gjennom tildelinga av Aga Kahn prisen.  Dei to stridande samfunna vart ført saman av eit nytt samfunnsrom. 2 klasserom/bokrom forma ei brei bru over elva som før var ei uoverkomeleg hindring. Landinga var ein scene på kvar sin elvebreidd.  Me les eit konsept med utgangspunkt i felles verdiar. Verdiane er grunnleggjande. Den nye arkitekturen er avgjerande:  ei ny tolking av verdiane, for ei ny tid.

 

ART FIRSTfinna uttrykket, øva metode. I årboka 2010 til arkitektskulen på GAFA (Guangzhou Kunstakademi), vart dette gjort til eit hovudemne. Som gjesteførelesar bad dei meg om å svara, Why Art First? I boka presenterar dei både førelesingane mine, teksten i artikkelform, og øvingane som eg har halde der saman med mine BAS-kollegar i gruppa Open Form 2.  Kunstuttrykk og –metode brukar ein fyrst, når resultatet ikkje er gjeve, og heile oppgåva enno ikkje formulert. Dette er BAS-alternativet.

BAS-alternativet skil seg frå dei andre arkitektskulane med 2 fagområde ved sida av arkitektur og teknologi, DAVverdiar, metodar og handling som i kunsten, og KTF, kompletterande teoretiske fag: kunnskap, tenking og metode, i samtale med folk frå akademiske fag. Arkitektursvaret kan ikkje ta utgangspunktet i teknologien som i dei gamle skulane, men finna grunnlag i eit breiare fagfelt. Kunsten er ein open måte å søkja på. Slik kan ein finna dei dimensjonane som manglar i ”termosen”, og få med dei verdiane arkitektur kan realisera.

 

En forkortet utgave av dette debattinnlegget ble publisert i Arkitektnytt nr 04/2011.