Nyheter

Berre åtte vil bli byarkitekt

Søkjarlista til byarkitekt i Bergen er klar. Geir Brekke i Bergen arkitektforening karakteriserer lista som voldsamt beskjeden. 


Ifølgje Bergen kommune skal den nye byarkitekten «skape begeistring rundt Bergens arkitektur og fortreffeligheter som en regional hovedstad for mennesker og en bærekraftig by». Foto: Tomoyoshi NOGUCHI/Wikimedia Commons

Søkjarlista til byarkitekt

Ståle Haldorsen (39), ikkje oppført yrke, Bergen

Marie Danielsen (25) salskoordinator, Ulsteinvik

Erika Pigni (27), omsetjar, Italia

Josip Plejic (35), ikkje oppført yrke, Askim

Åge Vallestad (54), arkitekt og avdelingsleiar i Bergen kommune, Bergen

Stein Hustveit (56), arkitekt og avdelingsleiar i Bergen kommune, Bergen

Kvinne, unntatt offentligheit

Mann, unntatt offentligheit

 

Kjelde: Bergen kommune

I 2015 blei det klart at Bergen kommune skal tilsetja ein eigen byarkitekt. Nå har tre kvinner og fem menn søkt på stillinga. To av desse, ei kvinne og ein mann, er ikkje offentlege.

 

– Må vera ein arkitekt

– Veldig, veldig skuffande. Det er ei pussig søkjarliste. Det viser at eigentleg ikkje er ein attraktiv jobb.

Det seier leiar i Bergen arkitektforening, Geir Brekke. Han meiner at personen som tar jobben, må vera arkitekt med prosjekteringserfaring og eigne meiningar. Sidan Brekke som prosjekterande arkitekt sjølv har erfaring med tungt byråkrati, meiner han at byarkitekten må leggja forholda til rette for arkitektane for å kunna sikra god, moderne arkitektur i Bergen. Ein byarkitekt må ha vore gjennom slike problemstillingar som andre ikkje forstår er viktige, seier Brekke.

 

Arkitektar må få prosjektera

Møtet mellom arkitektar og byråkratiet byr på vanskeleg språk og administrative avgrensingar, ifølgje Brekke. Det tar fokuset bort frå den gode arkitekturen. 

– Ein bruker talentet sitt på å kjempa mot byråkratiet i staden for det ein er utdanna til, fastheld Brekke, som meiner at ein byarkitekt kan vera det bindeleddet.

– Treng Bergen ein byarkitekt?

– Dersom byarkitekten har meiningars mot og kan seia Bergen kommune midt imot, så treng me det. Vedkommande må kjempa med vegkontoret, med byråkratiet. Me treng ein som kjempar for den moderne arkitekturen i Bergen, og som gjer at frie arkitektar kan jobba som prosjekterande arkitektar utan det store byråkratiet. Dersom byarkitekten er nokon som ikkje torer å komma på kant med ein del folk, er det ikkje noka poeng, seier Brekke.

– Rolla krevjer ein Obama?

– Ja. Me skulle ha hatt ein slagkraftig humanist.

 

Skal skapa begeistring

Ifølgje Bergen kommune skal byarkitekten «skape begeistring rundt Bergens arkitektur og fortreffeligheter som en regional hovedstad for mennesker og en bærekraftig by,» heiter det i stillingsannonsa. Hen skal fremja debatt om arkitektur og byform for å få sett arkitekturfaglege spørsmål på agendaen i den offentlege bydebatten. Tett samarbeid med byens universitetsmiljø blir også ei viktig oppgåve. Byarkitekten skal dessutan vera rådgjevar i arkitektoniske spørsmål til både kommuneadministrasjonen og den politiske leiinga. Hen skal også vera ei uavhengig røyst i arkitektoniske spørsmål, men samstundes vera koordinerande og samordnande internt i kommunen. Byarkitekten skal leia den framtidige byarkitektetaten, som skal bidra til byutvikling med berekraftig samtidsarkitektur og høg kvalitet.

 

Bergen kommune har ikkje svart på Arkitektnytt sine førespurnader.